TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Det er heilt sinnsjukt rått

Det er heilt sinnsjukt rått

Sunnfjord Skog AS satsar 7 millionar kroner og investerar i ny hogstmaskin og lassberar. "Den er så kraftig, det er heilt sinnsjukt rått" seier dagleg leiar Martin Braanaas Kleppe.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 08.04.2015

Øverst: Innkøyring av ny hogstmaskin til Sunnfjord Skog AS. Til høgre dagleg leiar Martin Braanaas Kleppe frå Førde. Til venstre skogeigar Pål Anders Kårstad med sonen Henrik.
Nederst: Hogst av Abies Nobilis (nobeledelgran) med Ponsse hogstmaskin i Bygstad i går.

Martin Braanaas Kleppe og Tarje Sjursæther Kusslid starta hogstentreprenør firmaet Sunnfjord Skog i 2012.
"Det heile starta med opprydding etter orkanen Dagmar" seier Martin. Dette førte til svært mange oppdrag og etter dette har det berre auka. Fjoråret gav gode resultat og dette er noko av grunnen til at desse unge karane satsar så frisk og investerar i ny hogstmassin (finske Ponsse) og lassberar. Firmaet har avtale med Sogn og Fjordane Skogeigarlag og målsetjinga er 30 000 kubikkmeter første året. Dei set si lit til at den stadig aukande hogstmodne skogen etter skogreisinga må hoggast.

Innkøyring denne veka
Første drifta gjekk denne veka i furuskog, - deretter eit felt med edelgran og produksjonen passerte allereie i innkøyringa 200 kubikkmeter pr. dag eller kring 25 kubikkmeter i timen. Hogstmaskina veg 22 tonn fordelt på heile 8 hjul og marktrykket blir relativt lågt. Saman med eit kraftig hogstaggregat skulle utstyret vere godt eigna til vestlandskogen. "Det er heitl sinnsjukt rått, - den har så mykje kraft" avsluttar Brannaas Kleppe.

Sjå video her: http://www.firda.no/tv/3-D93716DF.html