TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/35 år med husmorvindu

35 år med husmorvindu

Sogn og Fjordane Skognæringsforum hadde lagt årsmøtet for 2015 til Florø. H-vinduet Bauge AS i Florø har produsert husmorvindu i 35 år og var vertskap for bedriftsbesøket. Ei moderne bedrift i ein tøff marknad og med strenge krav til trevirket (furua) som for tida kjem heilt frå Sibir.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 15.03.2016

 
Øverst: H vinduet Bauge AS i Florø; Fv. fylkeskomeistrane Merete Larsmon og Torkel Hofseth, Inger Marie Svingeset (styremedlem), Lars Trygve Sæle (leiar i styret), Torbjørn Frivik (styremedlem), skogbruksjef Magnus Mo, skogeigar Ingvar Åberge, student ved arkitekthøgskulen Jim Hoddevik, skogeigar Olai Tefre, Oddbjørn Sellevold (styremedlem) og Per Martin Lefdalshjelle ved fabrikken i Florø. Styremedlem Christian Rekkedal var ikkje til stades då biletet vart teke.
Nederst: Industribedrifta i Flora vart etablert som ei trevarebedrift allereie i 1954. Per Martin Lefdalshjelle er ansvarleg for drift og vedlikehald og understrekar at fabrikken i dag framstår som ei moderne bedrift med strenge krav til kvalitet. På bildet føregår maling av karmar ved hjelp av robotar.
Alle Foto: Helge Kårstad
 

Sogn og Fjordane Skognæringsforum er eit aktivt forum og årsmøtet var denne gongen lagt til Brandsøy planteskule i Florø og samla mange deltakarar. Det vart attval på Christian Rekkedal og Oddbjørn Sellevoll, begge frå Førde. Ny i styret er Jakob Hammer som representerar Vestskog. Frå før sit Inger-Marie Svingeset, Torbjørn Frivik og Lars Trygve Sæle i styret. Rune Nordvik og Robert Veum er varamedlemer til styret. Ny medlem i valnemda er Arnt Christian Hovland frå Sogndal.
Under årsmøtet var det lagt inn eit bedriftsbesøk, vidare var det faglege innlegg frå Kystskogbruket, tidlegare Brandsøy Planteskule og «Trebygda Kvamsøy». Under kan du lese meir om dette.

60 kubikk trelast kvar tredje veke
H-vinduet Bauge AS (tidl. Bauge Trevare AS) var vertskap for bedriftsbesøket. Denne tradisjonsrike bedrifta vart grunnlagt av Arne Bauge i 1954 og er i dag Norges vestlegaste produsent av vindu og dører. Bedriften vart tilslutta H-Gruppen for over 35 år siden, og produserer sidehengsla husmorvindu. H-gruppen består i tillegg til H-vinduet Bauge i Florø av H-vinduet Magnor og Fjerdingstad Trevarefabrikk AS på Hokksund.
Bedrifta i Florø har ein årlig omsetnad på ca. 50 millionar kroner og sysselsett omlag 30 personar. Per Martin Lefdalshjelle er ansvarleg for drift og vedlikehald og kunne fortelje at H-vinduet Bauge AS har teke mål av seg til å vere ei moderne bedrift innan utvikling, marknadsføring og produksjon av vindu og dører. Dei er også tilslutta Norsk Dør & Vinduskontroll (NDVK).
Det blir stilt strenge krav til trevirket i husmorvinduet og Lefdalshjelle opplyste at i dag kjøper dei dette virket i Sibir. Kvar tredje veke hentar dei ca. 60 kubikkmeter ferdig trelast frå Sibir.

Brandsøy planteskule og «Sponheim-kløfta»
Tidlegare planteskulestyrar ved Brandsøy planteskule Svein Saure held eit svært interessant innlegg om historia til planteskulen som nærmar seg 100 år. Hordaland og Sogn og Fjordane Skogselskap kjøpte eigedomen i 1920 med tanke på produksjon av skogplanter. Mykje grunnlendt og leirhaldig mark saman med mykje nedbør skapte store utfordringar så lenge det vart produsert barrotsplanter. Dette førte m.a. til at fleire «kontraktsdyrkarar» i fylket supplerte med barrotsplanter i dei mest aktive skogreisingsåra. Svein Saure kom til planteskulen i 1970 og starta opp produksjon av potteplanter allereie i 1976 og vilkåra for ein større planteproduksjon var lagt.
Største produksjonen på Brandsøy oppnåde ein i åra 1993 til 1998 då det årleg vart produsert kring 1,5 millionar planter, det meste for sal i Sogn og Fjordane men også noko til Hordaland.
Lågaste leveransen av skogplanter frå Brandsøy skjedde i 2005 då berre 156 000 planter eller kring tiendeparten av det «normale» vart seld. Grunnen til dette var at dåverande landbruksminister Lars Sponheim i statsbudsjettet for 2003 fjerna tilskotet til skogplanting i Norge. Brandsøy planteskule måtte i likhit med alle andre norske planteskular brenne om lag heile planteproduksjonen påfølgjande år etter dette sørgjelege politiske vedtaket. I dag kan ein sjå effekten av tidlegare landbruksminister Sponheim sitt vedtak i plantestatistikken for fleire fylker i heile landet ved eit kraftig fall ei plantetalet, - den såkalla «Sponheim-kløfta» kring 2003-6. Tilskotet til skogkultur kom tilbake då ny regjering kom på plass og i stor grad har skogplantinga teke seg opp igjen. Dette vedtaken for statsbudsjettet 2003 tok også knekken på fleire norske planterskular, m.a. Brandsøy planteskule som gjekk svært dårleg etter dette og som vart lagt ned i 2015.

 
Øverst: Strenge kvalitetskrav til trevirket (furu) som kjem frå Sibir.
Nederst: Skogbrukesjef Magnus Mo (t.v) og skogeigar Olai Tefre studerar husmorvinduet ved fabrikken i Florø.
Alle foto: Helge Kårstad
 

Trebygda Kvamsøy og klimakammerhuset
Norodd Baug frå Trebygda Kvamsøy i Balestrand fortalde om samarbeidet med Bergen Arkitekthøgskule sidan 2005. Årleg kjem studentane til Kvamsøy for å lære om tradisjonelt handverk kopla til ulike treslag og særleg lauvtresalg. Dei teiknar og prosjekterar fysiske bygg som dei føre opp i full storleik på Kvamsøy.
Jim Hoddevik er idag student ved Bergen Arkitekthøgskule og fortalde engasjert om årets prosjekt. Tema heiter «klimakammer» og er eit hus som skal byggjast i treverk med ei indre sone («innertelt»») av ullfilt. Bygget er no under planlegging/produksjon ved skulen i Bergen og skal setjast opp på Kvamsøy etter påske. Vi kjem tilbake med ein reportasje om dette bygget seinare.