TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Grana i vest er veldig god

Grana i vest er veldig god

Ei ny saglinje i 2012 saman med små kontinuerlege forbetringar gir gode resultat ved Moelven Granvin Bruk i Hardanger. Ny vestlandsrekord i 2015 då saga passerte 67000 kubikkmeter. Mykje fordi grana i vest er veldig god seier direktør Truls Langhelle.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.02.2016

Øverst: I inntaket ved Moelven Granvin Bruk. F.v. driftsjef Knut Såkvitne, vidare Hordaland Skognæringsforum v/ Jens Manger, Simon Rudolf Wolff, Pål Solberg, Audun Lund Eik og Vidar Jørdre. Truls Langhelle og Jørgen Frønsdal sit også i styret i forumet, men var ikkje tilstades då biletet vart teke. Ved kontrollspakane sit Kjell Arne Jørdre.
Nederst: Direktør Truls Langhelle skryt av dei tilsette ved Moelven Granvin Bruk. Dette kjem også fram ved at det ikkje er registrert fråverskader siste 3 åra. 
Foto: Helge Kårstad
 

Hordaland Skognæringsforum hadde denne veka lagt styremøte til Moelven Granvin Bruk i Hardanger.
Forumet vart skipa sist haust og vil bruke første året til marknadsføring mot potensielle medlemer og kontaktpersonar i skognæringa i Hordaland. For tida blir planlagt eit mediaframstøyt i månadskiftet mai/ juni i Bergensregionen der verdiskapinga i skognæringa blir hovudtema.

Aukande produksjon ved Moelven Granvin Bruk
Etter styremøtet fekk forumet ei omvisning på sagbruket. Sagbruket opna ei ny saglinje i 2012 med føremål å auke kapasiteten. Direktør Truls Langhelle skryt av ein dyktig arbeidstokk ved bruket som saman med leiinga også i ettertid har bidrege til små, kontinuerlege forbetringar. Dette viser igjen både i resultat og omsetning. Moelven Granvin Bruk har auka innkjøp av grantømmer frå ca. 60 000 kubikkmeter i 2012 til ca. 67 000 kubikkmeter i 2015. Langhelle legg til at trelasta går hovudsakleg til Bergen, noko elles i distrikta i Hordaland og litt i Sogn.
Relativt unikt er også statistikken som viser nedgang i sjukefråvær frå 4,3% i 2012 til 0,73% i 2015, - og ingen fråverskader dei 3 siste åra !

Vestlandsgrana fortener skryt
Driftsjef Knut Såkvitne fortalde om ei stor utvikling ved sagbruket sidan han kom hit i 1988. Og rosar såvel tømmerkvaliteten som skogsentreprenørane og dei tilsette ved sagbruket og legg til: - "Kvaliteten på tømmeret som vi får inn i dag er jamt over frå større granfelt og vi opplever ein jamnare og betre kvalitet enn dei første åra. Dette skuldast også at hogstentreprenørane og skogsmaskinene er blitt betre".
Kvaliteten på grana er lite påverka av kvar den blir hogge i fylket, - opphavet (proveniensar) har nok større betydning meiner Såkvitne. Han seier også at alderen på tømmeret som kjem til sagbruket er rimeleg optimalt og legg til at skog som er kring 100 år ikkje nødvendigvis er noko betre for dette sagbruket. Sagbruket har av og til kjøpt grantømmer frå Austlandet. Erfaringane er at dette virket ofte har meir indre spenning og dertil lågare kvalitet.
Grantømmeret som kjem inn frå Hordaland gir ein stor del konstruksjonsplank (2x8), ein dimensjon som etter kvart blir mangelvare frå norske skogar meiner Såkvitne. I tillegg får ein relativt mykje kledningsbord av høg kvalitet ut av dei rettvakse stokkane. Grensa for frisk kvist er 3,5 cm og sagbruket opplever ikkje dette som noko problem fordi gran frå bestandsskogen har relativt mindre kvistsetjing

Rettvakse stokkar av gran på veg inn i saga. Tømmeret er frå Tysnes i Hordaland og utan tvil gran med opphav i kjerneområdet for gran i Europa.
Foto: Helge Kårstad

Vestlandsgrana frå grana sitt kjerneområde i sentral Europa
Ein råvareanalyse av gran i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane vart i 2012 utført av Ola Øyen i Silvinova. Konklusjonane hans underbyggjer erfaringane ved Moelven Granvin Bruk:
- "Kulturgrana på Vestlandet er en egen typeskog, som skiller seg klart fra Trøndergrana og Østlandsgrana. Vestlandsgrana er noe sterkere, har jevnere årringmønster og vedbilde, har større dimensjoner med frisk kvist, mindre kvistdiameter, dobbelt kvistkransavstand, større tømmerlengde og omtrent ingen kvaelommer og rotråte. Den oppnår bedre kvaliteter enn typeskogen Østlandsgrana og Trøndergrana på litt over halve omløpstiden og produserer omtrent det dobbelte pr daa".

Fylkesskogmeister Merete Larsmon peikar på at grana på Austlandet og i Trøndelag er genetisk sett mykje yngre enn grana på Vestlandet. Grana som er planta på Vestlandet kjem i hovedsak frå Hartz i Tyskland som ligg i grana sitt kjerneområde, - den er genetisk sett mykje eldre enn austlandsgrana og grana i Trøndelag som har vandre inn frå Russland via Bottenviken. Dette kan vere grunnen til at grana som er planta på Vestlandet viser seg å ha jamt over høgare kvalitet enn grana som du eks. finn i Buskerud. Der opplever ein relativt større variasjon i åringbreidde og meir indre spenning i veden m.m.
Konklusjonen er m.a også at ein på Vestlandet ikkje må plante gran med genetisk opphav frå Austlandet eller Sverige men gran med opphav i tyske proveniensar frå grana sitt kjernerområde i sentral Europa. Resultata frå Moelven Granvin Bruk og tidlegare Granvin Bruk underbyggjer denne forklaringa.

Ferdig skore trelast på veg inn i tørka. Denne lasta er frå same tømmeraprti som biletet ovenfor, dvs. frå Tysnes i Hordaland.
Foto: Helge Kårstad