TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Dårlege kommunevegar presentert for Hoksrud

Dårlege kommunevegar presentert for Hoksrud

Etter kaiopninga i Mandal 18. oktober vart landbruks- og matminister Bård Hoksrud informert om arbeidet som no er sett i gang i Kystskogbruket for å fjerne flaskehalsar på kommunevegane. Allskog, SB Skog, Vestskog og Nortømmer støttar arbeidet. Bakgrunnen er at inntil 75% av kommunevegane i kystskogfylka har flaskehalsar for tømmertransport.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.10.2018

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud vart informert om arbeidet som no er starta opp i Kystskogbruket for å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegane.
F.v. Torbjørn Frivik, Bård Hoksrud og Helge Kårstad.
Foto: Heidi Eriksen Riise

Ikkje tillate for vogntog
Det kommunale vegnettet i store deler av landet har flaskehalser for tømmertransport, men kystskogfylka har den klart største andelen av dei dårlegaste vegane. I region vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) er pr. i dag 75% av dei kommunale vegane ikke tillate for vogntog, dvs. berre godkjent for lengde 15,5 eller 12,4 meter (enkel bil). Nokon av vegane kan administrativt skrivast opp, men i mange tilfeller må flaskehalsar fjernast og dette koster penger.

Kipping av tømmer ved Erdal i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Vegen er kommunal (BK10, 12,4 m) og flaskehalsen er i hovudsak denne krappe svingen med svingradius under 10 meter. Ei investering kring 2 millionar kroner vil oppgradere heile kommunevegen til å kunne køyre med vogntog (19,5 meter).
Alle foto utanom første: Helge Kårstad

Store kostnader for skognæringa og miljøet
Flaskehalsar for tømmertransport fører til store kostnader for skogeigar (kippekostnader), for tømmertransportør og for skogindustrien. I tillegg fører flaskehalsane til større trafikkbelastning fordi ein ikkje får køyre fulle lass og følgjeleg blir det fleire turar med tømmerbilen. Det er heller ikkje bra for miljøet. Hogsten etter skogreisinga er sterkt aukande, og det haster med å få fjerna flaskehalsene.
Myndigheitene sine intensiverte kontrollar kan ilegge svært store bøter dersom ein tømmerbilsjåfør lesser bilen for mykje jamført med kva som står i veglista.

Tronge kommunebudsjett
Når det gjeld offentlege vegar har skognæringa i Norge hittil hatt fokus på fylkes- og riksvegar.
Svært mykje er skrive opp administrativt og noko er skrive opp etter fysiske utbetringar. Men tømmer frå skog til industri møter ofte først kommunevegen, deretter fylkes- og riksveg.
Veglister for kommunevegane i kystskogfylka syner at svært lite er gjort av utbetringar siste 20 åra. Noko av grunnen til dette er at lite kan skrivast opp utan å føreta fysiske utbetringar. Utbetringar på kommunale vegar kostar sjølvsagt pengar og dette må 100% finansierast over kommunebudsjetta. Det er ingen andre kjente kjelder til finansiering i dag. Difor stoppar prosessane for oppskriving av kommunale vegar som oftast opp.

Ein analyse er starta opp
Kystskogbruket har no sett i gang ein analyse for å prioritere dei viktigaste kommunale vegane for tømmertransport som treng oppskriving. NIBIO ved Dag Fjeld er engasjert til å gjennomføre analysen.
Sentralt i analysen vil vere å rekne ut transportgevinstar ved å ruste opp kommunevegen. Det vil seie ein transportkostnadsgevinst som kroner pr. kubikk ved oppskriving multiplisert med framtidig hogstkvantum som vil gå over vegen. Transportgevinsten må så vurderast opp mot kostnad for å fjerne flaskehalsen. Det seier seg sjølv at det må vere eit samsvar mellom transportgevinst og kostnad for opprusting dersom tiltak kan iverksetjast.
Arbeidet med analysen vil bli starta opp i Sogn og Fjordane og resultat frå dette første fylket er venta tidleg på nyåret 2019. Deretter vil arbeidet starte opp i andre fylker. Allskog, Vestskog, SB-Skog, Nortømmer og Norskog er medspelarar i prosjektet, og vil saman med fylkeskommunane og fylkesmennene vere viktige bidragsytarar framover.

Tømmertransportør Tor Ove Nesheim (t.h) i Hardanger Skog fortel leiar i Vestland FrP Gustav Bahus om dårlege kommunevegar som fører til at han ofte må køyre reduserte lass som tømmerbilen i bakgrunnen syner. Sjølv transporterar han årleg kring 25 000 kubikkmeter tømmer i Nordhordland, og ser fram til at flaskehalsane ein gong blir fjerna. - "Dei møter oss kvar dag" - seier Tor Ove.

Ei spleising over LMD sitt budsjett
Kystskogbruket har også peika på ei mogeleg statleg deltaking for å fjerne flaskehalsar på kommunale vegar.
Dei siste åra er det under kapittel 1149, post 71 over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett (Verdiskapingstiltak i skogbruket) løyvd penger til tømmerkaiar og skogsvegar. Kystskogbruket ynskjer at det under samme kapittel blir opna for at det i tillegg til skogsvegar og tømmerkaiar også kan ytast tilskot til fjerning av flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale vegar som opnar for store tømmermengder og der ei utbetring vil gi store transportgevinstar. Tilskotet bør utgjere ein del av ei spleising med ein tilskotssats på ca. 30% av totalkostnaden. På same vis som for kommunale tømmerkaier kan Landbruksdirektoratet stå for løyving og mottakar av søknader. Etter kvart som utbygginga av tømmerkaiane blir ferdig, bør tilskotspotten til flaskehalsar på kommunale vegar aukast tilsvarande. Vi vil tru at eit godt tiltak som dette over tid vil styrkje dei årlege løyvingane over dette kapitlet i statsbudsjettet, der også løyvingar til skogsvegar ligg.

Landbruksministeren informert
Etter opninga av den nye tømmerkaien i Mandal forrige veke, vart landbruks- og matminister Bård Hoksrud informert om arbeidet med kommunevegar som no er starta opp i Kystskogbruket.
Saman med Helge Kårstad som til dagleg arbeider med infrastruktur i Kystskogbruket deltok Tørbjørn Frivik frå styret i Skognæringa Kyst. Frivik er mest kjent som taubaneentreprenør, men er også eigar av fleire tømmerbilar som til dagleg transporterar tømmer på Vestlandet.
Hoksrud sette pris på informasjonen og sa m.a. at det vil vere viktig å gjennomføre ein analyse og såleis prioritere dei viktigaste kommunale vegane for tømmertransporten.
Kystskogbruket vil no bruke både tid og ressursar på å betre dei kommunale vegane som er viktige for tømmertransporten i åra som kjem. Analysen som skissert ovenfor vil først bli gjennomført, og tiltaket vil også bli spelt inn til statsbudsjettet 2020.

F.v Gerd Inger Aarnes (Rogaland Skogselskap), fylkespoltikar Heidi Bjerga (SV Rogaland) og tømmerbilsjåfør Ørjan Gangstø i Gangstø transport. Gangstø køyrer tømmer i både Rogaland og Hordaland. I dette tilfellet kippkøyrer han tømmer fram til ein tømmerkai på Stord. Lasset på enkel bil uten hengar veg ca. 10 tonn (14 kubikkmeter) fordi ein kommunal veg har godkjent lengde på berre 12,4 meter. Ei opprusting til 19,5 meter vogntoglengde krev ikkje dei store investeringane. Då ville han kunne kople på tilhengaren og lessa bortimot 3 gongar så mykje og trafikkert vegen to gonger (t/r) istadenfor 6 gonger.