Meir lokal foredling av skogsvirket
Representantar frå kring 20 skogføretak saman med representantar frå kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og Innovasjon Norge møttest i regi av Sogn og Fjordane Skognæringsforum i Førde i går. Stor tru på skognæringa, nettverksarbeid og meir lokal foredling var den raude tråden.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.06.2015
![]() |
Øverst: F.v Agnar Hellesnes, John.Hetle, Anders Eikås, Frode Hjelmeland, Erling Menes, Oddbjørn Sellevoll, Martin Braanaas Kleppe, Svein Saure, Erlend Gjelsvik, Rune Indrehus, Lars Trygve Sæle, Merete Larsmon, Norodd Baug, Robert Weum, Jøran Kårstad, Inger Marie Svingeset og Per Ove Stuhaug. Nederst: Erlend Gjelsvik i Nedre Jølster Bilelag heldt eit engasjerande innlegg, og framheva dei heilt unike eigenskapane til furua i fylket Til høgre bilde frå Hopperstad Stavkyrkje i Vik i Sogn der han har restaurert taket. Han viste til tidlegare feil materailbruk på denne stavkirka (også ved restaurering kring 1990) som har ført til lekkasjer. No er det lagt nytt spontak (bildet) av furu frå Gaular/ Kjelstad som rett skore og rett lagt på taket vil stå i fleire hundre år. |
![]() |
Det var ei imponerande engasjert og fagleg dyktig forsamling som møttest til regionmøte i regi av Sogn og Fjordane Skognæringsforum i Førde denne veka. At møtet var lagt til den sterkt innovative bedrifta Hellesnes Industrier i Førde passa som "laft i laft". Trua på framtida, trua på samarbeid og nettverksarbeid på tvers av dei fleste granser har vore ein viktig del av filosofien til Agnar Hellesnes og samsvarar jo fullt og heilt med grunntanken i Kystskogbruket. Vi fekk også høyre i innleiinga til Hellesnes at dei også har planer innafor foredling av skogsvirke, men at det enno er på utgreiingsstadiet.
Eit 20-tals skogføretak deltok
Følgjande bedrifter og forvaltningsorgan ( i tilfeldig rekkefølgje) var representerte: Per's Sag frå Naustdal, Kårstad Transport frå Gaular, Bruland Pallefabrikk frå Førde, Menes Sag frå Førde, Nedre Jølster Bilelag, Sogn og Fjordane Skogselskap, Trespesialisten frå Gaular, Tretema frå Balestrand, Kupa Sag frå Gaular, Eikås Sag frå Jølster, Fjordglas AS frå Luster, Indrehus Sag frå Bremanger, Norsk Bygdesagforening med hovudkontor i Stryn, Sunnfjord Skog frå Førde, Sæle Sag frå Balestrand, Hellesnes Industrier frå Førde, Innovasjon Norge, Førde kommune, Fylkemannen og Fylkeskommunen.
Unike kvalitetar i furuskogen langs kysten
Møtet vart opna av leiar Lars Trygve Sæle frå Balestrand som står bak pallefabrikken Sæle Sag i Balestrand og er i tillegg eigar av Land Sag og Høvleri på Odnes i Oppland.
Det var vidare innlegg frå Hellesnes Industreier, Kystskogbruket, Sæle Sag, Norsk Bygdesagfoening, Nedre Jølster Bilelag, Sunnfjord Skog og Innovasjon Norge.
I debatten vart det gjeve uttrykk for ei stor tru på skognæringa, på samarbeid, nettverksarbeid, innovasjon og ikkje minst ta vare på dei særeigne kvalitetane skogsvirket har i Sogn og Fjordane. Som Erlend Gjelsvik sa det: "me har ei unik furu som brukt på rett vis på rett stad gir det beste resultat som tenkjast kan". Han nemde spesielt furuskogen langs kysten som burde takast vare på og foredlast lokalt, - nettopp på grunn av desse heilt særeigne eigenskapane. Og etter mange år med restaurering i grendene i fylket og ikkje minst fleire stavkyrkjer så veit Gjelsvik kva han snakkar om.
Møta i Sogn og Fjordane Skognæringsforum blir organisert av "sekretariatet" v/ Merete Larsmon. Neste gang må du også møte opp !