TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/«Vi kan jo ikke se den grense under vann»

«Vi kan jo ikke se den grense under vann»

sa Harald Heide-Steen jr. For tida er det stor aktivitet for å betre infrastrukturen i skogbruket. Boreriggar og gravemaskiner er synleg og kjent for dei fleste. Men arbeidet som skjer under sjøflata ved tømmerkaiutbygging er nok ukjent for mange. Vi har sett litt på kva som skjer «under vann» og staden er Eidsnes tømmerkai i Lindås ved Bergen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.03.2016

 
Øverst: Eidsnes tømmerkai i Lindås. Kjartan Kolaas borar hol til fjellboltar som festar pelane/ stålrøyra til botnen. Foto: Morten Lønning
Nederst: Dykkarane Kjartan Kolaas frå Bømlo og Johannes Hjelm frå Lidkjøping er tilsett i firmaet Bømlo Maskin AS og skal montere 24 pelar ved utbygginga av Eidsnes tømmerkai.
Foto: Helge Kårstad
 

Ein tømmerkai-konstruksjon
Ein tømmerkai er vanlegvis ein konstruksjon av berebjelker (betong eller tre) vinkelrett på kaifront. Kaidekket er opplagra på peler som består av fjellboltar med stålkjerne i fjell, armering og betongfylte stålrør utenpå. Konstruksjonen er oppankra i land ved hjelp av stag/armering til fast fjell.

Bømlo Maskin utfører alt dykkararbeid
Alt arbeid som skjer under overflata er dykkararbeid. Bømlo Maskin As frå Bømlo i Hordaland er engasjert av hovudentreprenør Byggservice AS til å utføre alt dykkararbeid på tømmerkaien i Eidsnes.
Kjartan Kolaas er tilsett i firmaet, tidlegare nordsjødykkar og har utdanning frå Statens Dykkarskole i Bergen. Han fortel at vanlegvis jobbar eit lag som består av 3 dykkarar på slike oppdrag. Ein dykkleiar, ein standby/ redningsdykkar som står på ein flåte over arbeidstaden og ein dykkar som utfører arbeid under vatn. Alt arbeid under vatn blir filma via kamera på hjelm og overført til dykkleiar på land.

Rensking av botn og eventuell sprenging
Før arbeidet starta er det vanlegvis føreteke grunnundersøkingar slik at både bunntilhøve og geologi er kjent. Dykkar reinskar først botnen der pelen/ stålrøyret skal stå, og til dette brukar han ein støvsugar.
Dersom helling er over 30% blir det føreteke sprenging for å få ei plan flate som stålrøyra skal kvile mot. Både ved boring og bruk av dynamitt er prosessane om lag like under vatn som over vatn. Men ein slepp å «dekke» med matter før sprenging, - det naturlege vasstrykket held sprengingsmassane på plass.

 
Øverst: Kjartan Kolaas monterar fjellboltar med stålkjerne etter at det er bora hol. Desse fjellboltane blir gysa fast i boreholet og stikk ca. 1,5 meter over botnen.
Nederst: Pelen/ stålrøyret er plassert utanpå fjellboltane og forskalinga av tre er slått ned i lausmassane kring røyret. No ventar armering i stålrøyra og fylling med betong.
Alle foto: Morten Lønning
 

Montering av fjellboltar og stålrøyr/ pel
Om det er tilnærma flatt på botrnen så startar arbeidet med å montere fjellboltane, totalt 4 boltar med stålkjerne pr. røyr. Boltane blir gysa fast i borehola og stikk ca. 1, 5 meter over botnen. Deretter blir stålrøyret ført ned og sentrert kring fjellboltane. Når stillinga er optimal, blir røyret sveisa fast i ei grind som ligg i dagen/ over vassflata eller der kaidekket seinare skal kome. Til slutt blir ei form for forskaling av treplankar banka ned i massane kring røyret slik at det ikkje flyttar seg når betongen blir tilført røyra.
Til slutt blir ei armering av jern sett ned i røyra og deretter tilført betong. Når betongen er fast blir forskalinga teke bort av dykkarar og arbeidet med pelen er ferdig.

3-4 timar pr. dag under vatn
Kolaas fortel at ein dykkar vanlegvis kan bore dei 4 hola til fjellboltane på eitt dykk eller på max. 135 minutt. Men dette kan sjølvsagt variere med vanskegrad. Bømlo Maskin hadde også dykkaroppdraget ved Søndenåneset tømmerkai i Vindafjord tidlegare i år. Der var botnen så skråstilt at det måtte føretakast sprenging. Ved boringa til både sprenging og seinare fjellboltar måtte dei bruka stige/ plattform og arbeidet tok difor noko lenger tid.
Arbeid under vatn krev ca. 3 ganger meir menneskeleg energi enn tilsvarande arbeid på land. Det er difor vanleg å arbeide maksimum 3-4 timar under vatn pr. dag.
Tømmerkaien på Eidsnes har 24 søyler og arbeidet med å ferdigstille alle søylene tek gjerne bortimot 2 månader for eit dykkarlag.

Ettersyn og vedlikehald av tømmerkaiar
Tømmerkaier krev også ettersyn og vedlikehald. Utan å gå i detaljer vil vi meine at ein sjekk under sjøflata sjeldan blir gjort på tømmerkaiane i Norge. Her kan vi bli mykje betre og fleire kaieigarar burde gjerne samarbeide om å få eit dykkarfirma på plass for å utføre dette viktige arbeidet. Om ein tek vedlikehaldet etter kvart kostar det lite. Forfall likar me ikkje, verken på land eller i sjø.

 
Etter at pelane/stålrøyra er rett plasserte i botnen blir dei sveisa fast i ei "grind" i overflata der kaidekket seinare skal komme.
Foto: Helge Kårstad