TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Berre pavens skjegg

Berre pavens skjegg

Det kjem stadig nye oppslag i ulike media om utanlandske treslag. Manglande respekt for våre forfedre og diskusjonar om pavens skjegg er nokon av stikkorda i nyheitsbildet.

Denne nyheten ble publisert av: Rasmus Andreas Stokkeland Publisert dato: 27.06.2018

F.v skogeigarane Hans Hordvik og Robert Berentsen i Bergen kommune. Mannen med brødskiva er skogsentreprenør Hans-Birger Strømsnes frå selskapeet Lerøy Skog AS som har hogge 6000 kubikkmeter sitkagran i området. Det er store verdiar for skogeigar, det gir stor sysselsetjing i verdikjeden og tømmeret blir stadig meir ettertrakta både nasjonalt og i den europeiske marknaden.
Foto: Tor Høvik

Tema om granskogen i kystskogfylka engasjerar.
Eit tosiders oppslag i avisa Bergens Tidende denne veka har synt svært store lesartal seier journalisten til Kystskogbruket. I oppslaget fortel skogeigar Hans Hordvik at han har hogge sitkagran for 1,5 millionar kroner og legg til at både i 1950 og i dag gir dette den beste nytte av skogsmarka. Hordvik er imponert over sitkagrana, han vil helst plante meir men fryktar eit forbod. Han fortel om besteforeldra som planta desse trea for 60 år sidan og forventar heller respekt enn negativ omtale frå miljøorganisasjonar over kva samfunnsnytte forfedrane gjorde.

Berre pavens skjegg
Vi tek også med eit par reportasjar i avisa Vesterålen frå Kristen Falch Jacobsen som bur i Ringstad, Bø kommune. - «Hva er det som spres seg over alle grenser»? skriv Jacobsen og viser til bjørka som tek overhand over alt.
Ja vi vil så absolutt sei oss enig med Jacobsen i at «spredning» kan vi kalle den generelle gjengroinga vi ser i Norge i dag og som er så grundig dokumentert. Gjengroing av pionerplanter og pionertreslag som vi ser idag, - og i motsetning til tidlegare, gjer det totalt umogeleg for både gran- og furufrø å spire og overleve som plante. Og denne gjengroinga vil saman med produksjonsskogen også gi større rom for fleire arter av sopp, lav, skogepifyttar, biller, insekter og fuglar enn vi nokon gong har sett og registrert. For å få opp ny produksjonsskog i stor konkurranse med annan vegetasjon må det difor plantast. Akkurat på same vis som våre forfedre gjorde. Det er for seint å angre om 60 år, og deretter kanskje på nytt gå til USA for å låne pengar til husmaterialar. Det har vi nemleg gjort før.
Jacobsen skriv i eit tidlegare oppslag i avisa Vesterålen at vi burde sjå til Sverige. Og avsluttar med denne treffande og godt formulerte replikken: - «Det må være mange i Sverige som ler av oss nordmenn som kaster bort tid og ressurser på å diskutere noe som ofte bare er pavens skjegg».

Du burde lese alle desse tre gode oppslaga:
«Vil plante mer sitkagran» i avisa Bergens Tidende her
«Skogkultur og miljøvern – en motforestilling» i bladet Vesterålen her
«Pøbelgran» i bladet Vesterålen her

Tapar 35 milliardar kroner
Som kjent har Klima- og Miljødepartementet bede Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet om å utgreie eit forslag om innføring av eit generelt forbod mot bruk av utanlandske treslag med stor risiko for norsk natur. Konsekvensar for skogbruk, klima og karbonbinding i skog skal inngå i utgreiinga. Ei avklaring er venta å kome tidleg på hausten 2018.
Dersom eit forbod mot sitkagran og lutzgran vil kome, - eit forbod som utvilsomt vil vere mangelfullt og feil grunna, vil det medverke til store økonomiske tap for ei gryande skognæring i kystskogfylka. Kystskogbruket har rekna ut tapet til 35 milliardar kroner over eit omløp på 70 år.
Les meir på www.kystskogbruket.no

Berekraftige skogområder i Fana ved Bergen. Gjengroinga med pionerarter av planter og tre vil saman med produksjonsskogen som på dette biletet også gi større rom for fleire arter av sopp, lav, skogepifyttar, biller, insekter og fuglar enn vi nokon gong har sett og registrert.
Foto; Helge Kårstad