TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Toppturski av sitkagran

Toppturski av sitkagran

Den kjente designar og skimakar Endre Hals frå Oppdal introduserte i 2016 ei ny ski med sitkagran (Picea Sitchensis) som kjerne. Skia fekk namnet Allemansssretten og har fått mykje merksemd, også i sportsmagasinet Fri Flyt.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.03.2018

Endre Hals er hjernen bak skimerket EVI og held til på Oppdal i Sør-Trøndelag. I 2013 fekk Endre Norsk Forms pris til unge arkitekter og designere. I ettertid har han utvikla stadig nye skimodellar for kresne toppturentusiastar. I 2016 kom skia Allemanssretten med kjerne (bilde) av gammal sitkagran frå Fløyen i Bergen.
Alle foto: Helge Kårstad

Første toppturski i verda med sitkagran som kjerne
Namnet Allemanssretten fekk skia fordi dei kunne brukast på tur over alt der den norske allemannsretten gjeld fortel Endre Hals til sportsmagasinet Fri Flyt. - "Tidligere har vi laga mest ski for drevne skikøyrarar som for eksempel modellene Plassen, Fundamentalisme, Sunndalsfjella og Asphalt, men Allemannsretten tar utgangspunkt i ei mer allmenn brukargruppe: Ski til folket! Ja dette er den første veldig lette skia vår som har innsving under 20 meter radius» seier Hals.
Skia veg 1350 gram i lengde 178, og fins fra 163 til 193 centimeter. Midtbreidda er 93 millimeter, og i tillegg til trekjernen av sitkagran har Endre spandert på karbonfiber i åtte lag rundt kjernen.

Dei unike eigenskapane etter 80 år
Hals fortel til Kystskogbruket at produksjonen på Oppdal går svært godt. Når det gjeld sitkagran som kjerne i toppturski eignar den seg særleg godt fordi den er sterk, seig og lett. Endre legg til at det meste av trekjernar han nyttar «er både bra og dårlege, men sitkagrana har vist seg å vere veldig bra». Men det må vere kvistreint materiale og tette årringar. Desse eigenskapane utviklar sitkagrana frå ca. 80 år og oppover.

 
Endre Hals produserar ski etter ynskje, særleg toppturski men også alpinski. Underteikna fekk laga ei lett alpinski av sitkagran med glassfiber i 2015. Skia har deretter vore mykje nytta og er ei suveren ski i alpinbakkar som er preparerte etter nyleg snøfall, her frå Myrkdalen Alpinsenter og vist fram for fotografen av Mari Helene Kårstad.  

Flyproduksjon av siktagran la grunnlaget
Vi har tidlegare her på denne nettsida skrive om «The Wright brothers" som brukte sitkavirke i flykroppen istadenfor aluminium tidleg på 1900 talet. Sitkagran var mykje brukt heilt fram til 2. verdskrigen og mest kjent er kanskje bombeflyet "Havilland Mosquito Fighter". I litteraturen kan vi lese at dette flyet var raskare enn det meir kjente "Spitfire" og viste seg å bli eit av dei mest kostnadseffektive fly som nokon gong er bygd. Flyet kunne gå høgare enn noko anna fly. Det kunne bere stor last fordi det hadde liten eigenvekt og vedlikehaldet var også enklare. Alt sitkatømmeret til bruk i desse flykroppane kom frå "sitkazone" som går nordover langs Oregon-kysten og langt inn i Canada.
Dette var også mykje av grunnlaget for at norsk skogforsking (no NIBIO) frå 1960 meinte det var rett å plante sitkagran i Norge og heilt fram til i dag har kunne dokumentert gode resultat ved planting, produksjon og foredling av dette treslaget. Ja det er faktisk slik at den slår ut alle andre treslag til kommersiell bruk. Men det føreset at trea får vekse til dei er hogstmodne, gjerne 100-120 år gamle.

Frå Solberg Sag på Osterøy
Endre Hals fortel vidare at han hittil har kjøpt eigna virke frå Solberg Sag på Osterøy i Hordaland. Dette har vore tømmer som har vakse under Fløyen i Bergen og vart planta av Bergenske Skog- og Treplanteselskap på slutten av 1800 talet. Utfordringa hans no er å få kjøpt gammal nok sitkagran i Norge. Den må ha vakse i bestand og vere over 80 år gammal. Hals meiner det er underleg at sitkagrana er så upopulær og endå meir underleg at den blir hogge før den er utvokse og gir dei gode eigenskapane den er så kjent og ettertrakta for. Det er sjølvsagt mogeleg å kjøpe sitkavirke frå Canada, men det blir liksom ikkje rett. – «Vi er oppteken av å nytte ressursar i Norge, mest mogeleg kortreiste og miljøvenlege råstoff» avsluttar Endre Hals.

Sjå reportasjen på Fri Flyt her: https://www.friflyt.no/Ski/Toppturski-med-poebelkjerne
Sjå og nettsida til EVI ski v/ Endre Hals her : http://www.eviski.com/

Denne sitkagrana (proveniens Petersburg) var 83 år gammal då den vart hogge i Fana ved Bergen i 2015. Hans Nyeggen ved NIBIO (avd. Fana) fortel at på eit dekar stod det 190 kubikkmeter tømmer, om lag det 6-doble av det som er vanleg for gran (Picea Abies) i Norge. Og årleg løpande tilvekst ca 3,8 m3/da/år.
Hogsten og framkøyring vart utført av skogsentrepernør Arnfinnn Hagestuen (bilde) frå Gjøvik. – «Eg har aldri hogge så mykje flott tømmer nokon stad» sa Hagestuen.