Imponerte statsråden
Etter dåp av skogplattform på Bømlo opna Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ein skogsveg i Bontveitdalen i Bergen. Eit besøk i den 83 år gamle sitkaskogen til Ola Bontveit imponerte statsråden.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.08.2015
Øverst: F.v sagbruksseigar Pål Solberg, Sylvi Listhaug med caps frå Solberg Sag og skogeigar Ola Bontveit. Sitkaskogen til Ola, med dei gode resultata (i bakgrunnen) har no fått vegutløysing. Nederst: Jan Ole Skage frå NIBIO fortel om eventyrleg produksjon i sitkaskogen jamført med vanleg gran. Alle foto: Helge Kårstad |
Ola Bontveit er fødd i 1932, same året som sitkaplantene vart planta på eigedomen hans på Bontveit i Fana. Og som han sjølv sa til statsråden: "eg har no følg desse plantene heile livet". Og produksjonen i desse felta som no er 83 år gamle viser tal som også imponerte statsråden.
Ein eventyrleg produksjon i sitkaskogen
Det vart planta både vanleg gran og sitkagran i 2 ulike felt i 1932. Jan Ole Skage ved NIBIO (tidlegare Skog og Landskap) kunne fortelje at det vart lagt ut forsøksflater i begge felta i 1984 og det er seinare føreteke 5 målingar, siste måling er frå mai 2015. Begge felta (sitkagran og vanleg gran) ligg på ca. 400 moh. og har same bonitet/ veksetilhøve.
I dag står det 132 kubikkmeter tømmer pr. dekar i sitkafeltet og 54 kubikkmeter tømmer pr. dekar i granfeltet.
Gjennomsnittleg tilvekst er 0,9 kubikkmeter pr. dekar for grana (som er eit svært godt tal i nasjonal samanheng). Men gjennomsnittleg tilvekst i sitkaskogen er heile 2,9 kubikkmeter pr. dekar. Middelhøgde på sitkatrea er 34,2 meter og tilsvarende 23,1 meter for gran. Nesten utrulege tal for sitka..
Skage seier til underteikna (etter møtet) at dette tilhøvet mellom gran og stikagran vil gjelde tilsvarande andre stader på Vestlandet, gitt same bonitet og høgdelag.
I debatten som følgde var noko av konklusjonen at sjølv med ein noko lågare pris for sagtømmer av siktagran kontra vanleg gran, så er skogproduksjon med sitkagran noko med det beste ein grunneigar kan bruke utmarka si til, - då utrekna pr. dekar og år. Men særleg sitkagran må ikkje hoggast i for ung alder, i bestand og i dette høgdelaget toler den stå i 70-80 år utan at dimensjonane blir for store.
Svært høg kvaltiet på skogsvirket i gammal sitkaskog
Kvalitet på sitkatømmer frå skog som har stått i minst 80 år er det beste som fins sa Pål Solberg frå Solberg Sag. Pål Solberg driv saman med familien Solberg Sag på Osterøy og bedrifta tel idag 5 årsverk.
Solberg kjøpar alle slags treslag (gran, furu, einer, hemlock, lerk, edelgran, bjørk, eik, alm, ask, lind, bøk osp) og har kundar over heile Hordaland. Han leverar høvla last av sitkagran, - både konstruksjonsvirke og som kledning. Pål framheva mange av dei gode eigenskapane til sitkagrana, m.a er den formsterk og eignar seg svært godt som uhøvla villmarkspanel. Nyleg leverte også Solberg Sag ei prøvelass av sitkagran til ein skifabrikk på Oppdal. Resultata derifrå er svært spennande og dette vil vi kome tilbake til i ein seinare reportasje.
Pål sa til Landbruks- og matministeren at sitkagrana hadde dei beste kvalitetane uansett tresalg. Styrkeeigenskapane sett i høve til vekt er særleg gode. Men det måtte vere gammal sitka, - helst over 80 år og gjerne eldre.