TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Kystskogbruket møtte den nye ministeren

Kystskogbruket møtte den nye ministeren

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte Kystskogbruket under eit møte i Hordaland i dag. Dale er frå Volda i Møre og Romsdal og godt kjent med utfordringane kring ein betre infrastruktur frå stubbe til skogindustri. Og poengterte at han ser fram til å bli betre kjent med skognæringa langs kysten.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 19.01.2016

Rosendal 19.01.16 F.v. leiar i Hordaland FrP Gustav Bahus, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Helge Kårstad frå Kystskogbruket og politisk rådgjevar Julia B. Nordtug.

Jon Georg Dale er frå Volda i Møre og Romsdal og tok nyleg over som landbruks- og matminister.
Og det var nettopp i nabobyga (i dag Ørsta kommune) at den første skogreisingsplanen vart klubba gjennom i heradstyret i 1950. Skogmannen Hans Berg var arkitekten for denne første skogreisingsplanen som vart eit førebilete for seinare skogreisingsplanar i dei fleste kommunar frå Vest-Agder til Finnmark.

Ei orientering om Kystskogbruket
Under eit møte i Hordaland i dag fekk Kystskogbruket høve til å møte Dale. Saman med FrP leiar i Hordaland Gustav Bahus fekk ministeren ei kort orientering om Kystskogbruket og arbeidet som er lagt ned for å betre infrastrukturen, - dvs. både skogsvegar, flaskehalsar for tømmertransporten på kommune- og fylkevegar og tømmerkaiar.
Ikkje minst i Hordaland med eit stadig veksande hogstkvantum er det eit behov for ei dobling av skogsveginvesteringane fram til 2040. Det er også eit stort behov for investeringar i tømmerkaier, først og fremst nye kaianlegg i Fusa og Granvin. Og dei kommunle- og fylkeskommunale vegane er så dårlege mange stader at det ikkje er tillate å ha lass på enkel tømmerbil. Alt dette fører til relativt høge transportkostnader for tømmer.

Ser fram til å møte skognæringa
Kystskogbruket gjorde det klart at skognæringa så langt er nøgd med denne regjeringa si positive haldning til å betre infrastrukturen i skogbruket. Dette har også kome fram i fleire møter med den tidlegare minsteren Sylvi Listhaug.
Og den nye landbruksministeren Jon Georg Dale sa også at han såg fram til å møte skognæringa framover og vidare bidra til ei berkraftig og veksande næring.