TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ynskjer sterkare satsing på verdikjeda i skognæringa

Ynskjer sterkare satsing på verdikjeda i skognæringa

"Det aukande fokus på klima og miljø i byggeindustrien og nye trendar innan trearkitekturen, vil gjere det lønsakt å satse på kompetanse i heile verdikjeda i skognæringa" Dette seier m.a.Kolbjørn Nesje Nybø, professor ved arkitekthøgskulen i Oslo.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 21.04.2012

Waldegruppen på Frekhaug byggjer moderne trehus av gran frå Veslandet, her eit planlagt maritimt boligprosjekt ved Skjærgårdsholmen, Håkonshella i Bergen. Foto; Waldegruppen

Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har i sitt arbeid med regional planstrategi etterspurd område med utviklingspotensiale.
Arkitektar og representantar frå fylkeskommunen og skogbruket har difor nyleg laga notatet; «Frå skog til produkt i Sogn og Fjordane» som no vil bli lagt fram for politikarane.
Med verdikjeda er her meint infrastruktur, bruk av skogen og produkt av tre. Særleg vil bruk av massivtre i bygg og konstruksjonar vere ei satsing på ei miljø- og klimavenleg næring med stort utviklingspotensiale.  

Forfattarane bak notatet har konkludert som følgjer;
"Det aukande fokus på klima og miljø i byggeindustrien og nye trendar innan trearkitekturen, vil gjere det lønsakt å satse på kompetanse i heile verdikjeda; Infrastruktur, bruk av skogen og produkt av tre" 
Fagkoordinator Trond Sundby ved plan-og samfunnsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har leia arbeidet.
Kva vil så fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane seie ?

Les heile notatet her;  
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/($All)/F96E5B9F09C0BE21C12579E6002D47CA?OpenDocument