Vil ha tømmerkai i Vest-Agder
Det første regionmøtet for tømmerkaier i kystskogfylka vart arrangert i Mandal i går. Skognæringa i Vest-Agder understreka at den miljøvenlege sjøtransporten av tømmer blir stadig viktigare og det trengs relativt tunge investeringar framover.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.03.2015
![]() |
Øverst: Frå Elvesalen i Buen kulturhus i Mandal i går. Torleif Terum frå Landbruksdirektoratet orienterar om staten sine vilkår for å søkje om investeringstilskot til tømmerkaiutbygging. Nederst: Ordførar Tore Askildsen orienterte om planane (skissa under) for ei nytt hamneområde i Strømsvika i Mandal. |
![]() |
Ordførar Tore Askildsen yngste velkommen til kaimøte i "Elvesalen" i Buen kulturhus i Mandal i går. Gledeleg var det då at heile skognæringa i fylket var til stades, m.a. representert ved AT-skog og Neg skog.
I tillegg stilte skogfolk frå fleire kommunar, fylkesmann og ikkje minst representantar for hamnene i Mandal, Lyndal og Kvinesdal. Norsk Virkesemåling var også representert, vidare Innovasjon Norge (Tre og Samferdsel), transportmeglarfirmaet Norbroker og Landbruksdirektoratet.
Miljøvenlege transportårer
Mandal havn er også ei relativt stor tømmerhamn og ordføraren streka under at planer for eit nytt havneområde i Strømsvika i Mandal vi gi skogbruket gode vilkår og ikkje minst vil omsynet til meir miljøvenlege transportårar gjennom byen telje stort for ei felles satsing i Strømsvika. Skognæringa (skognæringsforumet i fylket) vil no setje seg saman med kommunane for å finne fram til dei beste framtidige tømmerkaiterminalane i fylket.
På møtet vart det også streka under at tømmerkaiutbygging er ei viktig politisk sak og at ein i felleskap må få fram dei beste løysingane for regionen.