TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogsvegbygging er lønsamt

Skogsvegbygging er lønsamt

Eit av dei største skogsveganlegga i Hordaland er for tida i sluttfasen. "Utbygginga i Skagemarka reduserar transportkostnaden fra stubbe til bilveg med minst 100 kr pr. kubikkmeter" seier vegplanleggar Tormod Jacobsen

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.04.2013

 

Planleggarane Frotvedt og Jacobsen (i midten) saman med representantar frå Asphaug Maskin. Foto; Helge Kårstad

9 skogeiarar i Fana ved Bergen har satsa stort og bygd ein ca 3 km lang skogsbilveg (Skagemarkatil ein kostnad  kring 3 millionar kroner. Men vinsten er stor; "Skogsbilvegen i Skagemarka reduserar transportkostnaden frå stubbe til bilveg med minst 100 kroner pr. kubikkmeter" seier vegplanleggar Tormod Jacobsen.
Og det står mykje verdfull skog i området. Berre grana utgjer i dag ca 40 000 kubikkmeter
Det er Fana Transportkontor og Asphaug Maskin som utfører vegarbeidet som er detaljplanlagt av Fanagro. Ove Frotvedt i Fanagro seier at samarbeidet med oppdragsgjevar i planfasen har vore svært godt og resultatet i anleggsfasen ser no også ut til å bli svært bra.Det er teke ei rekkje miljøomsyn og spesielt i dette området er det ein god del gammal kulturlandskap. Det er også store turinteresser i området og det er spesielt vikitg å tilpasse ei effektiv skogsvegløysing til kjente miljøverdiar seier Frotvedt. 
Legg elles merke til miljøtilpassa linjeføring av vegtraseen i bildet under.