TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Samla skogeigarane i Stordal med føremål skogsvegbygging

Samla skogeigarane i Stordal med føremål skogsvegbygging

Stordal kommune i Møre og Romsdal har vore mellom dei fremste kommunar i landet innan møbelindustri og den trebearbeidande industrien eksisterar fortsatt. Denne veka hadde skogbruksjefen samla skogeigarane i Stordal for å diskutere utbygging av skogsvegar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.01.2016

Øverst: Skogbruksjef i Nordre Sunnmøre Kolbjørn Snekvik invterte til møte i Stordal denne veka med tema skogsvegbygging.
I bakkant Storfjorden og Ytste Skotet, ein freda veglaus gard i Stordal i randsona til Verdensarvområdet. Bygdesenteret Stordal ligg lenger inni fjorden til venstre i bildet.
Nederst: Møtestad i Stordal var i Nilsgardstunet. TIl venstre Jostein Dalen frå Skogkurs som orienterte forsamlinga om bruk av skogfond ved skogsvegbygging. Interessa for skogfond var stor.
Alle foto: Helge Kårstad
 

Iverksetjing av hovudplanane for skogsvegar
Kystskogbruket har hatt sterkt fokus på hovudplanar for skogsvegar. No skal hovudplanane iverksetjast i fylka frå Vest-Agder til Finnmark. Skogbruksjefar, pådrivarar, vegplanleggjarar vil vere heilt sentrale i dette arbeidet.
Forskingsprosjektet «fra til til en» starta opp i 2009 og vart ferdigstilt i 2014. Seniorforskar Gro Follo ved Norsk senter for bygdeforsking konkluderte m.a. med at eigedomsoverbyggjande samarbeid som ved utbygging av felles skogsvegar både var utfordrande og kunne gi svært gode resultat om opplegget var gjennomtenkt, godt planlagt og kvalitetsmessig godt utført.
Kolbjørn Snekvik er skogbruksjef for Nordre Sunnmøre (kommunane Sula, Ålesund, Skodje, Ørskog og Stordal) og har siste åra utarbeidd hovudplaner for skogsvegutbygging.
Kring 30 skogeigarane i Stordal i Møre og Romsdal var denne veka invitert av skogbruksjefen som la fram hovudplanen for 4 områder i kommunen.

Nokre sentrale data for kvart område
Område Vad, Jøsvoll og Tallberg
7 grunneigarar. 
300 dekar granskogareal og ca. tredobbelt produktivt skogareal (hovudsakleg bjørk). 
7500 kubikkmeter grantømmer i området i dag, i svært god vekst. 
Alderen er ca. 45 år, - dvs. det må gjerne stå i 10 år før hogst og difor hastar det med ei utbygging av vegnettet.
Planlagt nyanlegg av 2,5 km ny heilårs skogsbilveg, klasse 3. 
Mest taubaneterreng, men noko kan hoggast med hjulgåande hogstmaskiner.

Område Nakken, Langhaug
2 grunneigarar.
80 dekar granskogareal, som ovanfor mykje anna produktiv skogsmark med bjørk.
2500 kubikkmeter grantømmer i området i dag, - i svært god vekst.
Alderen er ca. 45 år, - det kan gjerne stå i 10 år før hogst. 
Planlagt nyanlegg av 1,3 km heilårs bilveg klasse 3.
Mykje taubaneterreng, noko kan også hoggast med hjulgåande hogstmaskiner.

Område Hove, Vinje, Busengdal og Kirkebø
10 grunneigarar.
524 dekar granskog, også her mykje meir produktiv skogsmark med bjørk.
13 000 kubikkmeter grantømmer i området i dag, - i svært god vekst.
Noko varierande alder, - det eldste kan hoggast idag.
Planlagt nyanlegg av 1500 meter bilveg klasse 4 (sommarbilveg) og nyanlegg 750 meter traktorveg klasse 7.
Vesentleg taubaneterreng
 
Område Almås, Lianes, Støle og Stavdal
9 grunneigarar.
373 dekar granskog, også her vesentleg meir produktiv skogsmark med bjørk.
9000 (alt. 1) eller 6200 (alt. 2) kubikkmeter grantømmer.
Alder er ca. 45 år.
Her er utarbeidd 2 alternative vegløysingar:
1. Planlagt opprusting av 1450 m bilveg til klasse 4 og nyanlegg 700 m skogsbilveg klasse 4
2. Planlagt opprusting av 1330 m bilveg til klasse 4 og nyanlegg 490 m skogsbilveg klasse 4
Vesentleg taubaneterreng.

I forkant Ystegarden på Jøsvoll som inntil nyleg var eigd av skøyteløparen Per Ivar Moe. Denne garden kan no få vegutløysing til skogen på Jøsvoll. I bakkant deler av den frodige skoglia Vad, Jøsvoll og Tallberg.
Foto: Helge Kårstad

Skogfond viktig for økonomien ved skogsvegbygging
Skogbruksjefen hadde på førehand vurdert økonomien i tiltaka. Han konkluderte med at basert på erfaringstal for vegbygging og drift i denne type terreng, vil det vere ein netto på minst 100 kroner pr. kubikkmeter i alle tiltaka. Det er ein føresetnad av at det blir ytt tilskot til taubanedriftene i det bratte terrenget. Alle områda har offentlege vegar som er tilgjengeleg med tømmerbil og hengar, maksimal last er 50 tonn og vogntoglengde er 24 meter. Det betyr i alle fall at ein ikkje vil oppleve kippetillegg ved uttransport av tømmeret på offentlege vegar.
Jostein Dalen frå Skogkurs orienterte om bruken av skogfond i samband med skogdrift og vegbygging. Og Dalen viste med eksempel at dette er ei uvanleg god skattemessig ordning for skogeigar. Det vart også sagt av skogeigarar på møtet at dette var noko som overraska og som ville gjere veginvesteringa mykje meir interessant. Vi går ikkje meir inn på detaljar her. Interesserte kan ta direkte kontakt med Jostein Dalen og/ eller hendvende seg til Skogkurs, www.skogkurs.no.

Treng 360 km nye skogsbilvegar i Møre og Romsdal
Fylkesskogmeister Åsmund Asper kunne påmøtet opplyse at no har alle kommuane i Møre og Romsdal utarbeidd hovedplan for skogsvegar. Totalt viser det seg at det trengs ca. 360 km nye skogsbilvegar (klasse 3 og 4) i fylket. Om ein legg til grunn nivået på siste årets skogvegbygging, vil dette ta ca. 20 år å gjennomføre. Asper kunne også opplyse at det ville bli gitt 10% ekstra tilskot til skogsvegbygging der hovudplan for skogsvegar er utarbeidd på førehand. Prosessar og ressursbruk som her i Stordal vil bli heilt nødvendig å gjennomføre dersom alle desse 350 km nye skogsbilvegane skal byggjast i fylket.
Det same kan vi seie om kommunane i alle kystskogfylka frå Vest-Agder til Finnmark.

Kva skjer etter første møtet med skogeigarane ?
Kva skal så til vidare for å få gjennomført vegbygging og påfølgjande lønsam hogst i Stordal ?
Utarbeiding av hovudplan og første møte med skogeigarar er gjennomført.
Skogbruksjef Kolbjørn Snekvik seier at ein telefon frå skogeigar no raskt vil utløyse vidare detaljarbeid i veglinja, fordeling av kostnader mellom skogeigarar og vidare utarbeiding av tilbodsmateriell med føremål utbygging. Det er også sannsynleg at skogeigarane ynskjer å ha ein meir inngåande vurdering av økonomien der også skogfond blir meir spesifikt vurdert for kvar skogeigar. Til slutt blir venteleg arbeidet lyst ut og skogsvegbygginga kan starte opp. Denne type arbeid kan gå raskt men det kan også ta fleire år.
På mange vis er denne reportasjen frå Stordal ein god modell for eigedomsoverbyggjande samarbeid kring ein skogsveg.

Eigedomsoverbyggjande skogsvegtiltak i bratt terreng stiller store krav til planlegging på alle nivå. Ikkje minst til standplasser, velteplasser og snuplasser som her på bildet.
Foto: Helge Kårstad