Ei trebedrift i medvind
Vestlandske Limtre Industri AS i Fusa i Hordaland produserar limtre, beslag, takstolar og takverk. Bedrifta som starta i 1975 er idag ein av tre største limtrefabrikkane i Norge og har kunder langs store delar av norskekysten.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.05.2012
Fv. driftsingeniør Jan Laupsa, dagleg leiar Gunnar Utskot, Åge Bremer fra Innovasjon Norge og Tor Loftur Jonsson fra Fylkesmannen i Hordland. Foto; Helge Kårstad |
I Fusa kommune i Hordaland ligg Vestandske Limtre Industri AS, ein av dei tre største limtrefabrikkane i Norge. Dei to andre er Moleven Limtre AS og Sørlaminering AS i Marnardal i Vest Agder. Treforbruket ved fabrikken i Fusa er idag kring 10 000 kubikkmeter trelast av gran.
Fabrikken i Fusa har sidan starten i 1975 vore ein av dei største bedriftene i kommunen og er for tida inne i ei god utvikling. Marknaden er idag heile Vestlandet og i dei tre nordlegaste fylka. Dagleg leiar Gunnar Utskot har merka den store utbygginga i Bergensregionen og at det er stor og aukande interesse for bruk av tre. Men det er likevel stor konkurranse i materialvalg. Utskot nemner Myrkdalen Hotell på Voss der firmaet er tildelt prosjektering og byggging av alle takkonstruksjonar i limtre, - ei arkitektonisk og produksjonsmessig svært spennande utfordring.
Saman med representantar frå Innovasjon Norge, Fylkemannen i Hordaland og Kystskogbruket var det i går ei kort orientering i bedrifta for å diskutere felles oppgåver i framtida. Bedrifta har konkrete idear kring utvikling av innovative løysingar i bygingskonstruksjonar og ser fram til eit samarbeid mot myndigheiter, arkitektar og planleggarar.
Med bakgrunn i Klimameldinga om bruk av meir tre i norske hus ser vi fram til ei vidare positiv utvikling for norske limtrefabrikkar og i dette tilfelle Vestlandske Limtre Industri AS.
Les meir her; http://www.vestlandskelimtre.no/