TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Oppstart av det nasjonale flaskehalsprosjektet

Oppstart av det nasjonale flaskehalsprosjektet

Norges Skogeierforbund har engasjert Skogdata til å utvikle eit verktøy for flaskehalsundersøkelsar i samband med tømmertransport. Skognæringa Kyst er samarbeidspart i prosjektet. For virkesflyten i flaskehalsane vil historiske data bli nytta i skogstrøk. I kystskogfylka manglar ofte historiske data og derfor er NIBIO engasjert til å framskaffe prognosar for framtidig hogstkvantum.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 07.11.2015

 
Sentrale i det nasjonale flaskehalsprosjektet. F.v Dag Skjølaas (prosjektleiar), Helge Kårstad fra  Skognæringa Kyst, Gro Hylen frå NIBIO, Jan Erik Nilsen fra Landbruksdirektoratet, Knut Børkelo fra NIBIO og Kjersti Kinderås fra Skognæringa Kyst. Terje Negård frå Skogdata, også leiar i styringsgruppa var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Foto: Åsmund Lang

Denne veka møttest aktørane i det nasjonale flaskehalsprosjektet som skal utførast i løpet av 2016.
Dag Skjølaas frå Norges Skogeierforbund er prosjektleiar og det er oppretta ei styringsgruppe med representantar frå skognæringa. Terje Negård frå Skogdata er leiar, vidare består gruppa av Ove Bergfjord fra Transportfelleskapet Østlandet, Øyvind Rognstad fra Borregård og Helge Kårstad fra Skognæringa Kyst.
Prosjektet er via Landbruksdirektoratet finansiert av nasjonale rentemidlar.

Store flaskehalsar for tømmertransporten på kommune- og fylkesvegar
Norsk skogindustri har lenge peika på høge transportkostnader for tømmer jamført med konkurrerande land. Mykje av grunnen til dette er relativt mykje flaskehalsar for tømmertransporten på offentlege vegar i Norge og særleg gjeld dette i kystskogfylka. Undersøkelsar frå tidleg på 2000-talet viste at kring 90 % av kommune- og fylkesvegane i kystskogfylka hadde flaskehalsar for tømmertransport. Flaskehalsane gjeld både reduserte akseltrykk og lengdebegrensingar. Noko er utbetra siste åra og noko er oppskrive utan utbetring, men likevel gjenstår det svært mykje i mange kommunar.

Skogdata og NIBIO
Norges Skogeierforbund tok i fjor initiativ til ei nasjonal flaskehalsundersøking. I ettertid er det inngått eit samarbeid med Skognæringa Kyst.
Målet er å utvikle eit verktøy for å rekne ut ekstra transportkostnader for tømmer på grunn av flaskehalsar. Dette arbeidet skal Skogdata utføre.
Virkesflyten frå skogen fram til industrien blir ein vesentleg parameter, og for dei fleste fylka fins gode historiske data for dette. Mange kommunar i kystskogfylka manglar ofte historiske data for virkesflyt kopla til dei offentlege utkøyringsvegane. Grunnen til dette er som oftast at det enno ikkje har vore drive noko særleg skogsdrift. Men skogreisinga etter krigen fører til ein sterk auke i hogstkvantum fram til 2040. Derfor er NIBIO engasjert til å framskaffe prognosar for framtidig hogstkvantum og kopla til uttransporten på til dei offentlege vegane.
.