TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vil doble statstøtta til skogsbilvegar

Vil doble statstøtta til skogsbilvegar

Framstegspartiet vil doble statsstøtta med 50 millionar kroner til skogsbilvegar.Dette går fram av ein artikkel i Dagens Næringsliv lørdag 23 februar.

Denne nyheten ble publisert av: Jon Eivind Vollen Publisert dato: 25.02.2013

Vegplanleggarane Tormod Jacobsen (tv), Ove Frotvedt, Atle Almeland og vegentreprenør Vestafjell gjer klar til Framstegspartiet sitt skogsvegbesøk i Hordaland no i mars.

Landbrukspolitisk talsmann Torgeir Trældal i Framstegspartiet ser ingen problem med å gi statsstøtte til skogsbilveger og bekreftar til Dagens Næringsliv lørdag 23 februar at han vegne av partiet vil føreslå ei dobling av årlege tilskot med 50 millioner kroner allereie i forbindelse med revidert statsbudsjett 2013. "Ellers rotner skogen på rot, det er ingen tjent med" seier Trældal.
I reportasjen blir det vist til den store skogplantinga etter krigen for å "bygge landet" og at det er svært mykje hogstmoden skog i kystfylka i dag. Det blir vist til at Vestlandet og Hordaland langt frå er sjølvforsynt med trevirke til bygningsmaterialer og dette er partiet oppteken av.

Frå skognæringa i Hordaland får vi i dag melding om at partiet sin frontfigur i Hordaland, Gjermund Hagesæter raskt vil invitere leiinga i Framstegspartiet til eit møte i Bergen for å bli nærmare orientert om det store behovet for skogsbilvegar.
Les meir i DN artikkelen her;