Ser på tre med andre briller
Solbriller laga av tre, kalla Woodies, er idéen Lars Sunde og Sigve Bø har omsett i eiga bedrift.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 14.02.2011
– Idéen om trebriller fekk eg sommaren 2008, då eg trilla ved hos onkelen min på Oppigard i Oppstryn. Sola stod høgt på himmelen, og denne dagen hadde eg ikkje solbriller med. Då dukka idéen om solbriller laga av tre opp. Eg kontakta Sigve Bø, som frå første stund viste genuin interesse, fortel gründer Lars G. Sunde til Fylkesmagasinet for Sogn og Fjordane. Han fann raskt ut at idéen var berekraftig.
– Vi starta med research for å finne ut om dette kunne la seg produsere. Det såg ikkje ut til at det var noko liknande på marknaden frå før. Dørene sto dermed opne for oss. Vi starta med design, utvikling og prøveproduksjon av trebriller. Den første spikka vi heime i vedskjulet mitt, fortel Sunde til Fylkesmagasinet for Sogn og Fjordane.