TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Mange nye arbeidsplasser i distriktene

Mange nye arbeidsplasser i distriktene

«Denne regjeringen har levert en historisk satsing på bedre rammevilkår for skogbruket. Økende etterspørsel etter trelast både på hjemme- og eksportmarkedet gjør at tømmerprisene har gått opp. Dette gir grunnlag for å øke både produksjonen og lønnsomheten i næringa, samtidig som det gir mange nye arbeidsplasser i distriktene» sa landbruks- og matminister Bård Hoksrud då han opna Strømsvika Tømmerkai i Mandal.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.10.2018

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud gjer seg klar til å opne Strømsvika Tømmerkai i Mandal. Til venstre i bildet hamnesjef Olav J. Neset med gode råd til ministeren.
Alle foto: Helge Kårstad

Historisk satsing
Mykje folk var tilstades då tømmerkaien i Sørlandet si nye hamn i Strømsvika ved Mandal vart opna av landbruks- og matminister Bård Hoksrud torsdag 18. oktober. Med sol frå klår himmel og svært god tilrettelegging av hamnesjef Olav J. Neset, vart opninga ei hyggjeleg oppleving med m.a. mange gode talar om skogbruk og infrastruktur.
Hoksrud minna om at denne regjeringa har levert ei historisk satsing på å betre rammevilkåra for skogbruket. I perioden 2014-2018 er det løyvd tilsaman 760 millionar kroner til skogsvegar og kaianlegg. – «Dette gir grunnlag for å øke produksjonen og lønnsomheten i næringa, samtidig som det gir mange nye arbeidsplasser i distriktene» sa Hoksrud mellom anna.

Tømmerkaien først
Det var allereie i 2012 at Mandal kommune starta arbeidet for å prøve å finne eigna areal til ei ny hamn utanfor byen. Mange framheva under opninga eit godt tempo i såvel planlegging som utbygging, og rosa m.a. skognæringa og Kystskogbruket som aktive medspelarar for å få fram dette viktige prosjektet. Tømmerkaien vart på eit sett utløysande for den nye hamna i Mandal.
I dag er det venta fleire nye etableringar i Strømsvika, og hamna vil ikkje minst bli bli sentral i nye Lindsnes kommune. På austsida i hamna er det muleg å byggje ca. 800 meter kaifront.

Sentrale personar ved utbygginga av Strømsvika Tømmerkai.
F.v. styreleiar i Tømmerkaia AS Hans S. Stusvik, Landbruks. og matminister Bård Hoksrud, styreleiar i Mandal Havn KF Ove Nodeland og ordførar i Mandal Alf. Erik Andersen. I bakgrunnen tømmerkaien og første skip (frå reiarlaget Arriva Shipping, Ølen i Rogaland)  med tømmer som denne gongen skal til Tyskland.

Tungtrafikken ut av byen
Strømsvika tømmerkai har ein kaifront på 120 meter og eit asfaltert bakareal (inkl. kaiplate) på ca. 25 dekar. Det vil årleg gå inntil 200 000 kubikkmeter tømmer over kaia, som difor vil vere mellom dei største tømmerkaiane i Norge. Ein tinglyst avtale sikrar skogeigarane i regionen ein framtidig bruksrett til tømmerkaia. Denne tinglyste avtalen sikrar også skogeigarena ei kaileige som gjenspeilar at det er gjeve ca. 28 millionar statlege kroner til utbygginga med føremål utskiping av skogsvirke/ tømmer.
I tillegg til at tømmerkaien er viktig for skogbruket i Agder, er både kaien og den nye hamna i Strømsvika viktig for alla kommunane i Lindesnesregionen. Den nye hamna er ikkje minst viktig for Mandal by som no vil sleppe mykje tungtrafikk gjennom byen, inntil 4000 tømmertransportar i året. 

Bilde over: Ordførarane i regionen har vore sentrale for å finne ei ny felles hamn for Lindesnesregionen.
F.v. Alf Erik Andersen (Mandal), Reidun Bakken (Audnedal), Helge Sandåker (Marnardal) og        Oddmund Ljosland (Åseral). Ordførar i Lindesnes var ikkje tilstades. 
Reidun Bakken sa m.a.at betre og sikre vilkår for uskiping av tømmer frå regionen saman med å få trafikken ut frå byen begge har vore viktig moment i denne saka. Marnardal ordførar Helge Sandåker er også skogeigar, og minna om den store skogreisinga etter krigen som m.a har ført til at Marnardal er største skogkommunen i Vest-Agder.    
Bilde over: Hamnesjef Olav J. Neset hadde planalgt og tilrettelagt ei sværande god opning i Mandal.
Kulturelle innslag er ikkje daglegdags for travle skogfolk, men det skapte skikkeleg god stemning i teltet på tømmerkaien.  
Bilde over: Styreleiar Ove Nodeland (t.v) signerte vedlikehaldsansvar og erklæring om bruksrett til skogeigarane i Agder på ryggen til Hans S. Stusvik som er styreleiar i Tømmerkaien AS. - "Det er slik ein gjer på skauen " sa Stusvik til ei humrande forsamling. 
Bilde over: Den nye tømmerkaia i Strømsvika er 120 meter lang og inkludert bakarealet utgjer dette heile 25 dekar. Skipet til Arrive Shipping lastar ca. 6000 kubikkmeter eller ca. 150 fulle vogntog med tømmer.
Bilde over: Arne Sandnes frå Landbruks- og matdepartementet (t.v.) saman med Torbjørn Frivik frå Skognæringa Kyst framfor første tømmerbilen til Strømsvika Tømmerkai i Mandal. 
Arne Sandnes arbeider med skogsaker i departementet og er sentral ved iverksetjing av nasjonal skogpolitikk. Han er godt kjent med utfordringane kring infrastrukturen i kystskogfylka og sette stor pris på markeringa i Mandal.
Torbjørn Frivik sit i styret i Skognæringa Kyst. Han er taubaneentreprenør med 4 baner i drift over heile landet. I tillegg har han fleire tømmerbilar i aksjon på Vestlandet. Frivik sysselset kring 30 personar.
Bilete over: Bård Hoksrud i førarsetet på brua til eit fullasta skip med tømmer. Biletet symnboliserar også at denne regjeringa etter sterk oppmoding frå Kystskogbruket nettopp har sett seg i førarsetet og medverka til ei sterk satsing på å betre infrastrukturen i skogbruket. Først ved landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, deretter Jon Georg Dale og no Bård Hoksrud.
Vi ynskjer Hoksrud Velkommen til Skogbruket og lovar gjere det vi kan for å iverksetje viktige politiske vedtak for næringa !