TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/«Kjerringa mot strømmen»

«Kjerringa mot strømmen»

«Ein god fabrikk med ein god arbeidstokk» sa adm. dir. Odd Morten Aalberg ved Mm Karton Follacell As på Kystskogkonferansen 14. oktober. Om fabrikken som vart lagt ned i 2012 og starta opp igjen eit år etterpå og som i ettertid har levert gode resultat.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.10.2015

Øverst: Sentrale ved MM Karton Follacell As i Verran kommune. F.v. Tove Lyngås Berg, Roy Inge Mikkelsen og fabrikksjef Odd Morten Aalberg.
Nederst: CTMP-masse klar for sending til ein kartongfabrikk i Mayr Melnhof konsernet.
Alle foto: Helge Kårstad

Unikt innafor norsk landbasert industri i nyare tid
Adm.dir Odd morten Aalberg held eit svært motiverande og interessant innlegg på Kystskogkonferansen i Stjørdal 14. oktober. Om fabrikken på Follafoss i Verran kommune i Nord-Trøndelag som produserar CTMP-masse (termomekanisk papirmasse) til bruk i kartong og emballasjer. Og utviklinga ved fabrikken er på mange vis unik innafor norsk landbasert industri i nyare tid. Sødra Cell overtok fabrikken i år 2000 og bestemte seg 12 år etterpå (seinhaustes 2012) for å legge ned. Og det var mange som då frykta at dette var slutten og samtidig ville ein viktig og stor mottakar av skogsvirke frå regionen forsvinne. Men slik skulle det ikkje gå.

Follafoss starta opp igjen etter 1 år
Det var stor glede i Verran kommune då det seinare vart kjent at Mayr Melnhof konsernet med hovudkontor i Wien ville kjøpe fabrikken og dermed kom drifta i gang igjen, - ca. 1 år etter nedlegginga. Mayr Melnhof konsernet har totalt ca. 9000 tilsette i 17 land og treng tremasse frå Follafoss for å lage kartong og emballasjer. Konsernet er leiande i Europa innafor kartongindustrien.
Produksjonsmåla ved fabrikken i Follafoss vart raskt auka ved oppstart og resultata har hittil vore i tråd med målsetjinga kunne Aalberg fortelje. Han rosa arbeidsstokken og kunne samtidig fortelje om ein eigar som ville satse framover.

CTMP-masse
Dette er i utgangspunktet ei mekanisk bearbeidd tremasse som blir tilsett kokande vatn, damp og kjemikaliar. Deretter blir denne massen tørka og pakka i baller for transport til kartongfabrikkar for produksjon av kartong og emballasjer. Den mekaniske bearbeidinga gjer at den ferdige masse inneheld opprinnelege trefibrar og dette gir mange gode eigenskapar, - m.a styrke og sugeeigenskapar. Bleier blir m.a. eit av dei ferdige produkta.

Aukande trong for råstoff/ skogsvirke
MM Karton Follacell AS produserte i 2013 ca. 130 000 tonn kjemisk, termomekanisk masse. Dette betyr eit forbruk på ca. 350 000 fm3 skogsvirke (rundtømmer inkludert flis).
Måsetjinga er pr. i dag ein jamn auke til ca. 470 000 fm3 (inkludert flis) i 2023. Fabrikken brukar vesentleg gran og furu men kan også motta sitka, bjørk og osp etter nærmare avtale. Litt over halvparten av skogsvirket kjem med båt. Det er eit mål å skaffe mest mogleg lokalt virke. Aalberg viste også til at det er interessant å hente virke frå deler av Nordland og sørover mot Vestlandet.

Ei hjørnesteinsbedrift
Fabrikken i Follafoss er ei hjørnesteinsbedrift i Verran kommune. Den vart etablert som eit sagbruk i 1901, tresliperiet kom på plass allereie i 1909. Men det var først i 1984 at dåverande eigaren Bjørn Lyng starta opp produksjon av termomekanisk masse (CTMP) og i ettertid har både Norske Skog og Cødra Cell vore eigar av fabrikken. Ved fabrikken er det i dag 48 tilsette.