TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Populært seminar om skogsdrift til lekter

Populært seminar om skogsdrift til lekter

Kring 50 fagpersonar og forskarar med ståstad frå stubbe til skogindustri møttest i Brønnøysund denne veka. Tema var skogsdrift til lekter/ flytande kai.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.05.2015

Øverst: Deltakarane fekk oppleve ein flott tur frå Brønnøysund, via Torghatten, Vennesund og innover Ursfjorden. Torgunn Sollid frå Kystskogbruket (i raudt) serverar medbrakt mat.
Midten: Skånvika innerst i Ursfjorden er utan offentleg vegdekning. Deltakarane konkluderte med at det ikkje ville vere problem å nytte lekter på denne staden. Kulturlandskapet krev omsyn og god planlegging.
Nederst: Orienteringar ved øvingsområdet på Olderbakken. F.v. skogsentreprenør Monrad Lassemo, sjøtransportør Torbjørn Storesletten, skogeigar Johannes I. Osmundsen, Håvard Kjesbu frå sagbruket Moelven Van Severen i Namsos, Jan Bjerketvedt frå Skog og Landskap og Lars Farbu frå Norsk Virkesmåling.
Alle foto: Helge Kårstad

Det var samla mykje skogleg verdikjede-kompetanse i  Brønnøysund denne veka. Tema var skogsdrift til lekter/ flytande kai. Heile 48 personar frå skogeigarsida, omsetningsorganisasjonar, skogindustri, skogsentreprenørar, biltransportørar, båttransportørar, reiar, tømmermåling, kommunar, fylkesmann, fylkeskommune, Landbruksdirektoratet og ikkje minst skogforskning frå både Sintef og Skog og Landskap fekk også sjå skogen på Helgeland i strålande vårveir.
Ordførar Johnny Hansen i Brønnøy kommune opna seminaret og understreka dei store mulegheitene som treverket gir og at det i tillegg til ein betre infrastrurktur er viktig å få sett lokal og regional verdiskaping på dagsorden. 

"Skogsbåtvegen" eller skogsdrift til lekter i områder utan bilvegar
Skogsdrift til lekter er først og fremst aktuelle i områder utan offentlege vegar og private vegar (skogsvegar). Lekteren vil fungere som landgangsfartøy for hogstmaskiner, lassberar og gravemaskin. I tillegg vil den fungere som ein flytande kai med levering av tømmer direkte til skip. I desse tilfelle vil ein ikkje trenge tømmerbilar og sjøvegen blir alternativet til skogsbilvegen eller rettare sagt "skogsbåtvegen".

Ein lekter kan også nyttast som ein flytande kai kopla til ein eksisterande fast og kort kaifront. Korte faste kaifrontar fins det ein del av langs kysten og kombinasjonen med ein flytande kai bør då vurderast nærmare. Og i slike tilfeller vil det vanlegvis vere eit godt utbygd offentleg vegnett kopla til den korte eksisterande kaifronten.

Øvingsoppgåve Olderbakken i Ursfjorden
Deltakarane fekk rett etter opninga i Brønnøysund oppleve ein fantastisk båttur sørover mot Sømna, via Vennesund, vidare innover Ursfjorden og fekk sjå mange frodige skogplantingar frå sjøsida.
Fleire stader langs norskekysten er det som ved Ursfjorden planta mykje skog utan tilkomst med offentlege vegar. Spørsmålet er ofte om skogen er drivverdig og konkret om tømmeret kan drivast til lekter eller tilsvarande sjøfartøy (ferge).  Dette var også tema for ei konkret øvingsoppgåve ved Olderbakken på austsida av Ursfjorden hos skogeigar Ragnvald Seim, som også deltok på seminaret. 
Seim som tidlegare også har vore lensmann i Brønnøy fortalde levande om korleis han fekk planta til den gamle innmarka på Olderbakken allereie i 1970. Og korleis han som yngre hogg tømmer og frakta det med handemakt til sjøen, for deretter å dra det sjøvegen til sagbruk på andre sida av fjorden og frakta materialane tilbake i robåten sin. Men "dette gjekk berre fint" sa Seim og minte deltakarane om kor viktig tilgangen på lokale trematerialer ein gong var.
Øvingsoppgåva hadde som føremål å få fram kostander knytta til skogsdrift til lekter, og ikkje minst fokus på skogeigaren og kva inntekter han kunne forvente. Det vart gode debattar og innspela frå dei 5 gruppene vil bli presentert i ein eigen rapport. 
Seminaret og øvingsoppgåva vil også vere eit "case" i NORFOR prosjektet "Effektive verdikjeder for skogbruket i kyst-Norge. 

Planlegging og metodeutvikling 
Det var ei særdeles engasjert forsamling der mange kom med innspel. Vi tek med nokre innspel her, meir vil kome seinare i samband med at det vil bli laga ein eigen rapport. 
Torbjørn Storesletten frå Kopervik har via Storesletten Rederi drive svært mykje med sjøtransport av tømmer. Han fortalde om sine erfaringar med lossing av tømmer frå lekter og ikkje minst plasseringa av lekter frå sjøsida. Han kommenterte også ulike typar lektarar og konkluderte med at planlegging var heilt sentralt."Ja det er mange prosessar som skal koplast og når drifta er igang må alt skje fort" sa Storesletten.

Tidlegare skogbrukssjef i Bindal kommune Ivar Saus fortalde om sine mange erfaringar kring sjølevering av tømmer til tidlegare skogindustri. Han nemde m.a.tresliperiet på Lauvsnes (i drift til 1980), til Salsbruket tresliperi (i drift til 1985), til Bindalsbruket og ikkje minst sjøleveransar til Norske Skog på Skogn til langt ut på 2000 talet. Saus kommenterte i detaljar driftsmåtane den gongen og la til: "Av de metodene som jeg beskriver bærer alle, unntatt den opprinnelige, vesentlig manuelle metoden preg av å være nødløsninger. Det er rasket sammen tilfeldig tilgjengelig og billig utstyr. Metodene er utviklet gjennom praktisk bruk, uten gjennomgående helhetstenking. Alle metodene kunne effektiviseres gjennom tilpasning av utstyr og metodeutvikling".
I diskusjonane som føregjekk under samlinga var det mange som nærma seg denne konklusjonen frå Saus. 

Ressursregistrering og terrengklassifisering for skogsdrift til lekter
Frå fleire hald vart det sagt at mengde tømmer som er eigna for lekter måtte utgreiast. Dette vil vere avgjerande i kva grad entreprenørar vil investere. Forutsigbarheit er også her ein nøkkel.
Geir Sund frå Fylkemannen i Nordland orienterte om nyleg oppstarta driftsplanlegging i kommuane på Helgeland. Jan Bjerketvedt frå Skog og Landskap presiserte at det ville vere heilt sentralt å få ein oversikt over ressursar kopla til ei terrengklassifisering før ein startar opp hogst i desse områda og såg ikkje bort i fra at Skog og Landskap kunne delta.

Kva gjer vi vidare ?
Kurt Jessen Johansson som er leiar i Skognæringsforum Nordland utfordra deltakarane om kva ein no gjer framover. Innspela vil forumet ta med vidare og noko vil bli kopla til pågåande NORFOR-prosjekt i regi av Sintef og skogbedrifter i Nordland. 
Dette er også ei sak som fell naturleg innafor Kystskogbruket sine prioriterte oppgåver og det vil vere naturleg med eit samarbeid for å løfte desse utfordringane vidare. 
Kurt Jessen Johansson takka til slutt seminarkomiteen og deltakarane for to trivelege og nyttige dagar.
Ei spesiell takk til Steinar Pedersen som saman med Jan Jenssen utgjer ein skikkeleg dyktig og positiv skogkompetanse på Helgeland. Takk for at de tok imot oss !

Arrangementskomiteen har bestått av Torgunn Sollid, Steinar Pedersen, Vibeke Stærkebye Nørstebø, Andreas Sletten og underteikna.
Seminaret er finansiert av deltakarane, Fylkesmannen i Nordland og Fylkeskommunen i Nordland.
 

Øverst: Tidlegare skogbruksjef i Bindal, Ivar Saus orienterar om sjølevering av tømmer til lokal skogindustri.
Midten: Skogbruksjef Steinar Pedersen i flott sitkagranskog på Olderbakken.
Nederst: Glade seminardeltakarar. F.v. Ole Wiggo Nerva frå Nordland Fylkeskommune og Vibeke Stærkebye Nørstebø frå SINTEF.