TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Veksande interesse for tømmerkaier

Veksande interesse for tømmerkaier

SINTEF-rapporten om tømmerkaier i 2011 viste eit behov for inntil 60 tømmerkaier i kystskogfylka. Hittil og i ettertid er ein sjettepart (ca 10 kaier) utbygd eller under utbygging. Regionmøta i Mandal, Kaupanger og Lenvik viser eit stadig aukande fokus på sjøtransport.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 29.04.2015

Øverst: Nordreisa kommune har lagt inn eit nytt hamneområde (bakgrunnen) i kommuneplanen. Området ligg like i utkanten av Nordreisa og reguleringsarbeid pågår. Statskog som er ein stor skogeigar i Nordreisa ynskjer tilgang til tømmerkai. Kommunen har uttrykt stor vilje til å trekke inn skognæringa i planprosessen.
F.v. Enhetsleder i Nordreisa Dag Funderud, fylkesskogmester Brynjar Jørgensen, avdelingsingeniør Hilde Henriksen og skogbruksjef Elisabeth Torstad.
Nederst: Frå "Elvesalen" i Buen kulturhus i Mandal 16 mars. Torleif Terum i Landbruksdirektoratet orienterar.
Alle foto: Helge Kårstad

Det var stor interesse for regionmøta om tømmerkaier i kystskogfylka også denne våren.

Regionøtet i Mandal vart gjennomført 16 mars. På møtet deltok representantar for skognæringa frå AT-skog og Neg skog. I tillegg var det representantar frå hamnene i Mandal , Lyngdal og Kvinesdal, Norsk Virkesmåling, transportmeglarfirma Norbroker, lokale skogbruksjefar, Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Vest Agder og Landbruksdirektoratet. Planer for ny havn i Strømsvika i Mandal vart presentert av ordførar Tore Askildsen. Det var også orienteringar om hamna i Lyngdal v/ havnesjef Jane Arnesen og om hamna i Kvinesdal v/ Geir Netland. Vidare orienterte Harald Thoresen frå Innovasjon Norge om mulegheiter for å bygge ei tømmerkai i tre og at det allereie er gjort eit stort utviklingsarbeid for å teikne/ konstruere ein slik kai. Men eit aktuelt utbyggingsprosjekt gjenstår. Det vart også gjeve innspel til tømmerkaiutbygging frå Nils Aakre i AT-skog og Lloyd Gundersen i Neg Skog. Begge uttrykte at tømmerkaier og ein god logistikk kring desse blir stadig viktigare også i Vest-Agder. Kåre Haugaas frå Norsk Virkesmåling orienterte om stadig aukande interesse for fotomåling av tømmer og kommentere at denne type måling kopla til tømmerkaier kanskje burde vurderast nærmare i ein del tilfeller. Som vanleg var Landbruksdirektoratet v/Torleif Terum til stades og orienterte om staten sine vilkår for å gi støtte til utbygging av tømmerkaier. Terum stilte også både i Kaupanger og Lenvik.

Regionmøte i Kaupanger var lagt til opninga av Kaupanger tømmerkai 23 mars. Representantar frå Eikefjord tømmerkai var godt representert og orienterte om planstatus. Kaisjef Gunvald Seljeseth understrka at alle planer og godkjenningar er på plass og at arbeidet med utbygging av Eikefjord tømmerkai kan starte straks finansieringa er på plass.
I etterkant av dette møtet har Høyanger kommune teke kontakt med skognæringa og underteikna for å få vurdert ei utbygging og eigarskap av ei kai i Vadheim. Dette er eit relativt stort prosjekt og utgreiingsarbeidet er starta. Likeeins er det kome forespørslar frå kommunar og skogeigarar på sørsida av Sognefjorden (Vik og Gulen) og frå Nordfjord (Gloppen) om å få vurdert tømmerkaisituasjonen.

Regionmøtet i Lenvik i Troms (15 april) var lagt til Finnsnes og deltakinga på kring 20 personar viste at interessa for skog og tømmertransport er stor i regionen. 

Imponerande engasjement bak Troms Treforedling
Lenvik er også nabokommunen til Sørreisa der tidlegare Troms Treforedleing var etablert.  Denne fabrikken som vart etablert i 1972, forbrukte årleg mellom 30-40 000 kubikkmeter bjørkevirke og var i drift til godt ut på 2000 talet. I ca. 20 år arbeidde lokale interesser i Troms for å få på beina denne fabrikken. Ja det er eit glimrande eksempel på at lokalt engasjement, investeringsvilje og framtidstru virkar. I dag er det m.a. smelteverket Finnfjord AS i Lenvik  som er lokal kjøpar av skogsvirke (flis) som dei nyttar i produksjonen av ferreosilisium (til stålproduksjon) og silica.  
Lenvik havn som ligg like ved smelteverket er også søkjar av statstilskot til tømmerkaier i 2015.

Troms er gode på bioenergi
Fylkesskogmester Brynjar Jørgensen gav på møtet i Lenvik ei fyldig og god orientering om skogbruket i Troms. Her kan du lese meir om det.
Tal frå Landskogtakseringa (2011) viser at tilveksten i lauvskogen (særleg bjørk) utgjer kring 75% av totaltilveksten, - grana ca 16 %. Og det står 12 millionar kubikkmeter hogstmoden lauvskog i Troms i dag, - med andre ord meir enn årleg hogst i heile landet. Jørgensen sa også at auka vegbygging er avgjerande for betre lønsemd såvel i lauvskogen som gran- og furuskogen.
Troms er gode på bioenergi. Jørgensen viste til 6 større flisfyringsanlegg (sjå reportasje her dagsett 22.04.15 om Nord-Troms Bioenergi AS i Nordreisa), 2 pelletsanlegg, 270 vedprodusentar og leveransar av flis til 2 smelteverk (Salten og Finnfjord).
Til slutt kommenterte Jørgensen Sintef-rapporten om tømmerkaiutbygging der kommunane Nordreisa, Kåfjord, Balsfjord og Sørreisa er prioriterte.

Det må investerast både i infrastruktur/ tømmerkaier og skogkultur
Ordførar Geir-Inge Sivertsen i Lenvik held eit svært engasjerande innlegg om kommunen, behovet for ein tømmerkai og ikkje minst såg han store mulegheiter i framtida for skognæringa. Men han meinte det måtte investerast sterkare både i skogkultur og infrastruktur.
Hamnesjef Arve Cruickshank orienterte om planane for utviding av bakarealet ved Lenvik Havn og kvifor det er søkt Landbruksdirektoratet om statleg støtte. Ei utbygging med statleg støtte vil først og fremst sikre skogeigarane i regionen rett til å bruke Lenvik Havn og bakarealet vil sikre ei god logistikkmessig omsetning av både tømmer og flis.

Turistane frå Hurtigruta set stor pris på tømmer i hamna i Stokmarknes
Frå Hadsel Havn i Nordland kunne hamnesjef Line A Jakobsen fortelje om planane for eit nytt hamneområde på Stokmarknes og eit sterkt ynskje om å invitere skognæringa med i samarbeidet. Og ho la til; "Tømmer på hamna i Stokmarknes er noko med det mest populære moderne turistar vil ha". Som aktør i turistnæringa og tidlegare sentral i Hurtigruta kunne Jacobsen engasjert fortelje om korleis den vanlege turist set pris på liv å røre i hamnene: "Fiskekassar og tømmer er noko alle set pris på, - både lukt, smak, hørsel og syn er inngangen til det grunleggjande i oss, det gjenkjennbare og samtidig det spesielle som vi alle søkjer etter når vi er ute å reiser" la hamnesjefen til.

Fleire hamner er aktuelle for utbygging i Vestreålen
Hans Benjaminsen er eigar av Risøyhamn i Nordland og er også søkjar av investeringstilskot til tømmerkaiutbygging. På møtet kom det fram at både Stokmarknes, Sortland og Risøyhamn har vore nytta som utskiping av tømmer og det er idag interesse i alle hamnene å tilrettelgge for tømmer. Det vil vere naturleg at Skognæringsforum i Nordland kan gi ein uttale til hamnestruktur for tømmeromsetning i Vestrålen før  ta ein tek endeleg standpunkt til kvar det bør investerast. 

Neg Skog sine erfaringar
Til slutt orienterte Finn Olav Dahl frå Neg Skog om sine erfaringar med tømmerkaier. Av ulike grunnar har Dahl prioritert mindre båtar (kring 1000 kubikkmeter) og det gjer det også muleg å nytte mindre tømmerkaier/ hamner. Dette er også i tråd med eit av konklusjonane i rapporten frå SINTEF. Store avstandar og mange fjordar i Nordland og Troms tilseier bruk av fleire "mindre" tømmerkaier.

Andre kaiprosjekt i Troms.
Skogbruksjef Gunnar Kvaal frå Balsfjord orienterte om planer for utbygging av Bergneset kai. Ein eventuell søknad vil kome etter at diverse planprosessar er gjennomførte. 
Likeeins er det planer om eit nytt hamneområde i Nordreisa. Statskog som er største skogeigaren i Nordreisa har uttrykt eit relativt stort behov for tilgang til tømmerkai. Også kommunen har stilt seg positive til at skogbruket kan få tilgang til det nye kaiområdet. Når pågåande reguleringsarbeid er gjennomført vil det bli starta eit arbeid kring finansiering av den nye hamna. Ein søknad til Landbruksdirektoratet om statsstøtte vil venteleg då bli fremja.