TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Revolusjonerar skogsdrift i bratt terreng

Revolusjonerar skogsdrift i bratt terreng

Ein vinsj som held hogstmaskina i bratt terreng er nyleg teke i bruk av entreprenørfirma Sunnfjord Skog. Utstyret vart for første gong i Skandinavia synt på ein skogdag i Jølster denne veka. Så langt er vi svært nøgde både med utstyr og driftsmåte seier dagleg leiar i firmaet Martin Braanaas Kleppe.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.05.2018

Jølster 11. mai 2018. Sentrale aktørar framfor den første T Winch i Skandinavia. F.v. Martin Braanaas Kleppe og Tarje Sjursæter Kusslid i Sunnfjord Skog AS, Torbjørn Frivik som forhandlar av vinsjen i Skandinavia og til høgre produsenten Markus Krenn frå Ecoforst, Tragøss i Østerrike.
Alle foto: Helge Kårstad

Første i Skandinavia
Vi er i Stardalen, Jølster kommune i Sogn og Fjordane fredag 11. mai. – « Det er igrunn fantastisk kor bratt vi kan nytte hogstmaskin og lassberar ved hjelp av denne vinsjen» seier Martin Braanaas Kleppe i entreprenørfirmaet Sunnfjord Skog då han stolt viser fram skogsdrifta til interesserte skogeigar og entreprenørar. – «Vanlegvis køyrer vi hjulgåande hogstutstyr inntil 20 grader (40%) utan problem. Mellom 20 og 30 grader stigning må vi ofte grave enkle driftsvegar og dette kostar pengar. Med denne driftsmåten kan vi gå på skogdrifter i skoglier med stigning inntil 40 grader (80%)» legg Martin til og stadfestar med dette ein revolusjonerande nyheit i norsk skogbruk. Braanaas Kleppe poengterar at vinsjen sikrar driftsmaskinene i det bratte terrenget og fører til at alt arbeid med hogst, kapping, sortering og lessing på lassberar kan gjerast frå styrehuset. Ingen operasjon treng å utførast manuelt i terrenget. Vinsjen er lett å flytte både i terrenget og mellom skogsdriftene. Dimensjonane er: L =4,1 m, B = 2,24 m, H = 1,95 m og vekt 7,8 tonn. Trekkrafta er 80 kN (8 tonn) og stålwiren er 500 meter.

Øverst: Lassberaren til Sunnfjord Skog opererar her under ei stigning kring 27 grader (50%).
Nederst: Legg merke til stålwiren som er festa bakerst og som sikrar maskinene i det bratte terrenget 

Eit kvantesprang
Det var mange som vart imponerte under demonstrasjonen på skogdagen i Jølster. Og vi vil tilrå interesserte å sjå nærare på dette. For det er mykje bratt skogterreng i Norge. På Vestlandet reknar vi med at inntil 40% av det produktive skogarealet er taubaneterreng (stigning over 28 grader (50%). Det betyr at denne nye driftsmåten kan gjennomførast på minst ein tredel av taubaneterrenget og er eit kvantesprang innan skogleg driftsteknisk utvikling i Norge. Og då har vi trekt frå skogterreng med store steinar, ufsar og stup som uansett vil vere taubaneterreng.

Stor etterspørsel internasjonalt
Vinsjen ved namnet T Winch (traction winch) er produsert av Ecoforst, Tragøss i Østerrike. Markus Krenn er ein av to eigarar av firmaet. Han fortalde på skogdagen at det har vore ei overaskande stor og rask respons på vinsjen som har vore i maknaden berre i 3 år. Siden starten i 2015 har han levert 72 vinsjar til kundar i Canada, USA, Colombia, Wales, Scotland, Tyskland, Østerrike, Sveits og Norge. Berre til Chile har han levert 17 vinsjar. Og fleire av entreprenørane har kjøpt fleire vinsjar.
Krenn fortel at berre denne månaden (mai) skal han levere 2 vinsjar og firmaet med i alt 26 tilsette har budsjettert med totalt 40 vinsjar i 2018. – «Ein vanvittig god respons i marknaden» seier Krenn med tydeleg stoltheit og tru på framtida. Krenn legg til at det er dokumentert mindre forbruk av drivstoff pr kubikkmeter framdrive tømmer ved bruk av vinsjen. Hovudgrunnen er at vinsjen styrer krefene frå skogsmaskinene over bakken gjennom stålwiren og ikkje ned i underlaget. Dette syner seg best ved at det knapt viser igjen køyrepor etter driftsmåten.

Driftsmåten har store potensialer i norsk skogbruk. Vi kan rekne med at ved bruk av T Winch kan 30% av taubaneterrenget drivast fram med hjulgåande hogstmasksiner og vil vere både lønsamt og miljøvenleg.

Mange føremonar
Torbjørn Frivik i er forhandlar av T Winch for Ecoforst i Scandinavia. Som dei fleste lesarar av denne nettsida kjenner til er Frivik også største taubaneentreprenør i Norge. Sjølv har han stor tru på denne driftsmåten og meiner at det er eit godt alternativ til taubaner i ein del av det tradisjonelle taubaneterrenget. Og det sikrar generelt skogsdrifter med hjulgåande utstyr i bratt terreng (som ikkje er taubaneterreng. Men det krev at lisidene han nokolunde jamn stigning utan for mykje stor stein, ufsar og hammarslag. Frivik legg stor vekt på at driftsmåten sikrar arbeidet i bratt terreng og føre til mindre manuelt arbeid. I så måte vil dette også gjere rekruttering av mannskap lettare. Og sist men ikkje minst reduserar vi bygging av driftsvegar i det bratte terrenget. - "Det er gunstig for kostnadane og er sjølvsagt ei god miljøsak" understrekar Frivik.
Frivik seier til slutt at god driftsplanlegging og bygging av gode skogsbilvegar, velteplassar, møteplassar og snuplasser er fortsatt heilt avgjerande for ein god totaløkonomi i skogbruket om du driv med taubane eller denne nye driftsmåten ved hjelp av traction winch.

Det møtte fleire interesserte entreprenørar under skogdagen i Jølster. Frå venstre Lars Velken frå Trå & Velken Skogsdrift på Voss, Jarle Eikås og Espen Eikås frå Eikås Skogsdrift i Jølster, Tarje Sjursæter Kusslid frå Sunnfjord Skog, Markus Krenn frå Ecoforst og Martin Braanaas Kleppe frå Sunnfjord.