TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/1 million kroner frå Hordaland Fylkeskommune

1 million kroner frå Hordaland Fylkeskommune

Fylkesutvalet i Hordaland løyvde denne veka 1 million kroner til tømmerkaien i Granvin. Vedtaket var einstemmig, og vi håpar tømmerkaien blir raskt bygd og til stor nytte for skogeigarane i regionen seier utvalsmedlem Helge Nævdal (AP).

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.05.2018

Helge Nævdal (AP) frå Voss sit i fylkesutvalet i Hordaland som denne veka løyvde 1 million kroner til tømmerkaien i Granvin. Nævdal er her fotografert ved universitetet like etter møtet i Bergen, og står her inntil eit av fleire viktige treslag på Vestlandet.
Foto: Helge Kårstad

Det var eit einstemmig vedtak i møte den 3. mai då fylkesutvalet i Hordaland løyvde 1 million kroner til tømmerkaien i Granvin. Tømmerkaien sikrar skogeigare i kommunen Voss, Ulvik, Granvin og deler av Eidfjord, Ullensvang og Odda tilgang til sjøtransport for tømmer i framtida.
Tømmerkaien skal byggast på området til Moelven Granvin Bruk som kjøper det meste av skurtømmeret i området. Ferdig utbygd vil det bli ein kaifront på 80 meter og det er venta eit årleg utskipingsvolum inntil 75 000 kubikkmeter tømmer. Det er massvirkedelen av tømmestokken som i hovudsak vil gå over tømmerkaien som også vil kunne fungere som ein fleirbrukskai. Landbruksdirektoratet gav hausten 2017 eit statstilskot inntil 21 millionar kroner til utbygging av Granvin Tømmerkai.

Utvalsmedlem Helge Nævdal (AP) seier at det var eit positivt og einstemmig vedtak i fylkesutvalet og at no er det viktig å fortgang i utbygginga. Nævdal håpar vedtaket medverkar til ei positiv utvikling for skognæringa i Hordland og ikkje minst for sagbruket i Granvin.
Leiar i Hordaland Skognæringsforum Vidar Jørdre stadfestar at denne tømmerkaien i Granvin er viktig av fleire grunnar. Ikkje minst fordi den sikrar at heile tømmerstokken frå skogsdrifer i regionen kan transporterast til ein stad. Skurtømmerdelen av tømmerstokken vil i hovudsak ende på saga i Granvin og massevirkedelen vil gå sjøvegen frå tømmerkaien i Granvin til annan skogindustri i Norge eller utlandet.