TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Noregs mest lønsame treslag

Noregs mest lønsame treslag

Sitkagran (Picea sitchensis)er sannsynlegvis Noregs mest lønsame treslag for skogeigar. Også fordi dette treet blir høgst, størst og kan leve lengst. Følg med på www.kystskogbruket.no denne veka, så får du heile svaret.

Denne nyheten ble publisert av: Rasmus Andreas Stokkeland Publisert dato: 02.12.2018

Det er ikkje utan grunn at Jens Manger og Kristine Jacobsen i Nortømmer har synleggjort "I love sitka" på hekken til arbeidsbilen.
Alle foto: Helge Kårstad

Eventyrlege resultat etter 87 år
Sitkagran (picea sitchensis) er sannsynlegvis Noregs mest lønsame treslag for skogeigar. Mest fordi treslaget blir høgast, størst i volum og lever lengst også i Norge. Med dagens prisar på sitkagran kan dette bli eventyrlege resultat for skogeigar berre etter 87 år.

Følg med på nettsida www.kystskogbruket.no denne veka. Du kan då lese meir om dette.
Vi vil då dokumentere eit økonomisk resultat for eit 87 år gammalt bestand av sitkagran (prov. Petersburg).
Vi vil også prøve fortelje at sitkagran som produksjonstre i områder med god, djup jord idag foryngar seg i bestand og ikkje noko meir.
Vi vil og fortelje meir om leplantingar o.l. i dei ytre kystområda som vart etablert for å sikre folk mat til husdyra. Det er diverre dette saman med ein del misforståtte øyplantingar som har vore "mat" for den store misnøya med dette unikt gode treslaget.

87 år gammal Picea sitchensis (sitkagran, prov. Peterburg) frå NIBIO forsøksfelt V0368, Fana ved Bergen.
Volum= ca.150 m3 pr. da idag, middelhøgd=39 m og diameter 50 grøvste tre=42,9 cm (dei 2 siste tala målt i 2014).