TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Har varma opp kommunen i 5 år

Har varma opp kommunen i 5 år

Nord-Troms Bioenergi AS leverar varme frå skogsvirke til helsesenter, kultursenter, omsorgsenter, skule og symjehall i Nordreisa kommune. Det heile er basert på lokalt råstoff frå skogen fortel entusiast og leiar i selskapet Torstein Nygård.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.04.2015

Øverst: F.v. Torstein Nygård, dagleg leiar i Nord-Troms Bioenergi AS, Elisabeth Torstad, skogbruksjef i Nord-Troms og Brynjar Jørgensen, fylkesskogmester i Troms.
Under: Nord-Troms Bioenergi AS har også investert i moderne lager som sikrar at flisa held seg tørr.
Alle foto: Helge Kårstad

Den 26.11.09 vart føste lass med flis fylt i anlegget i Nordreisa og målsetjinga den gongen var å varme opp Sonjatun helsesenter, inkludert Sonjatun Bo- og kultursenter og Sonjatun Omsorgsenter, vidare Storslett skule og symjehallen, - totalt areal bortimot 20 dekar. Når det gjeld helsesenteret inkluderar dette også oppvarming av vatn, - dette krev mykje energi og i sterke kuldeperiodar må det det såleis supplerast noko med strøm. "Bakgrunnen for denne satsinga var ein ide som kom fram under årsmøtet til Nordreisa Skogeigarlag i 2006. Entusiasmen i starten var svært, ja interesse for å teikna aksjar i selskapet Nord-Troms Bioenergi var over all forventning utover sommaren 2009" fortel Nygård. 

Kortreist råstoff frå skogen
Og nettopp denne interressa kom frå lokalt hald. For heile konseptet var også basert på at lokale skogeigarar, hovudsakleg frå Nordreisa skulle levere råstoffet. Dette gjeld fortsatt og årleg blir det hogge kring 1500 kubikkmeter skogsvirke (hovudsakleg bjørk og or) til anlegget. "Låg el-pris fører til at også vi må redusere prisen og dette er ei utfordring. Kort transport er eit verkemiddel for å få ned kostnaden. Det er også viktig å oppgå ein god logistikk. Dette har m.a medført at selskapet i dag også inngår avtalar med skogeeigarane og leigar deretter inn entreprenør til hogsten" seier Nygård.
"I grunn er det ein føremon å ha mest mogeleg kontroll i heile verdikjeden" legg Nygård til.

Mykje lauvskog i Troms og stort behov for skogsvegar
Fylkesskogmester Brynjar Jørgensen fortel at Troms er eit lauvskogfylke.
Ifølgje landskogtakseringa (2011) er det kring 23 mill m3 hogstmoden lauvskog i fylket. Tilveksten i lauvskogen er likevel relativt låg, kring 320 000 m3 årlig. "Og skal ein få rasjonelt utnytta ein større del av lauvskogen enn i dag er det nødvendig med utbygging av skogsvegnettet. Og mesteparten av lauvskogen som blir hogge blir forynga naturleg ved stubbeskot eller fra frø"  avsluttar Jørgensen.

Vi ser dei ikkje på Dagsnytt Atten
Vi registrerar eit stort engasjement og entusiasme kring det faktum at lokale folk som her i Nordreisa fyrer opp sentrale funksjonar i kommunen. Og det heile basert på fornybart lokalt skogsvirke. Dette er personar som Torstein Nygård, personar som også legg ned mykje frivilleg arbeid i ei sak som dei har botnlaus tru på. Samtidig er desse dei utøvande frontkjemparar for det som kjem fram i stortingsmeldingar og rapportar om klima på jorda. Desse personane ser vi ikkje så ofte på Dagsnytt Atten, - desse handlar og held ut om børsen går både opp og ned. Det er desse som gir oss andre tru på skognæringa !

Fleire har satsa på skogen som varmekjelde i Troms. Dette bildet er frå Allskog sin flisterminal på Brennmoen i Balsfjord som m.a. leverar flis til oppvarming av universitetsjukehuset i Tromsø.
Foto: Helge Kårstad