TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Fylte Knaken kafe

Fylte Knaken kafe

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opna Kaupanger tømmerkai denne veka. Knapt nokon gong har så mykje skoginteresserte folk vore samla på ein tømmerkai. Under matgilde og føredraga på Knaken kafe etter opninga var det ikkje ein ledig stol.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.03.2015

Øverst: Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug minuttar før ho offiselt opnar nye Kaupanger tømmerkai med ei nyslipa og skarp øks.
Nederst: Administrerande direktør Carsten Doehring i ILIM Nordic Timber heldt eit svært interessant føredrag om vestladsvirket sett i ein europeisk tømmermarknad. Forbetra logistikk og gode hamner/ tømmerkaier er sentalt for både selgar og kjøpar av tømmer i framtida sa Doehring. 
Alle foto: Helge Kårstad

Bortimot 100 menneske fekk oppleve ei postitiv og visjonær Sylvi Listhaug under opninga av nye Kaupanger tømmerkai mandag 23. mars.
Listhaug understreka igjen at denne regjeringa vil satse på skogbruket. Og ho framheva særleg skogsbilvegar og tømmerkaiar, men i føredraget på Knaken kafe kom ho også inn på at skogforskinga blir stadig viktigare framover.

Kortreist Baccalao på Knaken Kafe
Etter kortreist baccalao frå Kristoffer Knagenhjelm sin særeigne Knaken kafe var det duka for 4 svært interessante føredrag. Landbruks- og matminster Sylvi Listhaug sa i sitt føredrag at den store satsinga på skogreising og skogbruk langs kysten etter kvart gir gode utslag på sysselsetjinga. Ho viste til at det siste året er det oppretta 26 nye arbeidsplassar i skogbruket i Sogn og Fjordane. Og ho fekk rask respons. Ove Frotvedt frå planfirmaet FanAgro i Hordaland sa i ein kommentar etter føredraget at den nye regjeringa hadde dobla satsinga på skogsvegar og fekk med forsamlinga i ein applaus for ministeren.
Vi fekk deretter eit innblikk i eit av verdas største sagbruk; ILIM Nordic Timber i Wismar. Dette sagbruket har kjøpt tømmer frå Vestlandet i svært mange år. Dagleg leirar Carsten Doehring understreka betydninga av tilgang til kai, ein efektiv sjøtransport med gode hamner. "Dette er eit føretrinn både for leverandør og kjøpar av skogsvirke" sa Doehring.
Carsten Myrebøe frå Treteknisk Institutt snakka om "Moglegheitstudiet for treforbrukande industri i Sogn og Fjordane". Lars Storslett frå Moelven avslutta faginnslaga under tittelen: " Vestlandsvirket som del av strategi for norsk trelastindustri".

Lydar frå utmarka
Folkemusikar Judith Vestrheim overraska skogfolket til slutt med kulokktonar frå Sogn, - og ho la til: "Dette er arbeidarsongar frå stølslivet, - kjente lydar i utnmarka der me i dag høyrer motorsagdur". Og medan ettemiddagssola stakk gjennom skyene drog kvar enkelt deltakar på heimreise med ein god porsjon optimisme for denne grønaste næringa me kjenner til. 

Nokre av mediaoppslaga:
 
NRK, Vestlandsrevyen:
http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/DKHO99032315/23-03-2015#t=8m2s
 
Norges Skogeierforbund:
http://magasinet.skog.no/artikkel.cfm?Id_art=672

Norskog:
http://www.skoginfo.no/artikkel.cfm?id=3332

Landbruks- og matdepartementet:
https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/skognaringen-vokser-pa-vestlandet/id2402375/

 
Øverst: Ein fullsett Knaken kafe.
Nederst: Folkemusikar Judith Vestrheim overraska forsamlinga med lydar frå utmarka og skogen.
Alle foto: Helge Kårstad