Ein topp moderne tømmerkai
I august står ein forsterka og modernisert tømmerkai klar til bruk på Malo i Molde. Dagleg leiar Olav Witzøe i Malo Sagbruk AS rosar entreprenørane for god framdrift og lovar skogeigarane i regionen ein topp moderne tømmerkai.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 11.06.2015
![]() |
![]() |
Øverst: Utbygging av tømmerkaier krev undervassarbeid. F.v. Ole Anders Lyster og Geir Øye i firmaet G. Øye As som nett har undervasstøypt kring dei nedramma stålrøyra i bakgrunnen. Midten: I desse røyra, som enno er litt for lange, er det bora stålpelar i fjell og til slutt blir dei fylte med betong. Røyra som vil gi den forsterka bereevna til kaidekket skal kuttast ca. 70 cm over eksisterande kaidekke og til slutt blir det påstøypt eit tilsvarande tjukt armert dekke over det heile. Nederst: Dagleg leiar ved Malo Sagbruk AS Olav Witzøe sette stor pris på besøket til landbruks- og matminister Sylvi Listhaug då ho vitja Malo i 2014. Ho har gjelve tydelege signal om større satsing på utbygging av tømmerkaier i kystskogfylka. Malo tømmerkai ved Molde er ein av dei heldige prosjekta som hittil har fått statleg støtte. Mange skogføretak langs kysten ventar på ei vidare satsing. Alle foto: Helge Kårstad |
![]() |
Malo tømmerkai ved Molde er ein av dei viktigaste tømmerkaiane i Møre og Romsdal. Kaien får etter utbygginga eit potensial til å frakta inntil 100 000 kubikkmeter tømmer over kaia. I dag er det Allskog og Nortømmer som omset tømmer for skogeigaren i denne regionen og som nyttar kaien.
Ein moderne, sikker og effektiv tømmerkai
Det blir rusta opp og asfaltert eit bakareal på 5 dekar, i tillegg vil kaifronten på 420 kvadratmeter (30 meter lengde og 14 meter breidde) bli forsterka til å tole både punktlast og fordelt last for lessing av inntil 6 meter høge tømmerrankar. Det gamle kaidekket blir opplagra på nye pelar i fjell (kjernebora) og betongfylte nedramma stålrøyr (sjå bilde). Det blir også montert casingrør (250 mm) som stablestøtter i kaidekket som vil få ein ny armert overdekkiing på ca. 70 cm. Det relativt store asfalterte bakarealet saman med ein effektiv kaifront vil leggje eit svært godt grunnlag for å bruke hjullastar ved lessing av tømmer til båt. Det er Kleive Betongbygg AS som er hovudentreprenør. Dagleg leiar i Malo Sagbruk AS Olav Witzøe rosar entreprenøren for godt arbeid og god framdrift. Arbeidet starta opp i april og anlegget er venta stå ferdig til bruk i august.
Tømmerkaien sikrar norske skogeigarar og norsk skogindustri
Meir gods frå veg til bane og sjø, og trongen for reduksjon av transportkostnader for skogsvirke er grunnlaget for satsinga på ei utbygging/ modernisering av tømmerkaier. Nye utrekningar viser at sjøtransport er ca. 10 gonger rimelegare pr. tonn og pr. kilometer jamført med biltransport. Uansett om skogindustrien i framtida eks. ligg på Sortland, i Salten, på Skogn, i Verdal, Kristiansund, Granvin, i Gøteborg eller Wismar vil tømmerkaien vere sjølve fundamentet i tømmertransporten langs kystfylka i Norge.
Underentreprenør med norgesrekord under vatn
Vi møter Geir Øye på kaia i Molde denne veka. Firmaet G.Øye AS er engasjert av Kleive Betongbygg, http://www.kleivebetongbygg.no/ for å utføre diverse undervannsarbeid ved kaia. I dag har dei påført støyp kring dei nedramma stålrøyra. Geir seier at dette er gode oppdrag for firmaet hans som tel 6 tilsette og har hovudkontor i Molde. Firmaet har spesialisert seg på undervasskonstruksjonar, kaiar og bruer. "Dette er ein typis kvardag for oss" sier Geir Øye. "Ja eg vil tru at det knapt er nokon i dette landet med fleire timar under vatn enn meg" legg Geir til med eit smil. Sjå meir om firma G.Øye AS her: http://g-oye.no/