TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Partiet Venstre vil halvere skogsvegløyvinga

Partiet Venstre vil halvere skogsvegløyvinga

I sitt alternative statsbudsjett for 2016 føreslår partiet Venstre å kutte 65 millionar kroner i statstilskot til skogsvegar. Dette er om lag halve skogsvegløyvinga som regjeringa har føreslege.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.11.2015

 
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har dobla skogsvegløyvingane siste åra. Dette har blitt svært godt motteke i næringa, - her frå gårsdagens befaring i Baldersheim i Fusa kommune i Hordaland. Her byggjer engasjerte skogeigarar ein 5 km langs skogsbilveg fram til hogstmoden granskog. Utan Listhaug si satsing på skogsvegar hadde ikkje dette vore muleg.
No vil partiet Venstre kutte dramatisk i skogsvegløyvingane til denne forbybare og distriktsvenlege næringa.
F.v. skogeigarane Magnar Selsvold og Torbjørn Rusås, vegplanleggjar Ove Frotvedt og entreprenør Orra.
Foto: Helge Kårstad

I sitt alternative statsbudsjett for 2016 føreslår partiet Venstre å kutte 65 millionar kroner i statstilskot til skogsvegar. Dette er om lag halve skogsvegløyvinga som regjeringa har føreslege for 2016.
Dei kuttar 20 millionar kroner i regjeringa sitt framlegg over kapittel 1149, post 73 i statsbudsjettet (er sannsynlegvis post 71 fordi den m.a. gjeld løyving til skogsvegar). Så føreslår dei å kutte 45 millionar kroner som er sett av i jordbruksavtalen (LUF, kapittel 1150, post 50) som allereie er vedteke av Stortinget (17 juni, prop. 127 S, 2015-16).

Venstre vil ikkje bidra
Av historiske grunnar har kystskogfylka om lag halve skogsvegdekninga samanlikna med innlandet. Mange stader er anlegg av ny skogsveg ein føresetnad for i det heile å få fram skogen.
Skognæringa Kyst har nyleg lagt fram eit Infrastrukturprogram som viser eit behov for ei ekstraordinær satsing på infrastruktur for å oppnå målsetjinga i SKOG22 om auka verdiskaping. Mykje av bakgrunnen for dette er den suksessrike skogplantinga for å byggje landet etter krigen.
Likeeins har Skognæringa Kyst lagt fram sine ynskjer til alle politiske parti om å auke løyvingane til skogsvegar med 50 millionar kroner for 2016.
Venstre sitt alternative budsjett for 2016 viser at partiet ikkje vil bidra til å fremje den fornybare, vekstkraftige og distriktsvenlege skognæringa i kystskogfylka.

Les meir om Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2016 her: 
https://www.venstre.no/assets/Venstres-statsbudsjett-2016-endelig-021115.pdf

Les avisa Hordaland sitt oppslag om denne saka i dag, her