TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Med orkan i kasta

Med orkan i kasta

«Med orkan i kastene vil Nina velte 12 meter høye bølger inn mot land. I innlandet kan orkankastene skape livsfare» melde vervarslinga på Vestlandet på ettermiddagen 10. januar 2015. Same kveld bles 120 dekar granskog ned hos Eva Marie og Nils Gunnar Toppe i Åsane like utanfor Bergen. «Vi er glade vi hadde forsikra skogen» seier Toppe.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 15.05.2016

Øverst: Eva Marie og Nils Gunnar Toppe fekk verkeleg oppleve orkanen Nina lørdag 10. januar 2015. Drivhusa ved Toppe Gartneri tolte vindkasta men det gjorde ikkje skogen.
Nederst: Granskogen i heile lisida over garden låg flat, og det var eit frykteleg syn seier Toppe. Til venstre i bildet ser du noko av drivhusa på Toppe.
Alle foto: Helge Kårstad

Garden på Toppe
Vi besøkjer familien Toppe ein av dei varme maidagane forrige veke. I lia under den store hogstflata etter oppryddinga frå orkanen Nina møter vi Eva Marie og Nils Gunnar Toppe. Denne dagen er dei i full gang med å ta seg av vårsjuke bergensarar som skal kjøpe blomser på gartneriet som dei driv. Toppe er ein relativt stor gard på ca. 1000 dekar skog og 80 dekar innmark. I fleire generasjonar har mjølkeproduksjonen vore heilt sentral. Det er fortsatt mjølkeprodksjon på garden, men tillegg driv familien eit rimeleg stort føretak innan produksjon og sal av blomster, dette under namnet Toppe Gartneri.

Det starta med mjølk og blomster
«Det har og si historie» fortel Nils Gunnar og fortset: «Ja på desse gardane like utanfor Bergen var det i tidlegare tider heilt vanleg å levere ulike jordbruksvarer til bergensarane i byen. På bestefar si tid og allereie før krigen leverte familien dagleg mjølk til folk i bydelen Skansen like under Fløyen i Bergen. Ein dag i 30-åra tok dei med seg noko blomster frå garden. Dette utvikla seg, salet auka og etter kvart vart denne handelen knytta til Torget midt i sentrum av Bergen. Far min Erik bygde så drivhus kring 1960 for å ta unna for auka etterspørsel etter blomster i Bergen».
Og nettopp dette med blomster har Eva Marie og Nils Gunnar utvikla vidare. I dag er Toppe Gartneri eit av dei største i Bergensregionen.

Det var eit frykteleg syn
«Bestefar min var også svært interessert i skogplanting og planta gran allereie kring 1930» seier Nils Gunnar. Også faren Erik Toppe arva interessa for skog. Nils Gunnar huska at faren ofte snakka om at det var områder på garden som ikkje var tilplanta med gran. Slikt gjekk jo ikkje, og så vart det sett nye planter i jorda. Og den store interessa gav resultat. Dei snaue heiane ovenfor garden på Toppe vart etterkvart til 500 dekar granskog. Siste åra er også noko blitt hogge med gode resultat.
Men så kom orkanen Nina. Vervarslinga på Vestlandet melde allereie døgnet før om at det ville bli sterk vind med orkan i kasta og at livsfarlege tilstandar kunne oppstå.
Nils Gunnar fortel at dei stadig var ute og sjekka drivhusa denne vindfulle ettermiddagen og kvelden 10. januar 2015 når det held på som verst. Det bles jamt, men det viste seg heldigvis at drivhusa tolte dei sterke vindkasta. Så dei gjekk og la seg denne kvelden den 11 . januar med visse om at orkanen Nina ikkje hadde gjort skader på garden. Men då dei kom ut frå fjøset i lysninga morgonen etter såg dei skogen låg flat i lisida over garden. «Det var eit frykteleg syn» seier Toppe

Øverst: Bratt og ulendt terreng gjorde at det meste måtte fraktast ut med taubane. Men noko kunne også drivast fram med hogstmaskin og lastberar. Til høgre i bildet ligg garden Toppe og Toppe Gartneri.
Nederst: Frå Taubanesamlinga 29. og 30. april. Instruktør og taubaneekspert Viljo Finnøen i samtale med taubaneentreprenør Mats Stalheim frå Voss. Bak skogeigar Atle Hordvik og hogstentreprenør Lasse Helleren.
Alle foto: Helge Kårstad

Takkar svigerforeldra
«I dag er er vi glade for at vi hadde forsikra skogen» legg Toppe til. Og takkar svigerforeldra for akkurat det. For kona Eva Marie er frå ein skoggard i Buskerud, og det var foreldra hennar som fekk overbevist Nils Gunnar om at dei burde forsikre skogen. «Men det var brann vi tenkte på» seier Nils Gunner, og ser bort på alle boligane i bydelen Toppe som ligg like ved garden.

Null kommunikasjon i starten
Men familien Toppe hadde lite erfaring med skogsdrift og heller ikkje naturskader som dette. Toppe fortel at dei tidlegare hadde planlagt vegbygging i skogen, men dette var ikkje starta opp. Kva ende skulle dei starte i denne søndags morgonen den 11. januar, - oppi skogen låg alt flatt og det var umuleg å ta seg fram.
Nils Gunnar tok kontakt med skogeigarlaget men lite skjedde etter kvart som dagane gjekk. Utan å kritisere nokon i dag, vil Toppe likevel seie at det var null kommunikasjon desse første vekene etter mange telefonar hit og dit, ja heller ikkje landbrukskontoret kunne hjelpe. Men etter eit halv år løyste det heile seg; både vegplanleggarane, anleggsarbeidarane og hogstentreprenørane kom på plass. «Deretter har det igrunn gått svært godt, trass alt», - seier Toppe og viser til at pr. idag har taubaneentreprenør Mats Stalheim hogge kring 7000 kubikkmeter tømmer, det meste nedblåse og knekt virke. Det har også vore nødvendig av reint arronderingsmessige årsaker å hogge noko meir og deler av skogen er også noko ung enno slår Toppe fast. Og han understrekar at utan taubanen hadde dette virket aldri blitt drive fram. Dette på grunn av bratt og kupert terreng kopla til orkanskadd skog som ligg i «vaser» og er stort sett umuleg å løyse anna enn ovanfrå/ med taubane.

Gran og bøk,
«Kva skal eg gjere på den til dels store snauflata» spør Toppe ? Og legg til at han har fått bygd 1,5 km skogsbilveg inn i området og såleis er det eit betre grunnlag for å drifte eigedomen i framtida. Men vi registrerar også relativt store areal med berg i dagen etter at orkanen har rive opp røter på heller grunnlendt mark.
Kanskje bør familien Toppe plante gran på gode bonitetar med djup jord og la lauvskogen kome opp i områder med mykje berg i dagen. Kanskje bør dei plante bøk i nærområde til garden og gjerne ikkje for lang avstand frå vegen. Uansett vil dette måtte vente til neste år. Det vil også utvilsomt vere eit behov for å tilretteleggje turstiar kople til skogsvegane i dette bynære området like utanfor Bergen by.
Ja vi anar ei optimisme og tru på framtida også på skogen sine vegne hos familien Toppe. Eldsjeler og bønder med røter i tidlegare generasjonar si tru på framtida blir ikkje slått ut av ein orkan.

Øverst: Frå Taubanesamlinga 29. og 30. april. Stortingsrepresentant Torill Eidsheim framheva taubanen som det beste hjelpemiddelet for å rydde opp i orkanskog.
Nederst: Hittil er det hogge ca. 7000 kubikkmeter tømmer i den orkanskadde lia på Toppe.
Alle foto: Helge Kårstad