TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sug karbondioksyd frå 275 bilar

Sug karbondioksyd frå 275 bilar

Ove Østrem frå Årrestad, Eigersund kommune i Rogaland har planta 250 dekar klimaskog i år. Denne nye skogen (påskoging) vil årleg binde karbondioksyd (CO2) tilsvarande eit årleg utslepp frå 275 personbilar. Utruleg men sant!

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.10.2018

Skogbruksjef Hans Petter Tønnessen og skogeigar Ove Østrem er glade for at alle plantene har overlevd tørksommaren. Denne klimaskogen på 250 dekar (bakgrunnen) er planta på eit areal der det ikkje har vore skog før, og bindinga av karbondioksyd blir rein netto (påskoging). 
Alle foto frå Årrestad: Helge Kårstad

Inspirasjon frå skogreisinga
Vi møter skogeigar Ove Østrem og skogbrukssjef Hans Petter Tønnessen ein nydeleg haustdag på Årrrestad. Det er tåkedis i tretoppane etter kraftige regnbyer siste natta. Vi er i Dalane, i Eigersund kommune, eit haugete landskap og innimellom granitten næringsrike mineral som er rike på fosfor og gir frodig vegetasjon.
Ove har stor interesse for skogen og fortel at far hans planta eit granfelt på ca. 70 dekar allereie i 1957.
– «Den gongen var det militærnektarar som planta skog, og eg hugsa godt dei budde i det gamle skulehuset» fortel Ove. Denne skogen er no over 60 år gammal, hogstmoden og skal hoggast til neste år. – «Med dagens prisar blir vel dette god butikk» undrar Ove.

Klimaskog på 250 dekar
Og no har altså Ove satsa stort på klimaplanting. Då Rogaland fekk klimaskogprosjekt i 2015 vart m.a. Eigersund kommune plukka ut, sjå meir om dette nedanfor. Hos Ove vart det planta 250 dekar gran på bonitet G17 – G23, med andre ord svært god jord. Tidlegare var dette beite for sau. –«Men no er sauene blitt så kresne at dei må ha kulturbeite av beste sort» fortel Ove. Noko av grasmarka på garden leigar han ut i dag, og på resten av arealet produserar han grasballer.

Grana til høgre i bildet vart planta av far til Ove (t.h.) i 1957. Det haugete landskapet i Dalane består av mykje granitt, men innimellom fins bergarter med mineral (som i bordet ovanfor) som er rike på fosfor og gir svært god jord. 

Ei rein påskoging
- «Ja du veit denne fotosyntesen» seier Ove, - «Ettersom eg no har planta desse 250 dekar med gran kan eg køyre med både bil og fly med godt samvit".
Ja, faktum er om ein legg til grunn oppgitte CO2 data i klimaskogprosjektet, utgjer denne plantinga hos Ove utsleppet til 275 personbilar med årleg køyrelengd på 20 000 kilometer. (Om ein legg til grunn Norge sitt krav om maks 85 gram CO2 utslepp pr. kilometer for nye personbilar innan 2020 blir talet 225 personbilar). Sagt på ein annan måte; Klimaskogen til Ove sug etter kvart karbondioksyd frå 275 personbilar som i dag rullar på vegane.

Og til dei som enno tvilar: Dette er rein påskoging fordi det ikkje stod skog frå før, og dette vil difor vere ei netto binding 70 framover i tid. Dei første åra er CO2 opptaket noko mindre, gjennomsnittleg etter ca. 40 år og deretter noko høgare. - «Så får vi håpe på at utsleppa i Norge og elles i verda frå både bilar og fly m.m. er kraftig redusert innan den tid» legg Ove til.

Skogsbilvegen gir 150 000 netto ved hogst
Hogst av den gamle skogen og planting av klimaskog har gjeve eit godt grunnlag for å byggje skogsbilveg inn i området. Saman med ein nabo vil vegen løyse ut heile 500 dekar med granskog.
Skogsvegen er 700 meter lang, og ved å kunne nytte både statstilskot og skogfond vil vegen ikkje koste Ove noko særleg. Men den vil redusere terrengtransporten når 3000 kubikkmeter tømmer skal hoggast til neste år. Dersom vi føreset at køyring med lassberar frem til skogsbilvei koster 6-8 kroner pr. 100 meter (NIBIO 2015) utgjer dette 50 kroner pr kubikk i rein netto for Ove. For 3000 kubikkmeter tømmer utgjer difor vegbygginga ein rein netto på 150 000 kroner. Og samtidig har vegen gjort tilgangen til den nye klimaskogen betre. Ein vinn-vinn-vinn situasjon!

Skogsbilvegen er nyleg bygd men manglar enno grus. Hans Petter seier til alle skogeigarar han møter at dei ikkje må hogge skog før nødvendige vegar er bygd. Med svært gode vilkår for skogfond og statstilskot i Norge er vegbygginga nøkkelen til å tene gode pengar på den hogstmodne skogen.
Ove er idag glad han har lytta til Hans. Han ventar eit godt utbyte når han skal hogge tømmer til neste år.

Skogbruksjefen er viktig
Ove sier at utan skogbruksjefen Hans Petter Tønnessen hadde det vel ikkje blitt verken skogsveg eller klimaplanting på garden hans. –«Hans Petter er ein god mann for oss, han ordnar alt» seier Ove. Betre attest kan ikkje ein kommunetilsett skogmann og naturforvaltar få.
Og vi legg til: Det er totalt er planta 1600 dekar klimaskog desse tre åra i kommunane Egersund, Bjerkreim og Lund. I skogbruksjef Hans Petter Tønnessen «sitt rike» er difor halvparten av klimaplantingane i Rogaland etablert, og dette er også den beste regionen i alle dei 3 pilotfylka i landet.

Klimaskogprosjektet i Rogaland ein suksess
Rogaland er saman med Nordland og Nord-Trøndelag deltakarfylke i den nasjonale treårige pilotfasen for det nasjonale prosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak». Satsinga er eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012. Pilotfasen starta i 2015 og vart formelt avslutta 1.desember 2018 Då overleverte Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet sin sluttrapport til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet som skal evaluere og avgjera vegen vidare for prosjektet.

Skogbruksjef Hans Petter Tønnessen rosar prosjektleiar Ingeborg Anker-Rasch (bilde) for å ha gjort ein kjempejobb i Rogaland desse 3 åra. Han håpar evalueringa som no pågår fører til vidare satsing på klimaplantinger såvel i Rogland som andre stader i landet.
Foto: NRK Nyheter

Pilotkommunane I Rogaland er Bjerkreim, Eigersund, Gjesdal, Hjelmeland, Lund, Tysvær og Vindafjord. Det blei identifisert heile 380 000 dekar med potensielt planteareal i Rogaland ut i frå den regionale kartanalysen. I pilotfasen har det i Rogaland blitt planta 3 285 dekar skog, fordelt over 49 eigedomar og sju kommunar. Prosjektleiar Ingeborg Anker-Rasch har i sin sluttrapport etter dette treårige pilotprosjektet anbefalt følgjande for ei eventuell oppskalering:

  • Val av treslag må i hovudsak vere basert på best klimaeffekt
  • Ordninga må vere enklare og samsvare med andre planteordningar
  • Kapasitet og kompetanse hos kommunane må sikra
  • Kostnadsbevisstheit bør provoserast fram
  • Vurdering av miljøfunn bør adresserast
  • Skogplanting som tema bør vere meir synleg i kommunale planverk
  • Auka fokus på brakklagt jordbruksareal, inkludert kartfesting av slike areal
  • Utarbeiding av ein kommunal rettleiar


Frå Årrestad til Toyako
Les også Ole Mathismoen sitt oppslag i Aftenposten 9. okt. 2018: «Vi må suge CO2 fra atmosfæren» https://www.aftenposten.no/verden/i/WL5QrQ/Vi-ma-suge-ut-CO-fra-atmosfaren?fbclid=IwAR3PvSnoGLnpxdvQnuO_Hzqdd8YBsflEPV5K4bf7q8OMVaKT8lVoHuP5SEY

Statsleiarar som Merkel og Bush m.fl. har ofte for vane å plante tre når dei møtest. Her frå G8-møtet i Toyako i 2008. Det er mange som no meiner at tema "påskoging" vil få auka merksemd framover. For det er kanskje det einaste og rimelegaste alternativet som står igjen før CO2 utsleppa er så pass reduserte at vi unngår dei verkeleg store naturkatastrofer.
Foto: Jim Young/ Reuters