TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Konkrete resultat for Vest-Agder Skog- og trenæringsforum.

Konkrete resultat for Vest-Agder Skog- og trenæringsforum.

Vest-Agder Skog- og Trenæringsforum gjennomførte sitt årsmøte på Høgtun Kultursenter i Øyslebø 21. mai. Eit engasjert styre kunne vise til konkrete resultat frå forumsarbeidet. Dette har dei fått til utan at styret har brukt mykje tid på møteverksemd.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 27.06.2015

 

Marnar Bruk

Årsmøtet starta med omvising på Marnar Bruk i Marnardal, ein kommune med drygt 2200 innbyggjarar. Marnar Bruk produserer trykkimpregnert, Royalimpregnert og varmebehandla trevirke som vert brukt på fasadar, i terrassar, tak, støyskjermar og limtredragarar. Bedrifta vart etablert i 1976 i Mandal. Den gongen var det kun Marnar Bruk som var produsent i Norge, men i dag er det fleire konkurrentar på royalimpregnert materiale i Noreg. Den opphavelege produksjonsmåten er framleis den beste, slik er det lange tradisjonar som blir halde i hevd.

Da bedrifta hadde behov for å utvide produksjonslokala i 2011, vart løysinga åflytte heile produksjonen til Marnardal.

Her er det god plass på industriområdet, med moglegheit for vidare utviding om det trengs. Bedrifta har 12 faste tilsette, men bedrifta utvider stadig, og 3-4 nye tilsette er på trappene.

Marnar bruk er slik ei stor bedrift i kommunen, og etablereinga av bedrifta har vore svært positiv.Da bedrifta hadde behov for å utvide produksjonslokala i 2011, vart løysinga å flytte heile produksjonen til Marnardal. Her er det god plass på industriområdet, med moglegheit for vidare utviding om det trengs. Bedrifta har 12 faste tilsette, men bedrifta utvider stadig, og 3-4 nye tilsette er på trappene. Marnar bruk er slik ei stor bedrift i kommunen, og etablereinga av bedrifta har vore svært positiv.

 Høgtun Kultursenter – tradisjonsbygg i tømmerlaft  

Etter omvisinga på Marnar Bruk køyrde forsamlinga til Høgtun Kultursenter. Her vart det årsmøte med servering i ærverdige lokale. Anlegget vart opphavleg bygd som ein folkehøgskule i 1922, og låg i det som då heitte Øyslebø kommune. Anlegget har 4 bygg; hovudbygget, verkstad- og uthus, Borghallen (festsal kombinert med gymnastikksal) og styrarbustad (med to leigebustader) Alle bygga er tømra – flotte eksempel på norsk byggeskikk og bruk av tre!

Staden vert nytta som kultursenter med lokale for organisasjonar og utleige til private, i tillegg til lokale for kunst- og museumsutstillingar. Styrarbustaden er i dag museumslokale. Anlegget ligg på ei høgd med flott utsyn over bygda Øyslebø og elva

Årsmøtet
Vest-Agder Skog- og trenæringsfroum vart etablert i 2013, og på etableringsmøtet vart hovudfokuset for det nyetablerte forumet sett på utfordringane knytta til transport av skog- og treprodukt, som lengde- og vektrestriksjonar for kjøretøy og utbetring av flaksehalsar på vegnettet.

Jon Anker Telhaug (Eikås Sagbruk AS), Per Birkeland (Marnar Bruk AS og ANS Byglandsfjord Sag) har på vegne av sine bedrifter og til nytte for heile verdiskjeden, vore aktive i arbeidet for å betre transportsituasjonen i V-A.

Gennomgangen av forumsaktiviteten i Vest-Agder for 2014 viste at trass i knappe ressursar for arbeidet, kan forumet vise til fleire gode initiativ og godt arbeid. Innsatsen frå forumsmedlemmer har gjeve konkrete resultat og gjennomslag på område som betrar rammevilkåra næringa.

Mellom anna er det gjort stor innsats for å få til ei oppskriving av vegar som er vitige for transport i skog- og trenæringa i regionen, her har vegvesenet bidrege konstruktivt i arbeidet.
 

 Dette har ført til at fylkes- og riksvegnettet har vorte ganske bra. No står det berre att å få gjennomført eit tilsvarande arbeid opp mot kommunane for å få til en oppskriving av dei viktigaste kommunale vegane der det er mogleg.

Forumet har dessutan gjeve høyringsuttale på en rekke høyringar, mellom anna Skog22 og Melding om kystskogbruket, i tillegg har leiar for forumet, Olav Eikeland (Huntonitt AS) delteke på ei rekkje møter i regi av Kystskogbruket og som representert forumet i Vest-Agder Landbruksforum.
 

Tema som kom opp for det vidare arbeidet i forumet var

  • Etablering av prosjekt med tema «skogeigaraktivitet»
  • Alternativt prosjekt «bedriftsnettverk»
  • Fortsette arbeidet med mål om oppskriving av veier, logistikkutfordringar og tømmerkaier.
  • Varestrømmen i verdikjedene knyta til skog- og trebruk i Vest-Agder kryssar grensa til Aust-Agder begge vegar, utredning av ei utviding av arbeidet for verdikjedene i skog- og trenæringa er difor ønskeleg.

Styret fekk fornya tillit, med utskifting av representanten frå Agder Skogselskap. Styret skal konstituera seg på første styremøte, og det vil koma endringar i rollefordeling. Det nye styret er samansett av:

  • Olav Eikeland, Huntonitt AS
  • Per Birkeland, Marnar Bruk AS og ANS Byglandsfjord Sag
  • Simon Torsdal, AT-Skog
  • Kåre Haugaas, Skogselskapet Agder

 
 
Desse deltok på årsmøtet, frå venstre: Karl Gjermund damli (FMVA), Olav Eikeland, (Hunonitt AS), Loyd Gundersen (NEG skog), Jon Anker Telhaug (Eikås Sagbruk AS), Per Birkeland (Marnar Bruk AS og ANS Byglandsfjord Sag), Åse Marie Bue(Agder Skogselskap) og Ole Stabekk (FMVA)