TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Statsbudsjettet; meir til skog-, klima- og energi.

Statsbudsjettet; meir til skog-, klima- og energi.

Statsbudsjettet for 2016 som vart lagd fram i dag, viser ei auke i bevilgninga i tilskott til skog,- klima,- og energitiltak.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 07.10.2015

Tilskott til skog,- klima,- og energitiltak er auka med 33 millionar kroner. Regjeringa vil i følgje budsjettproposisjonen styrke bevilgninga til dei klimapolitiske målsettingane i forvaltninga av skog. Skogtiltak blir sett på som blant dei mest kostnadseffektive klimatiltaka, samstundes som det har ein positiv effekt for næringa.

-Det er gledelege at ein over landbruksdepartementet sitt budsjett for 2016 satsar på klimatiltak i skog, seier Jan Ivar Rødland, styreleiar i Skognærings Kyst. I kystskogmelding for 2015 har ein framheva tiltak som fremmer tettare planting, gjødsling av skog og skogplanteforedling som sers viktige tiltak for klimatiltak. Difor er det ekstra gledeleg at dette kjem så tydeleg fram i årets statsbudsjett.

Skogens potensielle bidrag til det grøne skiftet er likevel langt større enn det regjeringa legg opp til i budsjettet. Skognærings Kyst meiner det trengs mykje sterkare satsing om vi skal få ei rask og verknadsfull realisering av skogens klimapotensiale.

Foto: Torgunn Sollid