TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ein nasjonalarv i tre

Ein nasjonalarv i tre

I eit års tid har Oselvarverkstaden i Os utanfor Bergen bygd på ein heilt spesiell trebåt. Torsdag blei den døypt og sjøsatt.

Denne nyheten ble publisert av: Kirsti Haagensli Publisert dato: 12.06.2011

Oselvaren fekk namnet sitt etter den viktigaste byggjestaden for denne båttypen på 1700-talet: ved munninga av Oselva i Os utanfor Bergen. Det er i grunn ganske fantastisk at i dag er denne bedrifta fullt oppegåande, -  midt i sentrum av ein av dei mest moderne "bygdebyar" i Norge. Etter mange si meining båttypen og verkstaden  som har best ivareteke måten å byggje trebåtar på.
Dei siste 50 åra har det så langt ein kjenner til berre blitt bygd åtte seksæringar (ein båt med normalt 3 par årar)  av Oselvaren. Ingen av dei på Os. Torsdag var såleis ein merkesdag då Oselvarverkstadens eigen utgåve blei døypt og sjøsatt.
"Vi er utruleg glade at vi har fått overført noko av Harald Dalland sin kunnskap om byggjing av seksæringar til båtbyggjerane i høve dette prosjektet" sa dagleg leiar Åsmund Lien.
 

Les meir i ein reportasje frå ei lokal nettavis; http://midtsiden.no/endeleg-eigen-bat