Ei eldsjel for det grøne karbonet
Heile verda snakkar no om det grøne fornybare karbonet frå skogen. I mange norske bygder fins eldsjeler som alltid har hatt trua på skogen. Alf Haugsbø Lien frå Bygstad i Sunnfjord er ei ekte eldsjel for skogen.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.09.2015
![]() |
Øverst: Interessentane i skogsvegen saman med skogbrukssjef og tidlegare skogreisingsleiar på den nye skogsvegan på Haugsbø i Sunnfjord. Bak f.v. Arne Bjarte Haugsbø, John Yndestad, Thomas Haugsbø, Sverre Hestad (tidlegare skogreisingsleiar), Arne Mundal, Karstein Yndestad, Rune Haugsbø og Alf Haugsbø Lien. Framme f.v. Nino Haugsbø og Magnus Mo (skogbruksjef). Interessentane Gerd og Andreas Styve og John Flåm var ikkje til stades då biletet vart teke. Nederst: Naboar og bygdefolk set stor pris på Alf Haugsbø Lien (lengst til høgre) og overrekte han ei splitter ny motorsag under opninga av skogsvegen. Entreprenør Ander Haugsbø som bygde vegen står som nr. 3 framme til høgre. Alle foto: Helge Kårstad |
![]() |
Ukueleg eldsjel
På vegne av interessentane inviterte Alf Haugsbø Lien bygdefolk, naboar, rådmann og ordførar til å opne ein nybygd skogsbilveg (Klibbernvegen).
Det har bokstaveleg tala vore ein lang veg fram. Det heile starta like før århundreskiftet og det tok såleis nærmare 20 år med planlegging og diskusjonar i bygda, kommune og fylke før vegen kunne byggjast og snora kunne klippast av ordføraren 30. august 2015.
Og heile tida har Alf stått på, ukueleg optimist og positivt løysingsorientert. Og nettopp dette har dei andre naboane og interessentane sett svært pris på. Så stor pris at Alf fekk overlevert ei splitter ny motorsag under opninga.
Skogsvegen halverar driftskostnaden
Alf Haugsbø Lien er bonde og tidlegare meieriarbeidar. Far til Alf var svært interessert i skogplanting for å styrkje gardsdrifta og dei første granplantingane er faktisk frå 1924. Han var nok såleis ein av dei første som planta gran i heile Sunnfjord og ein del av dette er allereie hogge. I dag står det kring 3000 kubikkmeter grantømmer (hogstklasse 4 og 5) i området som denne vegen no løyser ut og som drivast med hogstmaskin.
Men det er også store areal med yngre grasnkog, beiteareal og areal som delvis er tilvakse med lauvskog. Det er bygd 1092 meter heilårs traktorveg (klasse 7) og 855 meter skogsbilveg (klasse 4). Skogsvegane muleggjer ei effektiv skogsdrift, og vil bortimot halvere totale driftskostnder frå ca 300 kroner pr. kubikkmeter til ca 150 kroner pr. kubikkmeter.
Totalt er 9 grunneigarar med i dette fellestiltaket for skogsvegane. Anleggsentreprenør Ander Haugsbø frå Bygstad har bygd vegen. Slik vegen framstår idag er det eit førsteklasses eksempel på ein skogsveg som tilfredstiller alle tekniske- og miljømessige krav.
Opna av ordføraren
Ordførar Mathias Råheim i Gaular kommune opna skogsvegen (Klibbernvegen) med skikkelelg svans. Med god hjelp av tidlegare skogreisingsleiar Sverre Hestad og noverande fylkesskomeister Torkel Hofseth var det ingen problem å sage over granstokken. Ordføraren gratulerte med vegen og understreka at slike tiltak var svært viktige for kommunen fordi det skapte arbeid til mange og at eldsjeler som Alf ofte var ein føresetnad for å få til slike gode fellestiltak. - «Me håpar sjølvsagt på å få på plass igjen foredling av skogen i eigen kommune» sa Råheim og viste til planane ved tidlegare Sunnfjord Sag.
![]() |
Ordførar Mathias Råheim opna Klibbernvegen med svans. Tidlegare skogreisingsleiar Sverre Hestad held i stokken og fylkesskogmeister Torkel Hofseth prøver halde takten. Foto: Helge Kårstad |
Skogreisingsleiaren har bidrege til milliardverdiar
Haugsbø-gardane er del av eit større skogomreåde som strekkjer seg fleire kilometer på nordsida av Bygstad innerst i Dalsfjorden. Det vart planta ein del skog i området allereie før 2. verdskrig og ikkje minst var skulen og undomslaget i bygda sentrale pådrivarar den gongen. Men det var særleg frå 1960 at det skaut fart. Tidlegare skogreisingsleiar Sverre Hestad kunne på skogdagen fortelje gode historier frå denne tida etter kringen då landet skulle byggjast på nytt.
Hestad vart tilsett som skogreisingsleiar i Gaular kommune i 1961 og i løpet av 20 år medverka han til at heile 25 000 dekar mark vart planta med gran i kommunen. Hestad fortel at det var størst aktivtet kring 1970 og rekorden var 400 000 planter i jorda i 1967. Dette er mykje når vi veit at i dag blir det planta om lag det same i heile fylket.
I dag må vi rekne med at denne skogen frå skogreisingsleiaren si tid produserar årleg minst 25 000 kubikkmeter tømmer og at hogstperioden vil vere tilsvarande 20 år, frå ca. 2015 til 2035. Årleg førstehandsverdi eller salspris for skogeigar er ca. 10 millionar kroner. Dette er inntekt til skogeigarar og hogstentreprenør. Dersom denne skogen blir foredla lokalt, i fylket eller Norge gir det ei årleg verdiskaping kring 100 millionar kroner. Dette er arbeid/ inntekter som denne skogen årleg gir til skogeigarar, anleggsentreprenørar, skogsentreprenørar, transportørar, omsetjarar av skogsvirket og skogindustri. Dette arbeidet skjer kvar einaste dag året rundt, om ein ser kystskogfylka under eitt. Tilleggast må jo at slik stoda er i dag, blir mesteparten av skogen frå Gaular foredla i utlandet og den innanlandske delen av verdiskapinga blir minst halvert.
![]() |
Skogbruksjef Magnus Mo (til høgre) orienterte om saksprosessen for denne skogsvegen som tok nærmare 20 år før vegen var ferdigbygd. Han rosa vegformann og eldsjela Alf Haugsbø Lien (til venstre) for ukueleg optimist og løysingsorientert. Foto: Helge Kårstad |
Lang sakshandsaming og avveging av ulike interesser
Skogbruksjef Magnus Mo orienterte om prosessen for å få fram vegen og la ikkje skjul på at det hadde vore mykje sakshandsaming ved denne vegen. Noko av grunnen var ulike miljøinteresser som ville avgrense veglengda i høve den opphavelege planen. Grunneigarane argumentere i denne prosessen med at den lengste framføringa ville gjere det lettare å vedlikehalde stølsbygningar i området. Konklusjonen vart ei noko redusert framføring av skogsvegen enn planlagt. Dette er ei løysing som no er akseptert og ferdigbygd. Også skogbruksjefen poengterte kor viktig det er å få til eit godt samarbeid for å få fram gode vegløysingar, og la ikkje skjul på at han var imponert over arbeidet til Alf.
Mo kommenterte også at i tillegg til statstilskot er skogfondsordninga svært gunstig der det er hoggande skog. Ved hogst bør det setjast av maksimalt skogfond som med ein gong kan setjast inn i skogsvegbygging eller planting. Skogfondet får du tilbake og i tillegg sparer du skatt så det monnar, som du kan bruke til å betale vegen eller ny skogplanting.
Interessentane i Klibbernvegen rosar skogbruksjef Magnus Mo og tidlegare skogreisingsleiar Sverre Hestad for å ha gjort ein kjempejobb og for å ha bidrege til ei god løysing for alle partar i alle desse åra.