TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Næringskomiteen i Bergen kommune på skogsbesøk i dag

Næringskomiteen i Bergen kommune på skogsbesøk i dag

I regi av skogeigarar i Bergen kommune og vegplanfirmaet Fanagro var Næringskomiteen i Hordaland invitert til Bontveitdalen og Hordnesskogen i Fana i dag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.10.2012

 

Næringskomiteen i Bergen under leiing av varaordførar Tor Woldseth besøkte Hordnesskogen i Fana i dag. Her ved treningspaviljonger i friluft, - like ved skogsbilvegen. 

Skogeigar Paul Særvold tok mot Næringskomiteen garden sin i Bontveitdalen og fortalde om den store betydninga skogbruket etter kvart har fått i denne delen av Bergen kommune.
Men flaskehalsen idag er vegnettet, - både skogsvegar og offentlege vegar.Det vart også fokusert dei store mulegheitene overskotsmassar frå pågåande veg- og anleggsarbeid i Bergen kan dersom alle samarbeider. Men det motsette skjer diverre dagleg, - verdfulle overskotsmasser (både jord og knust masse) blir dumpa både i sjø og land. Næringskomiteen synte stor interesse for dette og såg mulegheitene i å nytte slike masser m.a. i samband med skogsvegbygging
Planleggarane Ove Frotvedt og Tormod Jakobsen informerte om gode veg-samarbeidsprosjekt i kommunen og fekk mykje ros fra komiteen for dette arbeidet. Leiar i komietten og varaordførar i Bergen Tor Woldseth sa det slik ; ..... "dette er viktig informasjon og skogbruket i kommunen er noko vi engasjere oss meir i".
Siste post programmet var besøk i Hordnesskogen like ved Stend jordbruksskoleSkogsvegane (planlagt av Tormod Jakobsen) er i dag eit av dei mest besøkte turområda i Bergen kommune. Tore Hordnes fra Næringskomiteen orinterte om dette gode samarbeidet og framheva etableringa av treningspaviljonger i friluft (sjå bilde over) som er flittig brukt av turgåarar i Hordnesskogen...
sjå og http://www.fanaposten.no/leserbidrag/article1287006.ece 
Kystskogbruket v/ Helge Kårstad orienterte til slutt om den store satsinga på infrastruktur i kystfylka i desse dagar. Han drog linjene tilbake til 1864 da samfunnsentusiastar i Bergen med skipsekspeditør Hans Dekker i spissen sparte opp 4 shilling kvar til "et eller annet veldedigt formål" . Valget falt på å "bekle Bergens fjelde med skog". Dette var forløparen til Bergenske skog- og Treplantingselskap og seinare  Det norske skogselskap og ikkje minst dei politisk forankra skogreisingsplanane etter krigen. I dag og framover kan skogane i kommunen langt på veg skaffe nok trevire til kring 1000 nye boligar i byen kvart år (i 2011 vart det bygd ca 1200 nye boligar i Bergen). Men det MÅ byggjast meir skogsvegar.

Bergen kommune har ein viktig skogarv å bere vidare og næringskomiteen har utan tvil det rette fokuset !