TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vidar Jørdre ny leiar i Hordaland Skognæringsforum

Vidar Jørdre ny leiar i Hordaland Skognæringsforum

Skogsjef Vidar Jørdre frå Vestskog SA vart denne veka vald til ny leiar av Hordaland Skognæringsforum. Eit Skognæringsforum med representantar i verdikjeden frå skog til bearbeidande treindustri er no etablert i kvart kystskogfylke.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.11.2015

Øverst: Det nyvalde styret i Hordland Skognæringsforum. Fv. Jørgen Frønsdal (styremedlem), Jens Manger (varamedlem), Vidar Jørdre (leiar), Audun Lund Eik (styremedlem), Truls Langhelle (nestleiar) og Pål Solberg (varamedlem)
Nederst: Folksamt på forsøksstasjonen. Ove Gjerde (t.h) hadde kalla inn til møtet og styrde både program og val.
Alle foto: Helge Kårstad

Hordaland Skognæringsforum held denne veka møte i historiske lokaler til NIBIO, tidlegare Vestlandets Forstlige Forsøksstasjon (etablert 1916), på Fanaflaten 4 i Fana. Leiar i Skogselskapet i Bergen og Hordaland Ove Gjerde hadde kalla inn til møtet og organiserte både program og val av nytt styre. Det var eit godt og representativt møte med representantar frå både skogeigarsida, vegplanleggarar, omsetjarar av tømmer, skogforsking, sagbruk og trebearbeidande føretak.

Kjersti Kinderås: "Felles arbeid styrkjer skognæringa"
Leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland held eit engasjerande innlegg der han m.a. fortalde korleis skognæringa burde informere lokalpolitikarar om denne fornybare og viktige vekstnæringa.
Og presiserte at Skognæringa Kyst byggjer sitt arbeid på kvart fylke sitt Skognæringsforum, frå Vest-Agder til Finnmark.
Dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kjersti Kinderås viste til betydninga av å arbeide i felleskap for å få gjennomslag for prioriterte oppgåver. Og framheva Kystskogmeldinga (2015) som no er vedteke i 10 fylkesting og som er fundamentet for arbeidet framover. Infrastruktur er sentralt i meldinga, og Kinderås viste til at samhaldet i kystskogfylka hadde hittil gitt svært gode resultat både for skogsvegbygginga og tømmerkaiane. Og det nye Infrastrukturprogrammet i kystskogbruket skal ta dette arbeidet vidare dei neste åra.

Nytt styre i Hordaland under leiing av Vidar Jørdre
Medlemsmøtet godkjende einstemmig det framlagde utkastet til vedtekter.
Det nyvalde styret i Hordaland Skognæringsforum består av Audun Lund Eik (instruktør Aktivt Skogbruk Hordaland), Jørgen Frønsdal (dagleg leiar Bergens Skog- og Treplantingsselskap), Truls Langhelle (dagleg leiar Granvin Bruk) og Vidar Jørdre (skogsjef Vestskog BA).
Som leiar vart vald Vidar Jørdre og som nestleiar Truls Langhelle.
Varamedlem er Pål Solberg (dagleg leiar Solberg Sag) og Jens Manger (Nortømmer).
Inntil vidare vil sekretariatet blir utført av Helge Kårstad, Skognæringa Kyst.