TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ei strålande kaiopning i Molde

Ei strålande kaiopning i Molde

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opna Malo tømmerkai denne veka. I strålande haustveir stilte kring 100 personar på kaia der det var både talar, store vyer for skognæringa og ikkje minst bacalaoen i teltet på kaien. «Ein gledens dag for skognæringa» sa ministeren til forsamlinga og etterpå til NRK reportar Gunnar Sandvik i ettermiddagssendinga til heile folket i Møre og Romsdal.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.09.2015

 
Øverst: Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opnar Malo Tømmerterminal med skarp øks. Til høgre dagleg leiar i DL Malo Holding Olav Erik Witzøe og NRK reportar Gunnar Sandvik. I bakgrunnen tømmerbilanen til Mølmen Transport frå den andre sida av Langfjorden.
Nederst: Tidlegare fylkesskogsjef i Møre og Romsdal Harald Nymoen takkar kaieigar Kåre Malo for denne satsinga på skognæringa i Romsdalen og overleverte på vegne av Kystskogbruket siste utgåve av Melding om Kystskogbruket.
Alle foto: Helge Kårstad
 

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug kom køyrande til den nye kaia på Malo i skikkeleg tømmerbil. Sjåfør var Jan Audun Mølmen i firmaet Mølmen Transport frå Åfarnes i Rauma. Ho helsa eigarane og den talrike forsamlinga med dagen og understreka at dette var ein stor dag for skognæringa i Møre og Romsdal. Dagleg leiar i DL Malo Holding Olav Erik Witzøe sa i si velkomst tale at dette var viktig for skognæringa, men at det også opna for nye mulegheiter for denne gode tomta til tidlegare Malo Sagbruk.

Viktig å få opp fleire tømmerkaiar
Listhaug kommenterte at skogreisinga hadde gitt store verdiar og at dette no bidrog til arbeidsplassar både i skogen, innan transporten og ikkje minst innan den lokale og nasjonale delen av foredlinga av skogsvirket. Og nettopp denne innanlands foredlinga av skogsvirket ville gjerne ministeren sjå auke.
Til NRK Møre og Romsdal (sjå under) understrka Sylvi Listhaug ei stor verdiskaping nettopp i skognæringa og sa «at det ville vere viktig å få opp fleire tømmerkaiar» for å få til effektiv transport av tømmeret frå skogen langs kysten.
Kaifronten ved Malo tømmerkai er forsterka og det er lagt fast dekke på eit bakareal. På tømmerkaien er montert nye støtter (casingrør), kapasiteten er større, lessing med hjullaster går raskare og tømmerbilane slepp meterdjupe hjulspor og lossinga vil gå lettare. Det er venta at det årleg vil gå inntil 100 000 kubikkmeter tømmer over kaien, til nasjonal skogindustri (særleg i Trøndelag) og til eksport.

Mange helsingar
Tidlegare fylkesskogsjef i Møre og Romsdal Harald Nymoen rosa kaieigarane v/ Kåre Malo og dagleg leier i DL Malo Holding Olav Erik Witzøe for at dei hadde gjennomført denne opprustinga og med det lagt vilkåra til rette for auka innsats i skogane i Romsdalen. Og la til: «Ein effektiv Malo tømmerterminal legg også grunnlaget for utbygging av skogindustri i Møre og Romsdal fordi tømmeret uansett vil vere billegare å transportere sjøveien kontra landevegen». Nymoen understreka kor viktig samarbeidet i dei 10 kystskogfylka har vore for å fremje denne satsinga på tømmerkaier. Han gav til slutt landbruks- og matminister Sylvi Listhaug honnør for å ha fokusert så sterkt på ein betre infrastruktur for skognæringa langs kysten.

Dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kjersti Kinderås gratulerte kaieigaren med dagen og helsa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug med å seia at «Regjeringens satsing på tømmerkaier og skogsveier er avgjørende for å kunne øke aktiviteten og verdiskapinga i kystskogbruket. Vi ser at regjeringen har prioritert dette og det er veldig bra». Kinderås understreka at det også er heilt i tråd med den fylkeskommunale «Melding om kystskogbruket» som nyleg er rullert og vedteke i 10 fylkeskommunar. Til slutt sa Kinderås: Det er svært stor etterspørsel etter statlig medfinansiering til tømmerkaier langs kysten og det er viktig at staten følger opp fremover»
Det vart vidare bore fram helsingar frå fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Åsen, direktør i Treindustrien Heidi Kielland, styreleiar i Molde Næringsforum Olav Gjerland og landbruksdirektør Anne Berit Løset.

Fagprogram og bacalao i telt
Etter matøkt med bacalao i teltet vart det presentert 4 innlegg. Ivar Melkild frå Transportselskapet Nord er ansvarleg for logistikken til tømmertransporten innan Allskog i Møre og Romsdal. Melkild framheva i sitt innlegg betydinga av tømmerkaiane og meinte det ville vere heilt avgjerande å fullføre denne satsinga.
Ole Kårvåg frå BioCluster i Kristiansund fortalde for første gong offentleg om dei unike planane for ny skogindustri. Dette kan du høyre meir om i reportasjen til NRK Møre og Romsdal (under).
Leiar i Møre og Romsdal Skognæringsforum Terje Kolstad helst eit engasjerande innlegg der han var urokkeleg i trua på meir skogindustri i Møre og Romsdal. Han viste til den store satsinga innanfor skogbruket i historisk tid og meinte at også tiltaket på Malo gav von om betre tider i skognæringa og også for utvikling av lokal skogindustri.
Til slutt fekk vi høyre stortingsrepresentant Helge Orten som framheva skognæringa som ei næring i vekst. Men også ei næring som ville ha stor nytte av den generelle betringa av vegnettet i Møre og Romsdal, - «opprustinga av tømmerkaien på Malo viser at det nyttar å satse» sa Orten.

NRK Møre og Romsdal med stor sending frå dagen
NRK Møre og Romsdal laga ein fyldig reportasje om skog og skogindustri i ettermiddagssendinga denne dagen. Det er heile 4 innslag (nummererte i sendinga):
2. «Malo Tømmerkai» der landbruks- og matminister Sylvi Listhaug er intervjua, vidare eigaren Kåre Malo og dagleg leiar i DL Malo Holding Olav Erik Witzøe.
12. «Skogen Som framtidsnæring» der landbruksdirektør Anne Berit Løset er intervjua
13. «Gründer gir aldri opp» der Ole Kårvåg er intervjua
14. «BioCluster» der aktørane Ole Kårvåg og Bjørn Sørensen er intervjua.
Gå direkte inn her:
https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-moere-og-romsdal/DKMR02017315/01-09-2015#t=14m6s 
eller søk NRK Møre og Romsdal – radio – sesong 2015 – 1. september og velg «God ettermiddag Møre og Romsdal».
 
Bilda under (alle foto Helge Kårstad):
Bilde nr. 1 (øverst): Direktør i Treindustrien Heidi Kielland framfører helsingar på tømmerkaia
Bilde nr. 2: F.v fylkesordførar Jon Åsen og vidare dagleg leiar i Molde Næringsforum Olav Gjerland
Bilde nr. 3: F.v dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kjersti Kinderås, deretter sjåfør Jon Audun Mølmen i Mølmen transport. Dei to siste sjåførane manglar vi namn på, men dei køyrer tømmer i Mølmen transport.
Bilde nr. 4: Ole Kårvåg orienterar forsamlinga om nye skogindustriplaner i Møre og Romsdal
Bilde nr. 5: Terje Kolstad er dagleg leiar i Mørog og Romsdal Skognæringforum
Bilde nr. 6: Stortingsrepresentant Helge Orten