TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Listhaug skal døype første skogplattform

Listhaug skal døype første skogplattform

Energihogst AS frå Austevoll har nyleg utvikla ein lekter til den første moderne "skogplattforma" i Europa. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug skal 20.august døype denne lekteren på Rubbestadneset i Bømlo. Same dag (kveld) skal ho opne ein nybygd skogbilveg på Bontveit i Bergen kommune.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.08.2015

 

Øverst: Det pågår i desse dagar skogsdrift på Bømlo i Hordaland. Bildet viser den moderne skogplattforma på 91 x 28 meter som no ligg på Rubbestadneset og skal døypast 20. august. 
Nederst: Sentrale aktørar i selskapet Energihogs AS. F.v. Lyder Birkeland, Benny Frånber og Ole Andres Aunet.
Alle foto: Helge Kårstad

 

Landbruks- og matminster Sylvi Listhaug kjem til Bergen og Bømlo torsdag 20. august.
Hovudtema er fokus på resultat innafor infrastruktur i skogbruket. Ministeren vil m.a. døype ei flytande skogplattform (lekter) på Rubbestadneset i Bømlo kommune. Anna fagleg program og omvisning på lekteren inngår i programmet. Seinare på dagen vil ho opne ein nybygd skogsbilveg på Bontveit i Fana.

Energihogst har utvikla den føste skogplattforma i Europa
Selskapet Energihogst AS fra Austevoll har nyleg utvikla ein lekter til ei moderne «skogplattform». Lekteren er 91 meter lang, 28 meter brei og rommer lugarar og opphaldsrom for skogsarbeidarar, rom for parkering og vedlikehald av hogstmaskin, lassberar, gravemaskin og tømmerbil. I tillegg fungerar lekteren som ein flytende kai og rommar 8-10 000 kubikkmeter tømmer. Moderne fasilitetar og strenge krav til helse, miljø og sikkerheit gjer dette til den første kjende flytande skogplattform i Europa.
Skogen i kystskogfylka har relativt kort veg til sjø. Eit aukande hogstkvantum sammen med ein miljøvenleg og kostnadseffektiv transport på sjø, gjer denne flytende arbeidsplattforma til ei spennande driftsform i skogbruket for framtida.

Fleirbruksvegar og halv milliard i verdiskaping
Bontveitdalen veglag i Fana/ Bergen kommune har siste åra bygd ca. 20 km skogsbilvegar. Desse vegane løyser ut ca. 100 000 kubikkmeter tømmer dei nærmeste 20 åra og gir ei verdiskaping i fylket på ca. ein halv milliard kroner. Skogsvegane på Bontveit er også viktige turvegar/ fleirbruksvegar. 
Skogsvegen Bontveitveien er nyleg ferdigbygd og skogeigarane på Bontveit ynskjer at Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug skal opne denne vegen torsdag 20. august kl 16.30. 

Du er og Velkommen til begge arrangementa !
Meir info og påmelding her

 
Øverst: Tømmerbilen på veg frå hogstfeltet til lossing ombord i skogplattforma/ lekteren. Legg merke til landgangen.
Nederst: Det er store dimensjonar og god plass i skogplattforma. I tillegg til lugarar, opphaldsrom for skogsarbeidarar, rom for parkering og vedlikehald av skogsmaskiner er det også plass til 8-10 000 kubikkmeter tømmer og tømmerbilen snur i tillegg med hengar.
Alle foto: Helge Kårstad