TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sitkagrana og skogbruket sin verknad for båtbyggje- og fisketradisjonar i Nordland

Sitkagrana og skogbruket sin verknad for båtbyggje- og fisketradisjonar i Nordland

Båtbyggjar Tore Kornbakk på Sortland ser undrande på meg då eg spør om han byggjer båtar av sitkagran. «Det er det beste virket eg har brukt til båtbygging, men no får eg ikkje kjøpt skurlast av sitkagran meir» seier Tore og ser meg rett inn i auga.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 11.04.2018

Båtbyggjar Tore Kornbakk frå Sortland i Vesterålen (midten) har bygd svært mange nordlandsbåtar. Kor mange vil han ikkje seie. Dette er ein kjeks, 2-roring, toroms på 14 fot og malt i Vesterålen fargar.
F.v. skogbruksjef i Vesterålen og Lofoten Gjermund Pettersen og til høgre Jostein Holmeng som er fagkonsulent for naturforvaltning i Sortland kommune.
Foto: Helge Kårstad

Lofotfisket og båtbyggjarane
Vi er på Sortland, Den Blå Byen og ein av fleire vakre stader i Lofoten og Vesterålen.
I denne regionen er det brukt og bygd båtar (i dag kalle nordlandsbåtar) sidan vikingtida og stadig fleire turistar besøkjer m.a. det tidlegare høvdingsete på Borg i Lofoten. Og det er nettopp torsken og seinare fiskeria som har vore grunnlaget for kanskje den tidlegaste busetjinga i Norge, heilt tilbake til 5000 f.kr lengst nord på Andøya. At det også er pengar frå torskefisket ved hjelp av trebåtar som ein gong betalte bygginga av Nidarosdomen og ei mengd tilsvarande investeringar i landet i nyare tid er nok neppe kjent for så mange.

Nordlandsbåten stadig meir populær
Båtbyggjar Tore Kornbakk har bygd mange, ja svært mange nordlandsbåtar. Kor mange vil han ikkje seie. Og etterspurnaden etter desse heilt unike trebåtane har teke seg opp siste åra skal vi tru Tore.
«Ja eg held meg borte frå all slags marknadsføring, - skal eg få gjort noko kan eg ikkje heile tida sitje i telefonen og prate med folk» seier Tore med eit smil. Han fortel vidare at det har vore spesielt mange tingingar av båtar frå kyststripa mellom Bergen og Oslo siste åra. Han har til og med levert ein båt til Minnesota i Amerika.

Jan Olsen, dagleg leiar i Skognæringa Kyst er her på tur med barnebarnet sitt Oda i ein nordlandsbåt laga av sitkagran i 2004. Dette er også ein 14 fots, toroms båt og vekta er berre 50 kg. Båtbyggjar er Frikk Harald Bjerkli, Borg i Lofoten. Båten er svært lett å ro og med to roarar går det styggfort over Store Bergtjønn i Stjørdal fortel Jan.
Foto: Birgit Saugestad 

Sitkagrana er best
«Sitkagrana er utvilsomt det beste virket eg har brukt» seier Tore bestemt og fortel vidare – «Eg har laga mange båtar av sitkagran dei siste åra. Kundane er også godt nøgde, - ja det er no ikkje alle som er så opptekne av om det er vanleg gran eller sitkagran. Men sitkagrana har mange eigenskapar som gjer at eg helst byggjer i sitka. Men det må vere vaksen gran og no slit eg med å få skorne båtbord her i Vesterålen».
Då vi fortel om planane til Ivan Hansen i Tømmervikgruppen (sjå oppslag her dagsett 06.04.18) er ikkje Tore sein med å skyte inn at han svært gjerne kjøper båtbord. - Om vi ser på eldre trebåtar er det ofte sprekker i bordgangen. Så langt ser det ut som båtbord av sitkagran er betre enn vanleg gran og ikkje sprekk opp. Men det må vere tømmer frå skog som har vakse opp i tette bestand. Samtidig er det lettare å forme borda i byggjeprosessen utan å bruke oppvarming, ja virket er både seigare og sterkare. Vanleg gran kan vere noko lettare å høvle, men dette er også avhengig av utstyret» seier Tore Kornbakk og legg til at det heller ikkje er ikkje noko mål å ha kvistfrie båtbord, små friske kvistar styrkar berre båtborda og båten.
Hittil har Tore fått materialane til sitkabåtane frå Nordnes gård på Sortland og frå eit sagbruk i Bø i Vesterålen. Til spant eller band har han siste åra brukt sjølvlaga limtre av vanleg gran eller sitkagran. Desse har vist seg å vere både sterkare og meir stabile enn tilsvarande i heiltre. Til keipar eller orepinnar er det vanleg å bruke bjørk.

Ei velstands-katastrofe.
Den store satsinga på sitkagrana etter krigen var grunna på forsking og berre det. Svært mange arbeidde også med dette. Mange vil m.a. hugse forskar og forsøksleiar Eivind Bauger ved Norsk Institutt for Skogforskning (no NIBIO) i Bergen som allereie på 1970-talet proklamerte at sitkagrana produksjonsmessig viste seg å vere ein suksess, men den måtte bli gammal for å gi godt virke, gjerne over 100 år. Bauger døydde i 2016 og er m.a. kjent for å ha utarbeidd «Funksjoner og tabeller for kubering av stående trær av furu, gran og sitkagran på Vestlandet». Årelang proveniens- og produksjonsforsking gav pålitelege tilrådingar frå Mandal til Risøyhamn, planteskulane produserte planter og skogeigarar langs heile kysten satsa. At sitkagrana særleg i ytre strok langs kysten også vart nytta som tuntre, leplantingar og grensehekkar var aldri noko skogbruket tilrådde. Men det er nettopp desse plantingane som m.a. skulle sikre le og levevilkår for grasproduksjonen langs kysten som i ettertid har skapt den misnøye med sitkagrana vi kjenner i dag.
Sitkagran til skogbruksføremål og i skogområder i langs kysten har knapt vore negativt omtala av anna enn miljøaktivistar med oftast lite kjennskap til både skogbrukshistorie, treteknologi, biomangfald på bestands- og lisidenivå, skogleg økologi og produksjonslære, skogbruksøkonomi og verdiskaping av trevirke i verdikjeden.
Dei første hogstane av sitkagran langs kysten har nyleg starta, resultata er imponerande og verdiskapinga i verdikjeden likeeins. Dei mest kravstore brukararne av trelast som båtbyggjarar rosar kvaliteten. Kvifor er det enkelte personar som har så grueleg mykje mot dette treslaget ? Er det for mykje velstand i landet, mangel på kunnskap eller er det tvert imot god gammaldags vrangskap ?
Tida vil vise. Vi veit at det vil bli engasjement for at det vil bli høve til å plante siktagran i Norge og på Sortland i det neste hundre år. Noko anna ville jo vere ei velstands-katastrofe. Såvel båtbyggjar Tore Kornbakk på Sortland som Tømmervikgruppen AS i Stokmarknes beviser dette.

Hans Nyeggen ved NIBIO Bergen i forsøksflate 368, Stendskogen i Fana. Trea i feltet er sitkagran av proveniens Petersburg, idag 87 år gamle og hadde ved siste registrering i 2014 produsert 180 kubikkmeter pr. dekar. Middeltilveksten er 2,2 kubikkmeter pr. dekar og år. Merk at middelhøgda er 39 meter og middeldiameter (brysthøgde) er berre 41 cm. Dette viser også at bestandskog aldri blir for grov fordi trea legg på seg ovantil med alderen.
Det er vel berre ein ting som kan seiast om sitkagrana: Imponerande kvantum og kvalitet.
Foto: Helge Kårstad