TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sitkagran på Norge NÅ

Sitkagran på Norge NÅ

NRK Norge Nå presenterte sitkagrana under sendinga si 9. januar. Vi får sjå bygdafolk og andre som fjernar ungskog av sitkagran for deretter å brenne den på bålet. Kystskogbruket var representert under sendnga og informerte om dei unikt gode eigenskapane til sitkagrana.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.01.2019

Kystskogbruket var representert ved Helge Kårstad (innfelt) i programmet Norge NÅ 9. januar.
Skia og årane av sitkagrana som vart vist fram under sendinga, er laga av Endre Hals frå Oppdal (skia) og Jacob Helset frå Bjørkedalen i Volda (årane).
Sitkagrana til desse to kvalitetsprodukta har vakse under Fløyen ved Bergen, og var litt over 100 år gammal ved hogst. Tømmeret er skore hos Pål Solberg frå Osterøy i Hordaland.

Sitkagran på Norge Nå
Norge Nå besøkte Refviksanden, Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane 9. januar 2019.
Programmet handlar om dugnad for å rydde sitkagran i kulturlandskapet, om sitka som eit produksjonstre i norsk skogbruk og til slutt ein debatt der Ander Helle (Norsk botanisk forening), Helge Kårstad (Kystskogbruket) og Heidi Iren Saure (NLA Høgskolen i Bergen) deltok.

Kvifor bruke så sterke ord?
I programmet blir det brukt ord som pøbelgran, folkefiende, pest og bylle om sitkagrana. Underteikna har fått mange reaksjonar frå folk i og utanfor skog- og trenæringa. Fleire mislikar sterkt denne form for ordbruk.
Knut Olav Åmås, direktør i Stiftelsen Fritt Ord skriv i Aftenposten følgjande om språk og bruk av ord: - «Språk er ikkje bare kommunikasjon. Språken ditt sier veldig mye om hvem du er og hvilken verden som er virkelig for akkurat deg».
Så kvifor bruke så sterke og følsame ord om eit tre?. Ord som for mange betyr mykje vondt, -  men av heilt andre grunnar.

Her kan du sjå programmet som vart sett av over ein halv million sjåarar:
https://tv.nrk.no/serie/norge-naa/201901/ENRK10010919/avspiller