TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skal bygge virkesterminalar

Skal bygge virkesterminalar

SINTEF har vore på synfaring i Granvin i samband med pågåande utgreiing kring virkesterminaler i Kystskogbruket.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 10.03.2011

SINTEF skal innan 15.juni i år ”utarbeide ein plan for utbygging av virkesterminalar langs norskekysten slik at tilhøva blir lagt til rette for ein rasjonell og kostnadseffektiv virkestransport fra skog til industri”.

Dette var den første av tre samlingar som SINTEF, i samarbeid med Kystskogbruket, gjennomfører i utgreiingsperioden. Målet med desse samlingane er først og framst ei kvalitetssikring av arbeidet med utgreiinga.

Skognæringa var invitert i mest mugleg breidde og mange stilte opp i Granvin. Det vil bli arrangert ei tilsvarande samling for Møre/Midt Norge i Ørsta og for resten av kysten i Nordland noko seinare.

På bildet deltakarar i Granvin frå venstre;  Hans Velken frå Moelven Granvin Bruk,  Vibeke Stærkebye Nørstebø frå SINTEF, Tor Loftur Johnsson frå Fylkesmannen i Hordaland, Per Eivind Rekve frå Vestskog, Olav Taskjelle frå Vestskog og Kjel Ivar Ring frå Hagland Rederi. I bakgrunnen skipet “Heidi” frå Storesletten Rederi som er ein rein fraktebåt for tømmer, kapasitet ca 5.000 m3 og har saman med Hagland Rederi mesteparten av tømmertransporten  på norskekysten.