TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Gav formuen til bygda si

Gav formuen til bygda si

Infanterikaptein Sverke Johannes Engelsen Baldersheim i Fusa testamenterte i 1958 heile sin formue med føremål å plante skog i bygda si. Han døydde i 1970 og Revnestrandens Skogplantingsfond vart då oppretta. Fondet har i ettertid skapt millionverdiar i kommunen og dugnadsjeler fører no arbeidet vidare.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.01.2018

F.v. Marta Marie Baldersheim Bakke og mannen Gunnar Bakke. Vidare skogeigarane Torbjørn Rusås og Sigmund Leitet.
Sverke var onkel til Marta. Ho fortel at Sverke var svært måtehalden, men når han hadde tru på noko så satsa han tungt. Det største tiltaket hans vart kanskje Revnestrandens Skogplantingsfond. I dag kan ein i alle fall stadfeste at det har gitt eventyrlege resultat.
Alle foto: Helge Kårstad

Vi møter skogeigarane Even Revne og Sigmund Leitet (bilete nr. 3 ovanfrå) ein skikkeleg vinterdag i Baldersheim. Begge har site i styret for Revnestrandens Skogplantingsfond i mange år og Even er for tida leiar. Dei fortel engasjert om Sverke som var fødd i 1878, vaks opp under enkle kår, fekk utdanning i militæret, dreiv med aksjeinvesteringar og etablerte m.a. Baldersheim Middelskule på Sydnes i Bergen kring århundreskiftet. I 1958 var Sverke blitt 80 år gammal. Han og kona Gustava hadde ingen arvingar, og testamenterte dette året heile formuen sin til bygda Baldersheim i Fusa. Med det var eit vilkår: Formuen skulle overdragast til eit fond ved sin død (eller kona om ho kom til å leve lenger). Fondet skulle heite Revnestrandens Skogplantingsfond og skulle nyttast til å plante skog og skape verdiar i bygda Baldersheim.

Bygda Balderheim i Fusa kommune idag. Revnestrandens Skogplantingsfond har gitt synlege resultat i "revnene" (dalane) som går austover frå bygda.

Ut av fattigdomen, det skal eg
Sverke var onkel til Marta Marie Baldersheim Bakke. Vi møter henne og mannen Gunnar i heimen i Baldersheim (bilete øverst) og dei fortel om ein kar med sterk vilje. Det var ingen rikdom på gardane i Baldersheim på slutten av 1800-talet. Marta hugsa godt at Sverke sa: - «Då eg drog frå Baldersheim som ung mann, hadde eg 5 kroner. Så eg bestemte meg då for at ut av fattigdom, det skulle eg». Og Sverke lukkast med det meste, også som aksjeinvestor. Han oppretta eigen Middelskule i Bergen der m.a. seinare skipsreiar Hilmar Reksten gjekk. I mange år budde Sverke i Oslo, men var saman med kona Gustava ofte heime og besøkte slekt og vener i Baldersheim.
Eg spør Marie kvifor Sverke ville satse så mykje på skogplanting? Ho trur noko av grunnen var at Sverke hadde reist mykje, og sett at grana treivst godt andre stader i landet. Og ho legg til: «Sverke var ein svært måtehalden mann som ikkje brukte 10-øringen på unødvendige ting. Men når han hadde trua på noko, satsa han for fullt. Å medverke til å reise landet etter krigen, trua på bygda og trongen for trevirke kan også ha vore drivkrafta hans».

Gav bort heile sin formue
Sverke skreiv testamente allereie i 1958, og vi tar med nokre sentrale punkt: «Av alt jeg etterlater meg opprettes et legat-Revenstrandens Skogplantingsfond».
Og vidare: «Revnestranden har store utmarkstrekninger som ligger brakk, bevokset med mose, lyng, einer og mindreverdig løvskog. Her kan det skapes store verdier ved rydding og planting av nåleskog – gran og furu. Med den voksende forståelse av kulturbeiter for husdyrene vil store arealer frigjøres for skogplanting og skogkultur i bygden. Midlene anvendes til igangsetting av arbeider med skogen etter legatstyrets initiativ, og/eller til bidrag til grunneiere som opptar rasjonell reising av skogen.
Og videre: «De første 10 - ti - år anvendes den hele avkastning på denne måte. Senere legges 20 - tyve-prosent av bruttoinntekten til den urørlige kapital. Når Revnestranden er tilplantet kan legatets disponible avkastning også brukes til samme formål i den øvrige del av kommunen etter legatstyrets vedtak»

Øverst: Skogeigarane Sigmund Leitet og Even Revne sit begge i styret for Revnestrandens Skogplantingsfond med Even som leiar. «Vi har fått mykje på eit gullfat av Sverke, vi føler det viktig å bruke denne store gåva på beste vis for skognæringa i bygda også i framtida» sier begge, her framfor den nybygde skogsbilvegen.
Nederst: Vegarbeidet på Revnestølsvegen SA var igang då vi besøkte Baldersheim hausten 2015. F.v. byggeleiar Magnar Selsvold og styreleiar Torbjørn Rusås i veganlegget, vidare vegplanleggjar Ove Frotvedt i FanAgro og Oddmund Gjerdevik hos anleggsentreprenør Sverre L. Orra.

Revnestrandens Skogplantingsfond
Den 6. april 1970 døydde Sverke som den siste av ekteparet. Allereie i august same året vart Revnestrandens Skogplantingsfond oppretta, med ein grunnkapital på 547 500 kroner og godkjent av Fusa herredstyre den 30. oktober 1970.
Testamentet hadde også definert kven om skulle sitje i fondsstyret frå starten; 2 personar frå søndre del av bygda, 2 personar frå nordre del av bygda og 2 personar frå kommunen (ordførar og skogplantingsjef)
I dag er Even Revne leiar i fondstyret. Med seg i styret har han Toralv Huse (nestleiar), Odd Tveit, Sigmund Leitet, Steinar Moen (pers.vara), Ronny Vidar Eikeland (pers.vara), ordførar Atle Kvåle og landbrukskonsulent Johan Bergerud.

Skapt verdiar for 200 millionar kroner
Even Revne fortel at fondet i dag har ein verdi kring 10 millionar kroner og gir god avkastning ved at pengane er plassert gunstig. Men sidan 1970 har avkastninga av fondet vore nytta til ei mengd investeringar. I bortimot tjue år var 6-9 personar heiltids tilsette av styret i fondet for å utføre skogrydding og skogplanting. I tillegg betalte fondet 50% tilskot til skogplantinga der også staten bidrog med dei resterande 50%.  Det betyr at Fusa kommune ikkje trong løyve pengar til skogplanting som dei fleste andre kommunar på Vestlandet. I Fusa hadde dei Revnestrandens Skogplantingsfond.
Og skogen har vokse godt i ettertid. Ein nyleg skogtakst syner at innan 20 år kan det hoggast tilsaman kring 200 000 kubikkmeter berre i Baldersheim. Om vi nyttar dagens gjennomsnittlege førstehandsverdi kring 300 kroner pr. kubikkmeter tømmer (jfr. Norsk Skogbruk sine oppdateringar av tømmerprisar) utgjer dette totalt 60 millionar kroner. Og legg vi til grunn at halvparten av dette kan omsetjast som skurtømmer til industri i fylket (eks. Moelven Granvin), kan vi rekne med ei total regional verdiskaping på minst 200 millionar kroner. Det er ikkje utan grunn at Sigmund Leitet sier at «fondet har medført ei eventyrleg verdiskaping for bygda». Vi legg gjerne til at det er både gledeleg og godt gjort at også sjølve fondet har ei god, sunn og rentabel utvikling.

Har planta ein million skogplanter
Ein av skogplantarane frå den tida heiter Harry Åsvang. Han fortel at han planta og rydda skog, og var tilsett i fondet i 17 år. Styret var arbeidsgjevar, og det var aldri noko tull. Det er imponerande at styret utførte denne jobben som arbeidsgjevar for mange tilsette fullt og heilt på dugnad. Ein dugnad for å få opp skog og skape verdiar i bygda for ein gong i framtida, ja om 60 år. Sjølv har Harry planta kring 1 million planter. Årleg planta han kring 70 000 planter. Om vinteren rydda dei skog, vår, sommar og haust planta dei. Åsvang rosar tidlegare (og no avdøde) skogreisingsleiar Tor Erik Steinsletten som i mange år gjorde ein særdeles stor innsats for at fondet skulle bli godt og riktig nytta.

I desse dagar blir det vurdert om det skal setjast igang planarbeid for ein ny fleirbrukskai i Baldersheim, m. a. må status på kommunale arealplanar først avklarast. F.v. Ove Frotvedt i planfirmaet FanAgro, skogeigarane Torbjørn Rusås og Magnar Selsvold.

Eldsjeler vidarefører visjonane til Sverke
Even Revne og Sigmund Leitet fortel i dag om planer for framtida. Det er viktig for dei at dette arbeidet går vidare i Sverke si ånd og samtidig medverkar til arbeid og verdiskaping i bygda. Planting av ny skog og forsikring av skogen er tiltak som fondet fortsatt støttar. Siste åra er skogsvegbygging vorte sentralt. Nyleg er det bygd ein 5 kilometer lang skogsbilveg og nye planar ventar. Her går fondet inn med inntil 50% tilskot, og dette kjem altså i tillegg til eit eventuelt statstilskot. Ein periode vart det gjeve tilskot til skogvegar i heile kommunen, men dette er no (og i tråd med vedtektene) trekt tilbake til å berre å gjelde bygda Baldersheim. Grunnen er stor trong for vegbygging i bygda. Dei har også forskuttert opprusting av ein kommuneveg.
Men endå større planar ventar: Even og Sigmund presiserar at dette knapt er offentleg enno. Men dei har vurdert om det bør setjast i gang planarbeid for ein fleirbrukskai i bygda der også tømmer vil vere sentralt. Dårlege offentlege vegar ut frå bygda tilseier at sjøtransport kan vere gunstig. «Vi har fått mykje på eit gullfat av Sverke, vi føler det viktig å bruke denne store gåva på beste vis for skognæringa i bygda også i framtida» avsluttar dei to.

Den nye skogsbilvegen opnar landskapet for både bygdefolk og tilreisande. Utsikta over Bjørnefjorden i solnedgang synleggjer på eit vis Sverke sin store visjon om ei betre og lysare framtid for ei lokal verdiskaping tufta på naturressursane.