Granvin, Flora, Surnadal og Lenvik går vidare
Landbruksdirektoratet inviterar Granvin, Flora, Surnadal og Lenvik til å arbeide vidare med planane for tømmerkaiutbygging. Frist for endeleg søknad er 1. september 2015.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 28.05.2015
![]() |
Øverst: Tømmerkaiane langs kysten "druknar" i tømmer, her frå Eikefjord i Flora. Denne kaia er ein av 4 tømmerkaier som Landbruksdirektoratet har invitert vidare til å utarbeide fullstendig søknad om statsstøtte. Her er det planlagt utviding til 100 meter kaifront og årleg tømmerkvantum over kaia er venta å auke til 75 000 kubikkmeter. Nederst: Lenvik havn i Troms planlegg fast dekke på bakarealet. Ferrosillisiumsverket Finnfjord AS (i bakgrunnen) har m.a. stort behov for brenselsflis. Det er venta årleg ca. 30 000 kubikkmeter skogsvirke over denne kaia. Alle foto: Helge Kårstad |
![]() |
Dei 4 kaiane som no går vidare, har eit totalt investeringsbehov på nærmare 65 millionar kroner.
Granvin i Hordaland planlegg ny kaifront på 50 meter
Flora i Sogn og Fjordane (Eikefjord tømmerkai) planlegg utviding til totalt 100 meter kaifront
Surnadal i Møre og Romsdal planlegg mudring for å få større djupne ved kaien og samtidig legge fast dekke på eit bakareal.
Lenvik i Troms planlegg fast dekke på eit bakareal.
Det er sett av 22,4 millionar kroner i statsbudsjettet 2015 og frist for endeleg søknad er 1. september 2015.
Les meir på Landbruksdirektoratet si nettside her: https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier/landbruksdirektoratet-inviterer-fire-t%C3%B8mmerkai-videre
Sjå presseoppslag her;
Avisa Firda: http://www.firda.no/Doblar_t_mmerkaia_i_Eikefjord-5-15-66091.html
Tidens Krav: http://www.tk.no/Kjemper_om_havne_tilskudd-5-51-70093.html