TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Taubane viktig av fleire grunnar

Taubane viktig av fleire grunnar

Taubanesamling og årsmøte i Norsk Taubanelag samla forrige veke mykje folk i Lindås ved Bergen. Stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) er sjølv frå Lindås og fekk høyre kvifor taubaner er viktig i bratt terreng. Eidsheim kvitterte med å framheve skognæringa som ei komplett og klimavenleg verdikjede frå stubbe til skogindustri.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.05.2016

Deltakarar på Taubanesamlinga 2016. Bak f.v. Atle Hordvik, John Ernstsen, Roy Netland, Even Øyri, Torbjørn Frivik, Bruce Talbot, John Helge Vårdal, Mats Stalheim, Nils Gunnar Toppe, Einar Østhassel og Sverre Husby. Framme f.v. Tormod Jacobsen, Nils Olaf Kyllo, Per Bø, Halvor Brosvik, Vidar Rørvik og Torill Eidsheim.
Foto: Helge Kårstad

I vårsol og blenkjande bakkar vart det arrrangert Taubanesamling og Årsmøte i Norsk Taubanelag i Lindås rett nord for Bergen i slutten av forrige veke.
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik kunne ynskje kring 25 taubaneinteresserte velkomne til Vestlandet. Spesielt velkommen til stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) som skulle opne samlinga.
I denne reportasjen vil vi fokusere på kva som har skjedd nasjonalt og spesielt i Hordaland kring skogsdrifter med taubaner siste åra og litt om sjølve årsmøtet. I ein seinare reportasje vil vi fokusere på erfaringane til skogeigar Nils Gunnar Toppe i Bergen som har nytta taubane i orkanskadd skog, om vegplanlegging, hogst og skogforsking i bratt terreng. Nils Olav Kyllo held også ei svært interessant orientering om den historiske utviklinga av taubanesektoren i Norge. Denne kjem vi også tilbake til.

Med røter i skognæringa og tru på ein «komlett» verdikjede
Stortingspolitikar Torill Eidsheim (H) stod for opninga av samlinga og hennar entusiasme for skognæringa sette deltakarane stor pris på. Eidsheim er sjølv frå Lindås og kunne fortelje om barking og kvaelukt frå ei tid då bestefar hennar dreiv sagbruk på Eikanger i Lindås. I dag sit Torill Eidsheim i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og er følgjeleg svær sentral for å betre rammevilkåra når det gjeld infrastrukturen i skogbruket. Eidsheim kom i sitt innlegg inn på at regjeringa hadde satsa tungt på utbygging av skogsvegar, tømmerkaiar, tilrettelegging for modulvogntog og ikkje minst for generelt å betre vilkåra for tømmertransport på offentlege vegar. Og ho la ikkje skjul på at både kommune- og fylkesvegane enno hadde store flaskehalsar for tømmertransporten. Men ho oppmoda skognæringa til å få vurdert ei oppskriving av viktige vegar i veglista og samtidig kome med framlegg om kva vegar som først burde utbyggjast. Ny teknologi innan overvvaking og varsling er også verkemiddel som i større gran bør vurderast brukt på dei offentlege vegane i framtida sa Eidsheim.
Og i høve skogsdrift med taubaner understreka ho at driftsmåten er viktig i samband med vindfall og følgjeleg er sentral i beredskapssamanheng. Og no ville ho gjerne møte denne delen av skognæringa for å bli betre kjend med taubanemiljøet.
Til slutt understreka Eidsheim at skog er viktig for klima og at skog- og trenæringa på sett og vis har ein komplett verdikjede i Norge frå stubbe til skogindustri. Dette gir næringa ein nøkkelrolle for å skape framtidige arbeidsplassar sa Eidsheim.

 
Stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) fekk klar tale frå dei største taubane entreprenørane i Norge. F.v Torbjørn Frivik frå Sogn og Fjordane, Mats Stalheim frå Voss i Hordaland og ytterst til høgre Vidar Rørvik frå Rogaland: "Vi treng påreknelege rammevilkår framover" sa dei mellom anna.
Foto: Helge Kårstad

Eit taubanetilskot er viktig av fleire grunnar
Jørn Lileng frå Landbruksdirektoratet gav ei glimrande oversikt over utviklinga i taubanesektoren i norsk skogbruk siste 5 åra. Men først presiserte han kvifor vi har eit taubanetilskot:

  • Skogsdrift med taubaner er skånsom for naturen.
  • Det er ei god og reelt sett einaste driftsform i bratt skogsterreng.
  • Skogreisinga vart utført på relativt mykje bratt terreng som i dag og framover skal haustast.
  • Taubanemiljøet er lite, marginalt og svært sårbart for skifte i rammevilkår.
  • Taubanedrift er ofte einaste driftsform ved orkanskadd skog og er såleis viktig i beredskapssamanheng.

Utbygging av meir skogsvegar, standplassar og snuplassar vil redusere bruken av driftstilskotet i framtida. Men etterslepet kring ein effektiv infrastruktur gjer at tilskotet er svært nødvendig i dag.
Frå og med 2015 er reglane for bruk av tilskot i bratt terrreng noko endra. Landbruksdirektoratet gav då melding om at dette tilskotet primært skulle gå til skogsdrift i bratt terreng ved hjelp av taubaner. Tilskot til vekslande driftssystem, lang transport og gravedrifter i bratt terreng skulle nedprioriterast.

Taubaner viktig ved opprydding etter orkanar
Dei siste åra har relativt mykje av taubanedriftene vore opprydding etter orkanar og driftsprisane har vore relativt høge. Dette fekk stortingsrepresentant Torill Eidsheim til å føreslå ein delt statistikk der skogdrift i samband med opprydding av orkanskadd skog blir skilt ut frå ordinær skogsdrift. Dette vil gi meir korrekt informasjon og samtidig vise kor viktig taubaner er i samband med beredskap ved naturkatastrofer sa Eidsheim.
Det kom mange innspel og kommentarar under innlegget til Lileng. Vi tek med noko av dette.
Årleg hogst og framdrift med taubaner har lege mellom 50 og 100 000 kubikkmeter siste åra. Dette er likevel relativt lite. På 80- og 90 talet vart det årleg hogge og drive fram inntil ein halv million kubikkmeter tømmer ved hjelp av taubaner. Med tanke på at ca. 40 % av skogterrenget på Vestlandet er bratt (helling over 50%) er det å vente at årleg hogstkvantum og framdrift med taubaner bør jamleg aukast. Men graden av tilskot kan justerast nedover i takt med utbygging av ein tenleg infrastruktur i dette bratte terrenget. Lileng kommenterte tilslutt at gjennomsnittleg tilskot sats ved bruk av taubaner har vore 128 kr/ kubikkmeter siste åra. Men dette gjeld i stor grad opprydding etter orkanane Dagmar og Nina.

 
Vegplanleggjar Tormod Jacobsen orienterar om utbygging av infrastruktur i orkanskadde områder, her under befaringa til Toppe i Bergen.
Foto: Helge Kårstad

Ein nasjonal pott
Rune Mikkelsen frå Fylkesmannen i Hordaland orienterte om rutinar og erfaringar kring bruk av taubanetilskot i Hordaland. Fylket fekk besøk av orkanen Nina i 2015 og dette har resultert i eit relativt stort behov for driftsstøtte, - ja opptil ca. 1 million kriner i 2015 og talet for 2016 vil venteleg bli høgare.
Tilskotssatsar ved ordinær hogst er i dag sett til 80 kroner pr. kubikkmeter. Det er og eit krav at skogen er 60 år eller eldre. Mikkelsen etterlyste eit likt tilskotsregime i alle fylka, meir påreknelege tildelingar av tilskot og satsar pr. år og helst ein nasjonal pott som blir styrt frå Landbruksdirektoratet. Under debatten i etterkant kan vi vel seie at framlegget om ein nasjonal pott styrt frå Landbruksdirektoratet fekk full tilslutning. Det vart også vist til at slik hadde det vore tidlegare og med gode resultat. Grunnane til dette er mange. Hovudgrunnen er at det er relativt få taubaneentreprenørar i Norge i dag. Desse fartar over fleire fylker og ein nasjonal pott ville hindre unødig flytting av taubaneutstyret pga. pengemangel i eit fylke.

Årsmøtet
Årsmøtet godkjende årsmelding og rekneskap. Torbjørn Frivik held fram som leiar i Norsk Taubanelag. Nyvald i styret er Vidar Rørvik og Nils Olav Kyllo (kasserar). Helge Kårstd held fram som sekretær.
Viktige arbeidsoppgåver framover vil vere fokus på opplæring av mannskap og innarbeiding av faste årlege møter/ samlingar der ein inkluderar vegplanleggarane i bratt terreng.

Orkanane Dagmar og Nina sette store spor etter seg på Vestlandet, her frå Toppe i Bergen. Bruk av taubane er einaste driftsform som kan nyttast for å rydde opp i dette bratte terrenget.
Foto: Helge Kårstad