TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Profesjonell skogsvegplanlegging er viktig

Profesjonell skogsvegplanlegging er viktig

Planlegging av skogsvegar i orkanfelt skog stiller store krav til både personell og utstyr. Hos Sjur Huke og naboen Jan Ole Liljedal i Leikanger i Sogn bles det ned 4-5000 kubikkmeter og dei takkar kommunen, stat og ikkje minst proffe vegplanleggarar for jobben så langt.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.06.2012

F.v. vegplanlegger Ove Frotvedt i Fanagro, maskinentreprenør Arne Pettersen og skogeigar Sjur Huke i Leikanger. Foto; Atle Almeland

Dagmar la flatt minst 100 dekar skog hos Sjur Huke og naboen i LeikangerEnno er det for tidleg å fastlå endeleg kvantum men det dreiar seg sannsynlegvis om minst 4-5000 kubikkmmeter, -hovudssakleg gran. Grunneigarane vil gjerne takke staten ved Landbruks - og matdepartementet for at det vart stilt opp med ekstra vegløyvingar, - elles hadde virket aldri bli teke utRask reaksjon frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og engasjering av dei profesjonelle vegplanleggarane Oddbjørn HellandTormod Jacobsen i Vestskog saman med det private firma Fanagro fra Hordaland har gjort at arbeidet med vegbygging raskt kunne kome igang.
I dag pågår både vegbygging og hogst (i regi av Nortømmer) og Sjur Huke sier at god planlegging både av veg og hogst er nøkkelen til eit positivt resultat i vindfelt skog. Han vil også gi ros til Leikanger kommune som kort varsel har fjerna ein stygg flaskehals ved å ruste opp kommunevegen slik at tømmer kan køyrast ut med bil og hengar og dermed reduserere driftskostnadane. Han nemner også at hovudplanarbeidet for skogsvgar har vore viktig for å få sett arbeidet raskt igang. 
Skogbruksjef Asle Lyslo i Stryn har også erfaring fra orkanen i 1992 og seier at det har vore tøffe dagar  siste halve året. Mangel på fagfolk pregar skogbruket  i alle ledd og utfordringane står kø men med pågangsmot og optimisme let det meste seg løyse. Han viser også til at anslaga over nedblåst virke i starten var mykje for låge. Lyslo kan dokumentere at det enno manglar betydeleg med skogsvegar i Nordfjord for å kunne få fram resten av det nedblåste virket. Signal om ekstra løyvingar til taubanedrifter i revidert statsbudsjett er gledeleg. Dersom det i det vidare blir stilt til rådvelde investeringsmidlar til skogsvegar vil arbeidet  pågå til langt ut i 2013.  Lyslo meiner at oppryddinga er særleg viktig for omdøme til skogbruket. 
Landbruksdirektør Christian Rekkedal i Sogn og Fjordane seier at det er gledeleg at arbeidet no har teke seg opp. Det er ein  god dialog mellom skogbruk og miljø i fylket og at fylkesmannen prøver saman med kommune og grunneigar å finne gode felles løysingar undervegs.