TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Stort fokus på skogbruk i kyststroka

Stort fokus på skogbruk i kyststroka

Skognæringsforum i Sogn og Fjordane set fokus på verdiskapinga i skogbruket i fylket og har etablert eit prosjekt som skal gjennomføre og oppsummere ei analyse av næringa. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av april 2011.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 17.02.2011

Potensialet for auka verdiskaping i form av vidareforedling av skogressursane til ein marknad som nyttar trevirke, skal synast. Innsatsen frå tidlegare skogreising tar no til å vise seg i kubikk og volum. Måla er å vise kva dette har å seie for vidare verdiskaping  så som sysselsetjing så vel som miljø.  

PricwaterhouseCoopers, PwC, er engasjert som prosjektleiar med ansvar for struktur og koordinering av infomasjon, analysar og oppsummering. I prosjektgruppa sit presentantar frå næringa. Denne har ansvaret for analysar, vurderingar, beslutningar  og sluttrapport i regi av prosjektet. Arbeidet finansierast gjennom eit spleiselag mellom Skognæringsforum og Sogn og fjordane Fylkeskommune.

Arbeidet har stor nytte av og byggjer vidare på det arbeidet som allereie er gjort omkring Kystskogmeldinga og andre utgreiingar som pågår.