TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Tømmervikgruppen AS treng 30 000 kubikkmeter sitkagran

Tømmervikgruppen AS treng 30 000 kubikkmeter sitkagran

Tømmervikgruppen AS etablerte seg i Stokmarknes i 1987. Familieverksemda produserar mellom anna pallar til fiskeindustrien i Vesterålen og Lofoten. No vil dei byggje nytt produksjonslokale, ei eiga saglinje og treng årleg 30 000 kubikkmeter sitkagran

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.04.2018

Ivan Hansen (t.h) i Tømmervikgruppen AS treng årleg inntil 30 000 kubikkmeter tømmer av sitkagran og lutzgran frå Vesterålen og Lofoten. Skogbruksjef Gjermund Pettersen (t.v) kan dokumentere at dette er mogeleg føresett eit vedvarande skogbruk med nemde treslag i regionen.
Alle foto: Helge Kårstad

Går så det kvin
Fiskeindustrien i Lofoten og Vesterålen går så det kvin for tida. Det er difor også etterspørsel etter pallar, pallekassar og anna emballasje av trevirke. Kvalitet, rask og sikker levering av også desse innsatsfaktorane er nøkkelord i ei næring prega av stort tempo og internasjonal handel. Familieverksemda Tømmervikgruppen AS har vore leverandør av pallar til fiskeindustrien i Nordland i mange år og produserar i dag kring 200 000 pallar. Driftsjef Ivan Hansen i Tømmervikgruppen seier til Kystskogbruket at bedrifta ser lyst på framtida og vil no satse vidare.

Fiskeindustrien vil ha lokal produksjon av pallar.
Allereie i 1987 kjøpte dagleg leiar i Tømmervikgruppen Finn Hansen (far til Ivan) eit nedlagt fiskebruk i Stokmarknes. Familien Hansen kom då frå Båtsfjord i Finnmark, og hadde drive der som reiar med fleire reketrålarar i drift.
På mange vis var det bakgrunnen frå fiskeri og fiskeindustri som gjorde at det fall naturleg også å satse på palleproduksjonen i Stokmarknes. Og kvantumet har jamt auka. Prognosar for 2018 fortel om ein produksjonsauke til kring 240 000 pallar. Trevirket har dei hittil kjøpt i Finland. Ivan Hansen seier at konkurransen om tømmeret og trelasta synest no å vere hardare enn før. Tømmervikgruppen har siste åra hatt problem med å skaffe seg nok trelast. For å oppretthalde produksjonen er bedrifta nøydd til å sikre seg betre tilgang til denne råvara, og vil difor investere i eiga saglinje på Stokmarknes.
Ivan legg til at firma Nordlaks er største kjøparen av pallar og har sagt at dei prioriterar lokal produksjon. Men ei ny saglinje betyr også at Ivan vil trenge kjøparar av trelast frå den beste delen av tømmerstokken. – «Undersøkelser syner også at trelasthandlere i Vesterålen og Lofoten er interessert i lokal trelast produsert av sitkagran» seier Ivan og viser m.a. til rapporten "Sitkasagbruk i Midtre Hålogaland" frå Trøndelag Forsking og Utvikling (2017).

Øverst: Maleriet på kontoret til Tømmervikgruppen fortel om ei historie som reiar og trålefiskar, her representert ved alle skipa som har vore i føretaket framfor eigedomen (gul bygning) i Stokmarknes som dei kjøpte i 1987.
Nederst: Lokaler for kontor og palleproduksjon til Tømmervikgruppen i dag. Den gule bygnignen ovanfor er no blitt raud.

Ny saglinje
Ivan Hansen fortel at Tømmervikgruppen allereie har sikra seg arel til både ny produksjonshall og ei saglinje for skur av sitkagran i det kommunale industriområdet på Børøya i Stokmarknes. Opparbeidinga av tomta startar allereie til sommaren, og Ivan håpar at dei kan flytte inn i nye lokale i løpet av 2020.
Når det gjeld maskiner for palleprodusjonen det meste avklara. Men saglinja vil han bruke noko meir tid på å sjekke ut/utgreie før aktuelt anlegg blir bestilt. Han er såleis interessert i innspel frå andre som kan ha erfaringar frå tilsvarande sagbruk eller som har generell interesse for tiltaket. Målsetjinga er eit forbruk av inntil 30 000 kubikkmeter tømmer for skur. Skogbruksjef Gjermund Pettersen kan dokumentere at dette kvantumet på sikt og føresett eit vedvarande skogbruk vil kunne skaffast i Lofoten og Vesterålen, sjå meir under.

Ivan Hansen og Gjermund Pettersen framfor den nye sjøtomta til Tømmervikgruppen som skal romme lokaler både for palleproduksjon og sagbruk. Tomta ligg i det kommunale industriområdet på Børøya i Stokmarknes.

10 ganger meir hogst
Skogbruksjef Gjermund Pettersen er full av lovord over at Ivan og familien vil satse på dette i Stokmarknes. På sett og vis har dette alltid vore meininga med skogreisinga. At det skulle utviklast eit vedvarande skogbruk og etter kvart etablerast regional skogindustri. Og skogbruksjefen veit kva han snakkar om. I mange år var Gjermund fylkesskogmeister i Nordland og kjenner fylket, folket og skogreisinga betre enn nokon og fortel:
– «Det viktigste no er at vi har fått igang hogstar av tømmer i Vesterålen, Lødingen, Lofoten og at det fins eit apparat for dette. Vi ser at skogen skaper verdier etter mange tiår med planting og venting på at skogen skal bli hogstmoden. Men enno er hogstkvantumet mykje lågare enn den totale veksten i skogane, kanskje berre ti prosent. I åra som kjem vil denne produktive skogen etter kvart bli hogstmoden. Toppen når vi om 20-25 år. Då skal vi kunne hogge ti ganger så mykje som i dag i Lofoten og Vesterålen, årleg opptil 70.000- 80.000 kubikkmeter tømmer av sitkagran og lutzgran. Dette er også eit volum som skal vere berekraftig for åra som følgjer, føresett planting etter hogst og vidare satsing på skogbruket. Eit industrielt sagbruk i Vesterålen vil ha stor regional betydning for den totale verdiskapinga av skogressursen og vil i tillegg ha mykje å seier for tømmerprisane til skogeigar"

Det kan årleg hoggast inntil 80 000 kubikkmeter tømmer av sitkagran og lutzgran i Lofoten og Vesterålen innan 20-25 år. Biletet frå Hadselbrua syner skogrike områder på Langøya. I motsetning til mange skogområder i Norge er mesteparten av skogterrenget i denne regionen tilgjengeleg for hjulgåande hogstmaskiner. Eit sagbruk på Stokmarknes vil m.a. bety mykje for tømmerprisen til skogeigar i framtida seier skogbruksjef Gjermund Pettersen.  

Tømmervikgruppen treng fortsatt satsing på sitkagran i Nordland
Ivan Hansen opplever stor interesse for tiltaket som dei no planlegg og viser også til at fylkespolitikarane i Nordland (jfr. politisk plattform for fylkesrådet i Nordland i perioden 2015-19 nyleg har uttalt: - «Mye skog i Nordland er vernet. Både miljø- og næringsmessig må skogressursene utnyttes bedre. Det må legges bedre til rette for at treindustrien i Nordland sikres lokalt virke for å unngå lange transportveier. Et viktig grep vil være å legge til rette for etablering av sagbruk i fylket".

Driftsjef Ivan Hansen understrekar til slutt at det er uforståeleg for han at det er kome framlegg om å gjere planting av siktagran ulovleg. – «Vi har knapt teke denne fornybare og miljøvenlege ressursen i bruk. For oss i Tømmervikgruppen blir det viktig at skogeigarane i Lofoten og Vesterålen fortsatt får høve til å drive eit skogbruk og plante sitkagran eller lutzgran» avsluttar Hansen.

Ein fiskekasse eller pallekasse frå eit av verdas viktigaste "spisekammer" kan no bli laga av kortreiste materialer frå Lofoten og Vesterålen. Tømmervikgruppen AS vil satse på eit sagbruk i Stokmarknes. Dei vil saman med mange slå ring om eit vedvarande skogbruk i regionen. Ringen kan då bli slutta.