Gjev gode råd til skogeigarar
Skogsentreprenør Svein Valaker i Lindås i Hordaland gir ofte råd til skogeigarar om å vente med hogsten. "Å hogge ungskog er hakkande gale. Tapt kvalitetstilvekst og halvering av utbytet for skogeigar blir resultatet" seier Valaker.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.06.2015
Øverst: Skogsentreprenør Svein Valaker (bakerst) gjev ofte råd til skogeigarar om å vente med hogsten til skogen er gammal nok. I midten ein godt nøgd skogeigar Tor Husebø i Meland kommune og t.v Marte Storebø som organiserar skogplanting for Nortømmer i Hordaland. Midten: Skogeigar Inge Alver i Lindås er også svært nøgd med både skogsdrifta, det økonomiske resultatet og ikkje minst at han har planta ny granskog med lokalt frø som vil gi god kvalitet på det framtidige tømmeret. Inge Alver trur også at jordsmonn betyr mykje og viser fram flotte grantre i ei austvend li med godt forvitra anortositt- og glimmerhaldige bergarter og djup jord. Nederst: Skogplantar Janise Staniskaw frå Polen har nett fullført granplantinga hos Inge Alver. Marte Storebø som organiserar plantinga seier at god kommunikasjon med skogeigarar er heilt avgjerande for å få arbeidet utført. Alle foto: Helge Kårstad |
Det lønar seg ikkje å hogge ungskog
Hogsten av skogreisingsskogen etter krigen er i full gang. Utfordringane står i kø og resultata er vareierande.
For ca. 30 år sidan var slagordet "Til skogs no" og frykta for at gammal skog rotna på rot var stor.
Etter at hogsten for alvor kom igang er frykta den motsette; - frykta for at skogen blir hogge for tidleg.
Og den siste frykta har auka kraftig siste åra og breidd seg langs heile kysten, ja heile landet med.
Dokumentasjonane er mange og klare; - DET LØNAR SEG IKKJE Å HOGGE UNGSKOG !
Skogsentreprenør gjev gode råd
Skogsentreprenør Svein Valaker i Lindås i Hordaland har drive som skogsentreprenør i bortimot 30 år og seier at han ofte tilrår skogeigarar å vente eit titals år eller meir med hogsten. Han viser til mange eksempel og seier at i gjennomsnitt kan det dreie seg om dobbelt utbyte til skogeigar dersom granskogen får vekse til den blir 60-70 år gammal. "Det vil seie at istadenfor at skogeigaren sit igjen med ein netto på 100 kroner pr. kubikkmeter vil hogst i 70 år gammal granskog oftast gi eit eit utbyte på minst 200 kroner pr. kubikkmeter tømmer med dagens prisar og marknad" seier Valaker. Og legg til at det sjølvsagt må byggjast skogsveg og flaskehalsar må fjernast for å oppnå eit godt utbyte.
Ein fornøgd skogeigar
Vi besøkte skogeigar Inge Alver i Alversund, tidlegare rektor ved Knarvik vidaregåande skule, som rosar entreprenøren og resultatet av hogsten i skogen sin. "I grunn var eg overraska over det gode resultatet" sier Alver.
I fjor hogg Svein Valaker bortimot 1500 kubikkmeter granskog som var ca. 70 år gammal i skogen til Alver. Ja Inge Alver hadde på førehand bygd skogsbilveg, ordna opp med kommuneen for å unngå flaskehalsar på kommunevegen og sat igjen med eit netto utbyte som bekreftar erfaringane til Valaker, jfr. ovanfor. Høg kubikkmasse pr. dekar gjorde at utbytet også vart stort pr. dekar og tilsvarande stor forrentning av skogplantinga sett over omløpstida.
Vi må ta med at skurprosenten (inkludert skurslip) var i overkant av 90%, at tømmeret vart omsett via Vestskog og at det beste skurtømmeret vart seld lokalt, dvs. til Moeleven Granvin Bruk i Granvin.
Nye granplanter av lokalt opphav og god kvalitet
Inge Alver er også svært nøgd med at det er planta gran på nytt, denne gongen også med lokalt opphav. Frø frå bestandskog av god kvalitet på Osterøy (nabokommunen) er hausta for ca 10 år sidan. Statens Skogfrøverk på Hamar som har ansvaret for å skaffe godt frø til skog i Norge har deretter levert frøet til Biri planteskule som har produsert plantene.
Marte Storebø samordnar skogplanting for Nortømmer i Hordaland. Og Storebø har organisert utplantinga av desse kvalitetsplantene av gran hos Alver no i sommer. Ringen er bokstaveleg tala slutta, alt arbeidet må seiast å vere utført etter læreboka og resultatet vart svært godt !