TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogens fuglefauna på Vestlandet

Skogens fuglefauna på Vestlandet

"Skogens fuglefauna på Vestlandet" er tema i Skogareana Bergen førstkomande torsdag. Du er velkommen !

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.05.2015



Det skjer svært mykje positivt innafor skognæringa i Norge for tida. Langs kysten er aktiviteten jamt aukande og optimismen er stor. Det kjem meldingar om aukande interesse for skogstudiar frå skular i heile landet og ikkje minst innafor skogforsking får vi dagleg positive meldingar.
Senirforskar Ivar Gjerde vil førstkomande torsdag halde foredraget "Skogens fuglefauna på Vestlandet" i Skogarena Bergen. Utan å gå i detaljar kan vi røpe at resultata hans kanskje vil overrraske mange.

Ivar Gjerde arbeider som seniorforskar ved Norsk institutt for Skog og Landskap med arbeidsstad i Bergen, Han er leiar for instituttet sin seksjon for biologisk mangfald. Han har doktorgrad (dr.scient.) i zoologisk økologi frå Universitetet i Bergen (1991). Hans hovudarbeidsområde er økologisk kunnskap for registrering og bevaring av biologisk mangfald, og hans spesialfelt er effektar av skogbruk på flora og fauna, fordeling av artar i skog, arter si spreiing og kolonisering.

Du er Velkommen til Skogarena Bergen f.k torsdag kl.19.00
Sjå programmet her